Dag og Tid nr. 9, laurdag 28. februar 2004
«Kysten inn i EU»:
Vi må skaffe oss nokre fiskarar
Senterpartimann Ronald Rindestu står i spissen for Kysten inn i EU-nettverket. Initiativet kjem frå oppdrettsnæringa, og ikkje éin fiskar er med. Men Rindestu meiner likevel EU-medlemskap er best for kysten som heilskap.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Det var ei stor nyheit da kampanjenettverket Kysten inn i EU presenterte seg for media i Tromsø 19. januar. Og det som meir enn noko anna gjorde initiativet oppsiktsvekkjande, var frontfiguren: Ronald Rindestu, Senterparti-veteran og fylkesordførar i Troms. Frå partifellar og andre nei-folk har Rindestu fått beinhard kritikk, ikkje minst fordi han ikkje sa frå om meiningsskiftet sitt før valet i fjor haust. Men kva fekk han til å skifte syn?
Det handlar om mange ting, mellom anna interessene til nordområda og freds- og demokratiarbeid i Europa. Men omsynet til kystnæringane har vore spesielt viktig, og ei av dei viktigaste er havbruk. Næringa står i fare for å stagnere på grunn av toll og dumpinganklagar, seier Rindestu.
Kven tok det første initiativet til Kysten inn i EU?
Havbruksnæringa har vore ein pådrivar for å få reist denne debatten. Men det er òg mange andre som ønskjer ein open debatt om kysten og EU. Kvar gong EU-diskusjonen har blitt reist, har både ja- og nei-sida gått i dei gamle skyttargravene.
Men Kysten inn i EU har òg konklusjonen sin klar allereie?
Ja, det stemmer, som namnet vårt seier. Men vi ønskjer ein open og fordomsfri debatt.
Namnet tyder på at de vil tale på vegner av heile kysten. Men det er ikkje nokon folkeleg masseorganisasjon, dette?
Nei, det har aldri vore tanken. Dette er menneske som representerer kysten på ulikt vis, og som ønskjer å få fram kysten sine interesser i EU-medlemskap.
Kysten inn i EU er eit elitenettverk?
Nei, det synest eg slett ikkje. Men deltaking i nettverket føreset ein del kompetanse og erfaring i det offentlege rommet.
Kvifor er namn som Gunhild Øyangen og Yngve Hågensen med på medlemslista dykkar? Er dei typiske kystrepresentantar?
Øyangen har hatt mykje med kysten å gjere i virket sitt som politikar. Og som LO-leiar hadde Hågensen mykje med kysten å gjere, sidan LO organiserer mange medlemmer i viktige bedrifter på kysten.
Finansieringa dykkar kjem frå NHO. Kvifor det?
Vi har vendt oss til NHO for grunnfinansiering. NHO organiserer mange små og mellomstore bedrifter på kysten. Men andre organisasjonar har òg sagt ja til å bidra.
EU bra for busetjing
Det er særleg omsynet til næringsverksema som gjer EU-medlemskap så bra for kysten, meiner Rindestu.
Noreg er ein stor eksportør av sjømat, og EU er den største marknaden vår. Oppdrett utgjer kring halvparten av dette, og det er ei veksande næring som er viktig for å halde oppe busetjinga langs kysten. For å hindre at vi blir stengde ute av marknaden, er det viktig med EU-medlemskap.
Meiner du verkeleg at det er lettare å halde oppe busetjinga på kysten med norsk EU-medlemskap?
Marknadstilgang for oppdrettsprodukta er ein viktig føresetnad for busetjinga.
Meiner du at folk på norskekysten får meir makt over levekåra sine ved eit norsk EU-medlemskap?
Det er ein trend i Europa at makt skal overførast til dei som er nærast til å påverke utviklinga i regionane. Noreg er av dei mest sentraliserte statane i Europa. All politisk makt er samla i hovudstaden, og pengemakta spring etter. Dei tenkjer sprekare ute i Europa.
Mange meiner tvert imot at EU-medlemskap vil flytte makt lenger bort frå folk i Noreg.
Ja, det er vanleg å hevde det. Nei-sida snakkar om demokratisk underskot og det eine og det andre. Men som saka med den differensierte arbeidsgjevaravgifta syner, er Noreg allereie 70-80 prosent medlem i EU utan å kunne påverke noko.
Men Noreg kunne ikkje berga den ordninga sjølv om vi var med i EU?
Nei, men kanskje kunne vi funne andre løysingar enn den vi har fått no.
Berekraft i EU
Vil du seie at fiskeripolitikken til EU er betre enn den norske?
Norsk fiskeripolitikk er ikkje den beste i verda. Eg vil ikkje svare ja eller nei på spørsmålet, men eg meiner EU er på veg mot eit betre forvaltingsregime, bygd på prinsippet om berekraft.
Denne veka skreiv Nationen at EU-kommisjonen vil overkøyre Sverige, og seksdoble torskekvotane i Austersjøen, trass i at bestanden er truga. Kva synest du om det?
Det tyder på at det framleis er ein lang veg å gå før det er ei ideell fiskeforvalting i EU. Men Noreg som fiskerinasjon kan vere med på å påverke EU i betre retning.
I fjor haust sa det britiske vitskapsakademiet at fiskeripolitikken til EU var i ferd med å ta knekken på viktige fiskebestandar?
Ja, det finst ei rekkje slike døme rundt i verda. Men eg er eit optimistisk og demokratisk menneske, og trur EU finn betre løysingar.
Legg ikkje Kysten inn i EU-nettverket langt meir vekt på interessene til fiskeoppdrettarane enn fiskarane?
Nei, eg synest ikkje det. Men eg synest nei-sida har vore for lite oppteken av interessene til oppdrettsnæringa.
Nesten ein tredel av medlemmene i Kysten inn i EU er tilknytt oppdrettsnæringa, men det er ikkje nokon fiskarar på lista dykkar?
Nei. Vi har med ein del ordførarar frå fiskerikommunar. Men du har absolutt eit poeng. Vi må skaffe oss nokre fiskarar og folk frå den industrien. Eg trur dei kjem til å kome.
Ikkje uærleg
Har du ikkje lurt dei som røysta på deg, når du offentleggjer meininga di i ei så viktig sak først eit halvår etter valet?
Dei veljarane som kjenner det slik, har eg bede om orsaking. Eg har snakka ut med partistyret. Og forslaget om å ekskludere meg, vart forkasta. Senterpartiet er ikkje ein kyrkjelyd, det er eit politisk parti.
Du var med på å planleggje Kysten inn i EU-nettverket frå september i fjor, men sa ingenting om standpunktet ditt under valkampen. Har du ikkje vore uærleg?
Nei.
Er ikkje nei-standpunktet i EU-saka ein av berebjelkane i Senterpartiet?
Senterpartiet har ikkje berre éi sak, men ei rekkje politiske saker som speglar heile samfunnet i Noreg. Eg synest Senterpartiet skal konsentrere seg om å få fram det. Kvar gong senterpartifolk går til person-åtak på meg, taper partiet oppslutnad. Eg har gått ut og bede om juling, og det har eg fått. Men det må vere grenser for kor mykje ein skal dengje folk for standpunktet sitt, seier Ronald Rindestu.
KOMMENTAR:
Gammal vin på ny flaske
«Kysten inn i EU» er ingen folkeaksjon, men eit nettverk av næringslivsfolk og politikarar, dei fleste frå Høgre og Ap. Oppdrettsnæringa står sentralt, og pengane kjem frå NHO.
Namnet «Kysten inn i EU» er ambisiøst. Det let som om kystfolket har reist seg i lag for å slåst for norsk EU-medlemskap. Men ser ein på kven som er med i nettverket, er det langt frå snakk om noka folkerørsle, og det gjev da heller ikkje Kysten inn i EU seg ut for å vere: Dette er eit kampanjenettverk, ikkje meir.
Det er ikkje mange overraskande ja-konvertittar på lista over «kontaktpersonar» i nettverket. Kysten inn i EU er eit laust nettverk av gamle og (nokre få) nyfrelste EU-tilhengarar, ingen brei medlemsorganisasjon.
Oppdrett i sentrum
Oppdrettsnæringa er svært sentral i nettverket, og dei aller fleste politikarane som er med, kjem frå Ap og Høgre. Pengane til drift av Kysten inn i EU 1,8 millionar kroner er førebels stilte til disposisjon kjem frå NHO og Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL).
Styret for Kysten inn i EU har fem medlemmer. Leiaren Ronald Rindestu har fått mest omtale, først og fremst fordi han er fylkesordførar for Troms Sp. Nestleiar Rita Tveiten frå Osterøy har vore på Stortinget for Ap, men arbeider no med eksport av oppdrettslaks. Andre nestleiar Amund Drønen Ringdal frå Austevoll er òg nestleiar i Unge Høgre. Styremedlem Grethe Stave frå Andøya er sjølvstendig næringsdrivande, medan Arne Dag Isaksen er Ap-ordførar i Loppa. Den einaste administrative stillinga i nettverket har sekretariatsleiar Geir Ove Ystmark, som kom frå jobben som nordnorsk regionsjef i NHO-foreininga FHL Havbruk. Ystmark har vore ein hovudmann bak etableringa av Kysten inn i EU.
Ei enkel oppteljing syner at minst 29 av dei 106 medlemmene i nettverket er tilknytt oppdrettsnæringa på ulike måtar. Derimot finst ikkje ein einaste fiskar på lista. Her er derimot ein del ordførarar frå kystkommunar, i all hovudsak Ap- eller Høgre-folk. Ein finn dessutan solide kapitalistar som Rolf Domstein, Jens Petter Ekornes og Ole Erik Lerøy og ikkje spesielt markerte kystforkjemparar som stortingsrepresentant Gunhild Øyangen og tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen.
Varm velkomst
Det er ikkje noko sjokk at Kysten inn i EU har blitt teke mot med opne armar av ja-pressa. «Dette er kanskje det mest spennende som har skjedd i norsk EU-debatt siden 1994», skreiv VG på leiarplass. «Kystnorge vil inn i EU», lydde ein noko overilt tittel i Adresseavisen da nettverket vart lansert. «Kysten inn i EU er et tegn på at motstanden mot EU-medlemskap svekkes», heitte det i ein Bergensavisen-leiar.
Mediedekninga av nettverket har lagt stor vekt på kystprofilen, og på at dei to ja-konvertittane Ronald Rindestu og Paul Rånes, Kystparti-ordførar på Røst, er med.
Men essensen av nettverket Kysten inn i EU er denne: Ein del næringslivsinteresser langs kysten, særleg i fiskeoppdrettsnæringa, og ein god del Ap- og Høgre-politikarar pluss nokre slengarar frå Venstre, ønskjer norsk EU-medlemskap.
Og det er knapt noka bombe.
Per Anders Todal |