Dag og Tid nr. 9, laurdag 28. februar 2004


Ivar Bakke:
«Fremad og aldri glemme»
Kva er det som utgjer identiteten til eit menneske eller eit folk? Minnet om det som ein gong var, i fyrste rekkje. Difor er det så viktig for alle som vil forme identiteten til andre å ha kontroll med kva som vert hugsa, og kva ein lyt gløyme. Kva vil det seie å vere polsk, spurde eg eit par ungdomar som besøkte meg for snart 20 år sidan. Det er det kollektive minnet om kva som eigentleg skjedde: Vi polakkar har ikkje gløymt at Stalin og Hitler delte Polen mellom seg, vi hugsar kva som skjedde i Kathyn-skogen, vi gløymer ikkje korleis det spede demokratiet etter krigen vart svike av Stalins handlangarar, eller dei modige dissidentane som rotna bakom gittera. Dette er den eigentlege, Sanne Historia.

Ja visst. Og hadde eg spurt ein russar om det same, hadde han kanskje sveipa innom dei om lag 250.000 polakkane som tok del i Hitlers armear og kva dei gjorde mot sine nabofolk. Og dei mange russarane som måtte late livet for å knuse fascismen. Men snakkar ein med etterkomarane åt dei tysk-ætta polakkane som vart drivne frå hus og heim, så hadde nok samtalen streifa det dei overlevande hadde fortalt om redsler og overgrep – «men slikt får ein ikkje lov å nemna», heiter det gjerne då. Alle har sitt å hugse, sitt å hemne. Og dei av oss som har moralsk fantasi til å identifisere seg med offera for denne uretten, dei vil kjenne ei moralsk plikt til ikkje å la nokon av desse vanlagnadene verte gløymde. «Vi har ikkje lov å gløyme», vert det sagt. Eg tilhøyrer sjølv ei venstreside som har tradert dette synet – historie som lærestykke, urett som personleg ansvar. Det kjem kanskje av at eg har vakse opp i ein fredfylt krok av verda og historia, eit land der menneskeleg fornedring og massiv vald i omdømet til folk stadig har eit preg av avvik, abnormitet, skandale. Å bevisst stengje av for desse lagnadene kjennest framleis som eit svik.

Men eg har i det siste tenkt mykje på det velsigna og beint fram nødvendige ved gløymsle. Katalogane over brotsverk kan ikkje vere stadig present i det kollektive medvitet dersom til dømes ein ny generasjon tyske, russiske og polske grannar skal kunne makte å leve saman i dag. Vekta av alt det fryktelege som har skjedd den siste menneskealderen trugar med å få dagens samhandling, venskap og tillit til å stivne i ein avvisande grimase.

Susan Sontag skreiv i sitt essay «Regarding the pain of others»: «Kanskje tillegg ein erindringa for mykje verdi, og refleksjonen for liten. Å hugse er ei etisk handling, det har i seg sjølv ein etisk verdi. Det synest som om hjarteløyse og gløymsle høyrer saman. Når det derimot gjeld å hugse den kollektive historia som strekkjer seg over eit lengre tidsspenn, vert signala motsetningsfulle. Det er ganske enkelt for mykje urett i verda. Og for mykje erindring (av gamal urett mot til dømes serbarar og irar) gjer berre bitter. Å slutte fred tyder å gløyme. Forsoning krev at ein innskrenkar og omdannar minnet. Når det gjeld å skape eit rom der menneske kan halde ut å leva sitt eige liv, er det ønskjeleg å forandre minnet som listar opp bestemte hendingar av urett til eit meir alminneleg medvit om at menneske overalt i verda kan gjere skrekkelege ting mot kvarandre. [..]

Den som stadig let seg overraska over menneskeleg vondskap, den som alltid reagerer med sjokkert vonbrot (eller vantru) når han ser eller høyrer kva slags brutalitet menneske kan gjere mot kvarandre, han eller ho er enno ikkje vorten psykologisk eller moralsk vaksen».

Sontag meiner denne mørke kunnskapen om normale menneskes potensial til det vonde bør verte noko vi ikkje berre veit om, men også reknar med. Pressebilete frå all verdas krigsskodeplassar kan vi ikkje skjerma oss frå:

«Lat oss verte heimsøkte av desse brutale bileta. Også når dei berre er markeringar av ei større røynd som dei slett ikkje maktar å framsyne, har dei ein viktig funksjon.

Bileta seier: Mennesket er i stand til å gjere dette mot andre – kanskje til og med frivillig, begeistra, sjølvrettferdig. Ikkje gløym det. Dette er ikkje nett det same som når ein krev av folk at dei skal hugse eit bestemt og særskild frykteleg utbrot av menneskeleg vondskap («aldri gløyme»).

Det er bra at det framleis finst journalistar og intellektuelle som har til levebrød å appellere til folks medvit ved å dra merksemda mot aktuell eller gamal urett. Men medkjensla – som fyrst set det moralske ansvaret i rørsle – er ei flyktig kjensle. Ho må kunne omsetjast i handling, elles vert ho avstumpa, kynisk, – eller uforpliktande sentimental. Dei av oss som framleis i ein viss mon «tek verdas vondskap personleg» og vil ta del som medborgarar i ein offentleg samtale, vi bør ikkje moralisere alt for krast over likesæla åt tilhøyrarane. Og alltid bør vi spørje oss: Kva meiner vi mottakaren skal gjere med den vissa og dei kjenslene vi ønskjer å kommunisere? I kva slag samanheng vert dei sette inn i, og kva slags handlingsimperativ vert formidla? Det varierer sjølvsagt kva slag alternativ som er for handa – og om mottakaren i det heile kan influere på det han ser og høyrer. Det er vel her refleksjonen kjem inn. Utan den er all verdas kunnskap om menneskeleg elende lite verd.
Ivar Bakke

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |