Dag og Tid nr. 9, laurdag 28. februar 2004


Kronikk:
Radikal konservatisme?
«Det radikale Høgre» var hovudoppslaget i Dag og Tid 7. februar. Overskrifta var heimla i professor Bernt Hagtvet om at Høgre i sin ekstreme nyliberalisme er det mest radikale partiet i Noreg. Dette har fått Pål H. Bakka til å reflektera over konservatismens vesen.

Konservatismen er ein umåteleg banal ideologi. Han er, som det vart sagt på grunnkursa i Unge Høgre på 1970-talet, ingen ideologi i det heile. Vi hadde ingen Marx, inga Lita Raud Bok. Fader Burke hadde ingen andre råd å gje enn «endra for å verna». Sjur Lindebrækkes Veien Videre var ikkje anna enn store og sjølvsagde ord om «konservativ fremskrittspolitikk» og «tillit til enkeltmennesket». Kort sagt: Konservatismen gav ingen konkrete svar og var difor heller ikkje noko å tru på. Det einaste slagordet som kveikte oss var «Nei til formyndarstaten» fordi «Meir makt til staten gjev ikkje deg meir makt».

Det ideologiske innhaldet i Høgrebølgjekonservatismen var altså, om ein vil, «liberalt». Rett nok med front både mot sosialliberalismen – som var forsvarsfiendtleg – og libertarianismen hos Anders Lange – som var umenneskeleg.

Det konservative utgangspunktet er at verda er som ho er. Konservativ filosofisk antropologi er djupt pessimistisk. Dårskapen rår. Den einaste vona for verda er at mennesket handlar i opplyst eigeninteresse. Med vekta på opplyst. Men opplysing er eit resultat av oppseding. Det frie og like individet med sine medfødde og umisstelege rettar vert berre eit gagns menneske gjennom beinhard disiplinering. Effektiv disiplinering krev kontinuitet. Og dersom kunnskap skal styra må kunnskapen ha makt. Opplysing føreset verdihierarki: Eintydige reglar for at noko er betre enn noko anna. Og kompetansehierarki: At nokon kjenner denne skilnaden betre enn andre. Det gode samfunn krev autoritetshierarki. Kontinuitet krev respekt for tradisjonen, som er limet som bind individa saman til samfunn.

Konservatismen har inga framstegstru. Vel er endring ein permanent tilstand i samfunnet. Institusjonar skiftar ham. Ny teknologi kjem og går. Men mennesket er og vert det same. Alle handlingar har uintenderte konsekvensar. Nokre gode, som at mennesket i sitt egoistiske og opportunistiske strev etter å gjera noko med livet sitt gjer det gode. Og nokre vonde, som at same mennesket i strevet mot det same målet gjer det vonde. Essensen i konservatismen er den konsekvente ansvarsetikken som spring ut av denne erkjenninga. Ansvarsetikken er keisam, varsam og meir oppteken av farane ved handling enn fruktene. Den konservative går med ryggen inn i framtida for å sjå kor han kjem frå. Ikkje heroisk kan henda, men betre enn å gå i blinde slik radikalaren gjer. For einaste måten å koma ut or grøfta på er å ryggja. Før eller sidan vil dei uintenderte konsekvensane av handlingar tårna seg opp så ein må styra unna. Vegen mot det gode samfunnet er ein vestlandsveg.

Hagtvet kan godt kalla Høgre sin politikk for nyliberal. Det var han under Willoch òg. Eg vil kalla han for tradisjonell høgrepolitikk. Det eine auga er klistra til budsjettbalansen inneverande år, det andre til budsjettbalansen om ti år. Innan desse rammene skal folk kunna leva eit nokolunde godt liv i nøgd, dygd og plikt.

«Marknadsliberalismen» er eit naudsynt korrektiv til den sosialdemokratiske normaliteten – som var tufta på føresetnaden om evig aukande økonomisk vekst som gjorde det mogeleg å ta ut velferdsgode på forskot. Øverland hadde rett då han skreiv at «rik er den som tar sitt brød på borg». Aristokraten som lever på andres arbeid tek alt på kreditt. Vi andre «må telle våre penger». Å leva på borg er moralsk forkasteleg – sjølv om dei som hevdar at det går, har fått Nobelprisar i økonomi. Krisa i Folketrygda er det beste dømet vi har på dette. Moralsk så vel som økonomisk. «Gjer di plikt, krev din rett» er blitt til «eg har rett på det eg krev». La framtida syta for seg berre dei betalar meg. Og tilsvarande eit skuleeksempel på uintenderte konsekvensar av handling. Når føresetnaden om evig vekst kverv i skoddeheimen, fell Gerhardsens lovnad om sutlaus tryggleik i grus. I sitt misbruk av folks voner om ei betre framtid viste den demokratiske sosialismen å bera i seg den same vondskapen som den faktisk eksisterande.

Marknaden er kan henda ein suspekt politisk økonomi. Men koplinga av yting og nyting gjer han til ein framifrå moralsk økonomi. Han disiplinerer samstundes som han gjev valfridom og fordrar den personlege ansvarsetikken det gode samfunnet krev. Han er også, i motsetnad til all planøkonomi, berekraftig. Marknadsøkonomien er ikkje nok til å skapa det gode samfunnet, men utan marknadsøkonomien er det gode samfunnet umogeleg.

Konservatismen har ein visjon om det gode samfunn. Det er her og no – i den grad samfunnsordninga stettar kravet til at den opplyste eigennytten er jamstelt den opplyste fellesnytten. Dette er ein umogeleg visjon, så det beste vi kan vona på er eit samfunn der institusjonane, dei politiske og økonomiske så vel som dei sosiale, ikkje maktstel individet og hindrar det i å aktualisera sin fridom som gagns menneske. Konservativ politikk er heile tida å endra institusjonane, måten ting vert gjort på, på ein måte som fremjar dette. Ein slik politikk kan godt vera «radikal» i den forstand at han bryt med den nære fortida sin måte å gjera tinga på. Ei naudsynt handling er ofte brutal. Men bråbremsing er betre enn frontkollisjon.
Pål H. Bakka, statsvitar

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |