Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004
Roald Helgheim:
Rettskvern eller såpemaskin?
I Haag held dei på med det som alt er verdas lengste rettargang. Han har halde på i to år og «kosta vestverdas skattebetalarar tallause millionar», som Christian Palme skriv. Han er Dagens Nyheters utsende under krigsforbrytarsaka mot Slobodan Milosevic. Dag ut og dag inn har han følgt ein rettargang media knapt interesserer seg for lenger. Etter 283 dagar runda saka den første milepålen torsdag denne veka. Carla Del Ponte og medanklagaren Geoffrey Nice kunngjorde at «the prosecution rests its case». Dei anklagar Milosevic for å vere ansvarleg for «a criminal enterprise», eit «brotsleg prosjekt» som inneber brotsverk mot alle folkerettens reglar for krigføring, for folkemord (men berre i
Bosnia), brotsverk mot menneskeætta, mot Genevekonvensjonane, mot krigens lover.
Endå nærmar vi oss ikkje slutten. Etter eit avbrot på tre månader er det Milosevics tur. Han er sin eigen forsvarar. I teorien, men neppe i røyndommen, kan han bruke like lang tid som anklagarane. Han har truga med å kalle ei rad politikarar i Europa og USA til vitneboksen, men det vil dommarane knapt gå med på. Dagens Nyheters standhaftige utsende trur Milosevic avsluttar forsvaret seint i haust ein gong. Så blir det sluttinnlegg frå partane, så skal dommarane under leiing av Richard May dra seg attende for å skrive dommen. Etter hundrevis av vitne, titusenvis av sider med dokument, ein forhandlingsprotokoll som denne veka er oppe i 35.000 sider, vil det endå ta minst eit halvt år før det vil falle ein dom, ein gong om våren 2005, vel tre år etter at rettssaka starta.
Rettskverna mel langsamt.
Utfallet er ikkje sikkert, skriv Palme. Etter all dokumentasjon og vitneføring skulle det vere enkelt å få livstidsdom mot Milosevic. Han må ha visst om den grufulle framferda i serbisk-okkuperte område, om kva som hende etter Srebrenicas fall. Det springande punktet er folkemord. Anklagarane må ikkje berre prove ansvar for drap og utdriving, men at det har vore eit medvite mål å systematisk utrydde ei folkegruppe. Det er her ein no finles jussen. Har då alt strevet vore verd pengane? Svaret er at uansett kva det juridiske utfallet blir, er eit skrekkvelde borte. Det vil bli diskutert om retten har vore
serbarfiendtleg. Dette kan verda vurdere etter ein vid open rettargang, som vonleg også vil overleve historias dom.
Rettskverna mel altså langsamt, men det er i alle fall ei rettskvern. I Noreg har eit heilt anna maskineri vore i gong etter at vi ein gong i 2002 oppdaga at vi sidan 1991 hadde hatt ein politisk flyktning i landet, som seinare fekk opphaldsløyve for seg og familien, men ikkje norsk statsborgarskap. Han er ein geriljaleiar frå Nord-Irak som media, styresmakter og påtalemakt med stigande styrke har framstilt som ein banditt og terrorist av internasjonalt format, med link til Al Qaeda. Han er ein fare for den nasjonale tryggleiken, ein mann vi må bli kvitt. Men same kva ein kan seie om Mulla Krekar, har prosessen mot han ikkje vore ei rettskvern, men ei såpemaskin som sprøyta ut det førebels siste skummet då han endå ein gong vart sett fri denne veka. Han går rundt i gatene snart halvanna år etter at nyhendemedia melde at «Mulla Najumuddin Faraj Ajhmad Krekar, som er jaget av alle de store vestlige
etterretningsorganisasjonene, har oppholdstillatelse i Norge» (NRK 22. august 2002).
Saka om Krekar er sjølvsagt ikkje av Milosevic-format. Vi veit knapt kva slags prosess det er. Det er ikkje noko forbrytartribunal i gang, men eit juridisk virvar av ein dragkamp der striden i det ytre har handla om forvaring og varetekt, opne og stengde dører. Det har vore fritt fram for konspirative spekulasjonar alle vegner fordi påtalemakta aldri har spela med opne kort, men tvert om har manøvrert ho over i eit organ (Økokrim) som hindrar innsyn. Kva utgangspunktet var, er tåke for folk flest. I røynda har vi to saker gåande, ei utvisingssak og ei sikting for kriminelle handlingar, etter ein paragraf
104a som riksadvokat Busch for nett eit år sidan meinte ikkje heldt mål. Akkurat det er ein paragraf som omhandlar deltaking og oppretting av private organisasjonar av militær karakter. Denne kan ikkje brukast mot slik verksemd i utlandet, meinte riksadvokaten, for det «ville gjøre de fleste frigjøringsbevegelser ulovlig etter norsk rett» (Dagsavisen 27. februar 2003).
Akkurat det er eit moment i denne saka. Den politiske kommentatoren Aslak Bonde skreiv nyleg at «rettsstaten kan ikke beskytte krigere». Men kva er ein «krigar»? Norge har år etter år teke mot ei mengd politiske flyktningar som med det offentlege si velsigning har halde fram motstandskampen sin frå norsk jord, det vere seg i land i Afrika, Sør-Amerika, Aust-Europa, Asia. Med bruk av internett (eit ankepunkt mot Krekar) kunne dei ha ført ein endå meir effektiv kamp for sine mål. Eg tar ikkje stilling til kva slags «sak» Mulla Krekar kjempar for, eller kor stor skurk han er, men til eit prinsipp. Han kom hit som politisk flyktning, han har klokleg oppfylt si meldeplikt. Ansvaret for den juridiske såpa
ligg hos styresmakter som framleis meiner utvising og sikting står ved lag, men som ikkje har gjort det minste for å skjere gjennom, setje ned foten og krevje alle kort opp på eit bord vi alle kan sjå. Difor har det vore fritt fram for folk med ein agenda, med politiske stemmefiskarar i fremste rekkje.
I ei tid då USA i antiterrorismens namn vil fremje lyssky internasjonale rettsprinsipp overalt, må Norge vere noko anna enn eit slikt klønete haleheng.
|