Dag og Tid nr. 9, laurdag 28. februar 2004
Roald Helgheim:
Den utydelege lojaliteten
Den tidlegare viseforsvarsministeren i USA Richard Perle meiner kritikken mot dei nykonservative i Washington har ein undertone av jødehat. Det sa han også til norsk presse då han for tre veker sidan snakka for internasjonale oljetoppar på Sanderstølen. Han er kjend som ein av leiarane for dei nykonservative i og rundt regjeringa til Bush, og seier til Dagbladet at «påstanden om vår innflytelse har antatt mytiske proporsjoner. Det er rent tøv. Og det har anstrøk av antisemittisme når kritikere hevder at nykonservative amerikanere som også er jøder, har en skjult agenda, doble lojaliteter og først og fremst tenker på Israels sikkerhet.»
Diskusjonen om Israelkritikk og antisemittisme dukkar ofte opp. Skuldingar om at jødar verda over har ein «dobbel agenda», har historisk visseleg vore ein del av eit antisemittisk vokabular. At jødane styrer både i Washington og verda er den nye trua til høgreekstremistiske, nazi-infiserte militante organisasjonar i USA som vil forsvare seg mot det dei kallar The Zionist Occupied Government (ZOG) i Washington. Ein av dei som sverma for ei slik ekstremistgruppe, var Oklahoma-bombaren Timothy McVeigh. Historia viser at vi må vakte våre ord. Men det er ikkje noko argument mot å skrive at namngitte personar med jødisk bakgrunn har sterke posisjonar i amerikansk politikk. Gamle radikalarar med fortid i trotskist-organisasjonar har også blitt nye politiske haukar, til dømes i tenkjeboksen «The Project for a New American Century». Og ein del av den pro-israelske kristne retorikken er stadig at jødane er «det
utvalde folket».
Med dette i minnet treng vi ikkje vike unna for politisk kritikk av nokon, aller minst av den politikken Israel fører. Når det gjeld Richard Perles agenda, gjekk han i fjor av som leiar for den rådgjevande komiteen i departementet til Donald Rumsfeld, på grunn av ein godt lønna avtale Perle har med selskapet Global Crossing. Til Perles tidlegare meritt høyrer at han har vore direktør for Jerusalem Post, konsulent for israelske våpenfabrikantar, medlem av rådet til The Jewish Institute for National Security Affairs, og ein av medutgivarane til skriftet «A New Strategy for Defending the Realm», til bruk for den tidlegare israelske statsminister Benjamin Netanyahu når han skulle øydeleggje fredsprosessen.
Kva agenda Perle sjølv har, skriv han høgt og klart om i boka An End to Evil: How to Win the War on Terror. Medforfattar er David Frum, men som Jonathan Powers i ein omtale av boka skriv i New York Review of Books, er det den mest tale- og skriveføre Perle som har styrt pennen. Frums største bidrag til politisk retorikk er å vere mannen bak uttrykket «vondskapens akse». Ærendet til boka er korleis gjere ende på all vondskapen, og om det irakiske eventyret ikkje har gått etter oppskrifta, avviser Perle all blautaktig kritikk med at «vi» ikkje berre må gå vidare mot resten av vondskapsaksen, Iran og Nord-Korea, men både Syria, Libya og Saudi-Arabia ventar, «og vi har ikkje mykje
tid».
Richard Perle likar å kalle seg hardliner. Viktige harde læreår fekk han då han i 1969 gjekk inn i staben til senator Henry Jackson, ein hauk av ein demokrat som var djup motstandar av avspenning andsynes Sovjet. Han ivra for meir atomkappløp, for krigen mot kommunismen i Vietnam, og var aktiv i å presse Sovjet til at jødane fritt kunne emigrere til Israel. Nær ein fjerdedel av israelarane i dag er tidlegare russiske jødar.
Kor mykje dei 11 åra med Jackson har hatt å seie for Perle, skriv han ikkje om, men forakten for «the soft-liners» er intakt. I The Wall Street skreiv Perle og Frum nyleg at det er «the soft-liners» som er drivne av ein ideologi som overser eller nektar for openberre fakta og kjem med ubrukelege løysingar. «It is the hard-liners who are the realists, the pragmatists». Han har klokkartru på at demokrati og sjølvstende vil sigre i Irak, men kva er det som får han tru at USA over natta kan gjere noko i eit Irak med si blodige historie som dei enno ikkje har greidd å gjere for Israel og palestinarane, spør Powers. Det er her Perle viser at om han ikkje har ein dobbel agenda, så har han ein dobbel
moral. Den fridommen han vil velsigne resten av regionen med, gjeld ikkje for alle. Striden mellom Israel og Palestina er ikkje ein kamp av det slaget som elles står mellom islamisme og demokrati, men resultat av eit underliggjande kulturelt uføre (malaise) i arabarverda. Har det ingenting å gjere med åra av israelsk okkupasjon? Nei, å vere med på å lage ein ny arabisk stat i området vil vere å skape «eit palestinsk Sør-Vietnam»! Det ville vere bra med ein fredeleg, open og demokratisk palestinsk stat, vedgår Richard Perle, men det vil aldri gå bra!
Nei, det vil aldri gå bra, slik det ikkje vil gå bra i Irak heller. Eller som Jonathan Powers, forfattar av mange bøker om amerikansk politikk, konkluderer:
«Det er min spådom at USA vil insistere på retten til å ha basar i Irak, til å forsyne, utvide eller innsnevre etter eigen vilje, og til å gjennomføre militære operasjonar innanfor Irak, eller mot tredjeland frå Irak, utan å be om løyve frå styret i landet. Alt anna ville vere mangel på realisme.»
|