Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004

Politikk:
Den raude kraft-kluten
Arbeidsprogrammet til SV er ein dødsdom over norsk prosessindustri: dyrare kraft, høgare avgifter og seks timars arbeidsdag. Såleis gjer SV seg sjølv til symbol for ei av-industrialisering som Ap og Høgre har administrert.

«På energisektoren har de (SV) gjort alt for å komme i den situasjon vi er i nå, med mangel på kraft. SV har gang etter gang bevist at de ikke er opptatt av en levedyktig industri i Norge», seier energipolitisk talsmann for Arbeidarpartiet, Olav Akselsen i Aftenposten 8. februar.
Dagen etter får Akselsen støtte frå nestleiaren i LO, Roar Flåthen: «Vi har lenge vært kritiske til SVs næringspolitikk».
Det er altså opposisjonspartiet SV, og ikkje regjeringane og regjeringspartia som har skulda for «den situasjon vi er i nå».
Denne nye interessa for industripolitikken til SV, som få har brydd seg om før, kjem av at partiet for fyrste gong er aktuelt i regjering. Toler den norske industrien det?
Arbeidsgjevarane og bedriftseigarane i NHO tek saka med større ro enn dei eventuelle alliansepartnarane Ap og LO. Bedriftseigarane veit vel òg at trugsmålsbiletet er noko meir samansett enn Akselsen og Flåthen gjev inntrykk av:

Gro og Kåre har skulda
Statistisk Sentralbyrå (SSB) kan fortelja oss at framvoksteren til industrien i Noreg, målt i talet på tilsette, nådde toppen kring 1974 – om lag på same tid som i alle andre OECD-land. Årsakene til at industrialiseringa i dei rike landa stoppa opp, seier SSB, er òg mykje dei same: Effektivisering, produktivitetsauke, utflagging av arbeidsintensive verksemder til lågkostland og at industrien har tapt arbeidskraft i tevlinga med andre sektorar.

Nedturen for norsk industri tok til tidleg på 1980-talet. «I den grad begrepet avindustrialisering er dekkende, er det perioden fra og med 1981 og til og med 1992 som er viktig», melder SSB.
SV kan ikkje ha ansvar for globaliseringa og konjunkturane på verdsmarknaden. Om særnorsk politikk har gjort vondt verre for industrien, er det regjeringa og stortingsfleirtalet som må bera hovudansvaret for det. Då er det ikkje SV-folka, men Kåre Willoch (H) og den borgarlege koalisjonen han leidde frå 1981 synda dryp av, og av den fyrste kvinnelege statsministeren her i landet, Gro Harlem Brundtland (Ap) som sat med makta i fleire periodar i desse åra, av den borgarlege Syse-regjeringa i 1989, og såleis av KrF og Venstre. Dette må vera dei mest industri-fiendtlege regjeringane dette landet har hatt.

Gassen i botn
Før noko vitug kan seiast om Sosialistisk Venstreparti og industripolitikken, kan det vera greitt å bli samd om kva det sentrale ordet i debatten tyder. Industri er meir enn berre smelteverk. Det kan vera fiskefilet eller bøker:
Industri: (lat. industria ‘verksemd’) næringsverksemd som går ut på organisert omlaging av råemne til ferdige varer med hjelp av maskinar i fabrikkar
Nynorskordboka

Det meste av kritikken mot industripolitikken til SV står og fell likevel på at partiet er mot å byggja gasskraftverk. Men å byggja gasskraftverk er snautt nokon industri, om ein ikkje produserer slike verk på samleband. Poenget til SV-kritikarane kan vera at krafta frå desse verka kunne sikra prosessindustrien (med) rikeleg og rimeleg elektrisitet.

Men kan gasskraftverka det? Nei. Gasskraft frå nye verk kjem til å kosta mykje meir enn til dømes Hydro Aluminium er villig til å betala – om ikkje staten skulle finna på å subsidiera krafta med til dømes å tvinga skattebetalarane til å spleisa på framføringsrøyra, og med det sponsa kjøparen av krafta.
Slikt er i strid med den heilage EØS-avtalen som KrF har prakka på oss. Men òg energilova som Eivind Reiten (Sp) tok Stortinget på senga med i 1990. Såleis er me blitt kvitt den billige straumen her i landet – ein gong for alle.

EØS-avtalen og liberaliseringa av kraftmarknaden er to norske avgjerder som SV slost i mot. Rett skal vera rett.
Det er òg rett, som Olav Akselsen seier i Aftenposten, men som ein ser ganske uvesentleg, at SV har arbeidd med nebb og klør, ikkje berre mot gasskraft, men òg mot kvar einaste større vasskraftutbygging her i landet. SV er i tillegg imot at nabolanda våre brukar kol- og atomkraft.

Verknaden av energipolitikken til SV er såleis dyrare kraft som følgje av at etterspurnaden (som veks) blir mykje større enn tilbodet på vasskraft (som ikkje veks), og at alternativ energi i form av vind-, sol-, bio- og bølgje-kraft kostar meir enn det smakar tungindustrien. Ikkje så lenge det finst andre land som har ein industripolitikk for dei mest kraftkrevjande konserna, til dømes Island og Canada, som lokkar med langsiktige avtalar til spottpris, og ikkje spot-pris som svingar frå dag til dag.

Kraftsalvene mot SV bør difor rettast mot Ap, H, V, Sp og KrF. Det er tverrpolitisk semje, sjølv om intensjonane er ulike, om at krafta skal vera dyr her i landet. Partia som vil byggja fleire kraftstasjonar, og såleis få attende den norske overkapasiteten som industrien nytte godt av før 1990, vil på same tid liberalisera marknaden og såleis selja det same overskotet ut av landet til høgaste bydar.

Den kraftkrevjande industrien i Noreg er med det dømd til dauden, ikkje av SV, men av noko farlegare, Stortingsfleirtalet, sjølv om ingen vil seia det høgt. SV stiller seg berre best for hogg med på toppen av det heile å vilja «auke avgiftene på straum og oljefyring».

I dragsuget
I praksis er skilnaden at SV-politikken (nei til vasskraft, nei til gasskraft, nei til oljeutvinning i Barentshavet og lågare utvinningstakt i Nordsjøen), òg tek knekken på den norske anleggskunnskapen. Så seint som på 80-talet var me verdsmeistrar i å flytta fjell, omgruppera dei for å samla og halda på og kanalisera mest mogleg regnvatn dit me ville, og Kværner eksporterte turbinar over heile verda. Anleggsnomadane var norske, ikkje polske, dei var stolte og dei var rike. Då arbeidet tørka inn på land, drog dei off-shore, og opplever no at SV er etter dei der òg.

Difor er det rimeleg at dei som har bygd hus, heim, kommunar, tettstader og verkstader på føresetnaden om at Noreg er og blir ein energinasjon, ser SV som ein raud klut. Men den raude kluten er harmlaus. Faren ligg i at fargen på han dreg merksemda vekk sverdet til matadoren. Det er ikkje i SV si hand.
Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |