Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004

Teater:
Å vera tosk er å vera menneske
I Harold Pinters Vaktmesteren viser Rogaland Teater korleis bomsen avslører publikums eigne livsløgner. Om Pinter er forvirrande, er det fordi livet er slik, og fordi Alf Nordvang viser det like frynsete som det er.

Rogaland Teater:
Vaktmesteren
av Harold Pinter
Instruksjon: Lars Erik Holter

Då Rogaland Teater for nokre år sidan sette opp Pinters Hjemkomsten (1964), blei resultatet gneistrande takka vere Alf Nordvang. Han gjekk så over i pensjonistlivet, men vakna til dåd då han høyrde rykte om meir Pinter. Vaktmesteren skulle faen ikkje setjast opp – utan han!

Identitet
I eit klaustrofobisk rom, i eit forslumma hus, bur den tagale Aston (Jon Ketil Johnsen). Han skal pussa opp rønna for broren Mick (Anders Dale), men lite skjer. Kanskje feilar Aston noko, kanskje ikkje? Då han tek seg av den forkomne Davis (Alf Nordvang), byrjar eit merkeleg drama å spela seg ut. Den illeluktande bomsen veit å snakka andre etter munnen, og utnyttar kvar opning for eiga vinning. Alt ved han er tvilsamt – til og med namnet, men det er også noko menneskeleg i måten han bortforklarer sin eigen trøysteslause eksistens. Den som har mest kontakt med verda utanfor, er Mick. Han driv forretningar av eit eller anna slag, eller kanskje ikkje?

Eksistensiell komikk
Davis blir tilsett som det han er aller minst eigna til – han blir vaktmeister. Sludderet som strøymer ustoppeleg ut av han, blir til stor komikk fordi løgn og illusjonar kolliderer med den evnelause framtoningen. Verknaden i stykket byggjer på ei gradvis gjenkjenning. Ein blir langsamt klar over at det er eit eksistensielt drama som speler seg ut. Pinter skildrar eit tilvære der identiteten er skjør, og der draumar og framtidsplanar blir avslørte som livsløgn. Spelet blir lyfta opp til allegorien sitt plan, utan å bli abstrakt. «Livet som teater» blir framført på eit vis som peiker mot oss alle som tragikomiske aktørar i eit spel der me ikkje har regien sjølv. Med dette får stykket slektskap med Becketts absurde teater, men utan at realismen går tapt. Realismen overlever også ein stram scenografi. Skodespelarane er som låste inne i ein kube, mens forsiktige lys- og lydeffektar gir vage førestellingar om ei verd utanfor.

Fortviling
Den såkalla vaktmeisteren er sjølv kveldens største oppleving. Han er framstilt så truverdig at kvar uteliggjar vil føla seg ovanpå. Dei andre personane er nesten som biroller å rekna, men Anders Dale og Jon Ketil Johnsen (frå Den Nasjonale Scene) er også glimrande. Særleg Johnsens teikning av stille fortviling i psykiatrien sin mørke skugge, er gripande. Han skaper både ein parallell og ein kontrast til den egoistiske, men menneskelege vaktmeisteren. Å vera tosk er å vera menneske.
Magne Drangeid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |