Dag og Tid nr. 9, laurdag 28. februar 2004


Bøker:
Vart, varmt og vakkert om vennskap
Denne boka passar først og fremst til høgtlesing, skriv Randi Brenden.


Barnebok
Oskar Stein Bjørlykke:
Kom til Dammen!
Samlaget 2003

«Det er Olvar som står der. Når eg lèt att auga, kan eg sjå han for meg. Og da står han der, oppe ved Dammen.» Slik opnar Oskar Stein Bjørlykke si nyaste barnebok. Han lar eg-forteljaren minnast og skape landskapet der handlinga finn stad, eit kystlandskap rikt på stemningsskapande detaljar.

Olvar er åtte år da forteljinga tar til, eg-forteljaren i grannehuset to år yngre. Olvar er ein fin kamerat å ha. Som den eldste av gutane er det han som tar initiativet i leiken; det er han som ropar til vennen og ber han komme til Dammen. Og vennen kjem.

Om vennskapen mellom dei to gutane er idyllisk, er ikkje heile verda det. Krigen er der, ikkje berre med sine framande, hjelmkledde soldatar på lastebilar eller til fots, men også med krigsflya som brått kan dukke opp på himmelen, med båtar som blir bomba og sjøfolk som mister livet. Ikkje minst er synet av dei framande soldatane skremmeleg for smågutane: «Og soldatane gjorde som dei ville. Dei kunne finna på å skyta og drepa folk. Når soldatane var der, kunne du aldri vita kva vondt som kunne skje.»

Ein vakker dag blir Olvar sjuk. Kva det er som feilar han, finn ikkje legen ut, men alvorleg og ulækjeleg viser sjukdommen seg å vere.

Boka endar (som vi forstår) trist, men forteljinga inneheld sorgmuntre episodar og tankar. Mange positive og oppløftande hendingar er der òg. Olvar får rattkjelke, og gutane har mykje moro med å ake på den. Ein isete dag brekker Olvar foten, og dette fører han ut i ei nesten like stor ulykke: Han blir boren i hus av ein av dei framande soldatane. «Tenk på det! Bli teken opp av ein av desse framande soldatane. Dei som kunne skyta folk. – Han var jo snill og hjelpte Olvar denne gongen, sa mor. – Ja, men likevel.»

Perspektivet hører heile tida til barnet; det er gjennom seks-åringen alt blir opplevd, og orda som blir brukte, hører til barnet. Den som fortel, har likevel samstundes eit klart blikk for korleis verda ser ut i dag og viser viktige skilnader mellom «den tid» og no. Han teiknar ei verd med grusvegar i staden for asfalt, med få bilar og vaskemaskinar, utan PC.

Boka munnar ut i at eg-forteljaren ser seg sjølv i vasspegelen i Dammen. Der han og Olvar tidlegare har leika med båtar eller bare stått og sett, der ser guten nå seg sjølv: «Men eg såg noko meir, idet eg bøygde meg endå lenger fram. Mitt eige fjes såg eg. Eit litt spisst fjes, med ein mørk lugg og store auge.» Det blir ein samanheng mellom sorga over vennen og framvoksteren av eigen identitet.

Boka er lett å lese, med store og klåre typar og stutte setningar. Boka passar likevel først og fremst til høgtlesing. Kanskje helst for besteforeldre som kan ha kjent «den tid» på sin eigen kropp og har lyst til å formidle noe av dette vidare til dei som veks opp i dag?
Randi Brenden

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |