Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004
Leiar:
Statspaternalisme
Mange på venstresida har ein urikkande trong til å koma med krav om påbod og reglar i ei eller anna retning. Ikkje minst i verdispørsmål, no sist om korleis Misjonsforbundet handsamar homofile. Karita Bekkemellem Orheim vil ta frå Misjonsforbundet statsstøtta. Rett nok har Jens Stoltenberg korrigert Bekkemellem Orheim, men utspelet viser likevel kva haldningar som er på venstresida til kva makt staten skal kunna utøva for å tvinga gjennom meiningar og haldningar.
Misjonsforbundet, til liks med katolske, jødiske, muslimske og alle andre registrerte trussamfunn i dette landet, har i dag krav på økonomisk støtte frå staten. Det tyder ikkje at staten kan gå inn og diktera kva synspunkt og praksis desse trussamfunna skal ha slik Orheim let til å tru. Staten kan heller ikkje styra meiningsinnhaldet i avisene, sjølv om dei får aldri så mykje i statleg pressestøtte, eller styra meiningane til dei politiske partia i ulike spørsmål dei får jo òg støtte frå staten.
Haldninga til Orheim er autoritær. « Jeg kan ikke skjønne hvorfor de skal få statsstøtte. Det skal være nulltoleranse mot det Misjonsforbundet sentralt gir uttrykk for. Skal vi komme i mål på disse spørsmålene, må det være noen konsekvenser for organisasjonene», seier ho sjølvtrygt til Dagsavisen. Orheim vil at alle skal tenkja som ho i synet på homofili. Det må ho gjerne meina, men då må ho overtala gjennom argumentasjon. Ho bør også tenkja over at det ikkje er lenge sidan Arbeidarpartiet hadde eit svært negativt syn på homofili.
I eit demokratisk samfunn skal det vera rom for meiningsmangfald. Då kjem det ofte fram haldningar og synspunkt som mange av oss ser på som uakseptable og provoserande. At kristne trussamfunn møter homofile med ein slik skepsis som Misjonsforbundet gjer, er eit trist døme på det. Men desse må møtast med argument og kontinuerleg debatt ikkje med trugsmål og sanksjonar.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|