Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004

Klok på bok 652:
Klok på berre

Denne veka har me fått kolossalt mange svar. Ingen må verta triste, sjølv om dei ikkje får namnet sitt på trykk, seier Barabass. Postkassen har nemleg vore proppfull kvar dag heile veka.

I Trondheim finst ein medisinarstudent som verkeleg er klok på kjøtmeis. Ho er kåra til vekas vinnar, og ho skriv slik: «I Trondheim veit vi litt av kvart om kjøttmeis. No nærmar valentindagen seg, og hormona får dei små fuglekroppane til å kvitre vårtonar til kvarandre. Her inne på lesesalen er det meir teorien i hormonutskiljinga vi fordjupar oss i. Elles er dei fire kroppsvæskene og vatnet i Nidelven i hormonisk balanse. Vi veit derimot ikkje om det stille og vakre vatnet har vore i Sverige den siste tida, men det har elva i den vassblå boka til Per Petterson vore. Fekk ikkje denne tidlegare bokhandlaren Bokhandlarprisen i 2003? No høyrer vi at 51-åringen heller er ute på hesteslang. I kjølvannet av slike gutestrekar kjem nok eit kraftig adrenalinspark. Det er greit for oss, venteleg ville hormonspenninga også kunne kjennast som aske i munnen. Sand i skoa veit vi ikkje om noko hormon som gir, men tilrår barfotgang til Sibir som botemiddel. Helsing medisinstudentane Helsing og Fuglø». Bak dette namnet skjuler det seg ei dame, nemleg Kristin Fuglø i Trondheim. Barabass og eg gratulerer!

Tove Thorp i Oslo er òg klok på Per Petterson. Ho skriv: «Her må jeg få si at dette var Den Store Leseopplevelsen i vinter, jeg fikk direkte abstinens da jeg var ferdig med den. Altså ‘Ut å stjæle hester’ av Per Petterson – for øvrig med flere gode bøker bak seg, men med denne tok det helt av. Og bra er det, nå fikk han den oppmerksomheten hans forfatterskap fortjener (lysår fra f.eks. Ari Behn).»

Ellen Pauline Borch Veum i Gaupne visste svaret, men har ikkje lese boka. Det er nemleg lang venteliste på Luster folkebibliotek. «Eg vil gjerne helsa til han Olav Grov, som les eitt av eksemplara. Han må skunda seg å lesa boka ferdig. Eg vert snart desperat», skriv den kloke i Gaupne.

Ellen Margrethe Mjømen er klok. Det same gjeld Torill på Myre, Fiskerjentene i Kristiansand, Kirsti Bremer Fjær, Karl Sigurd Årland, Birgitte Berge, 5236 Rådal, Anne Berit Skaarer på Lilestrøm, Karl Otto Welle, 1359 Eiksmarka, Harald Haugland i Mandal og Kaare Stegavik i Trondheim. Han skriv dette: «Ei uvanlig skrevve bok, æ like stilen hass, mijnne mæ litt om krim næsten, haijnn slæppe ut lause tråda’ som læsarn må hoijll fast på, å med eitt lavmælt språk med ‘små bokstava’ syr’n det etter kvart sammen te en helhet. Men det e myijtti som står mellom linjan, å som berre e sagt ijnndirekte. Sånn oppfatta æ boka hass. Ein må vårrå våken nårn læs a!»

Ein annan begeistra lesar er Finn Tysland Johnsen i Kongshavn. Gunnar Bæra på Løten kan opplysa Barabass og meg om noko me ikkje visste. Han skriv: «Per Petterson er ein av dei mange bibliotekarane som ikkje nøyer seg med å låne ut bøker, men som gjerne vil skrive dei sjølv. Og det har jo gått storarta. Han har fått Språklig samlings litteraturpris (1992), Oktober-prisen (1996), Brage-prisen (2000) og Bokhandlerprisen (2003) og bøkene hans går i fleire opplag. Dersom det ikkje hadde stått at dette var byrjinga på ein roman, kunne ein lure på om det var ei tilsikta lureoppgåve frå Dale-Oskar og Barabass denne gongen: Det siterte avsnittet finn ein både først i ‘Ut og stjæle hester’ (2003) og sist i romanen ‘I kjølvannet’ (2000).»

Lilly Erna og Karle Gjernes, 6570 Smøla, Kari Folvik i Oslo, Karl Johan Grønning, Rykkinn – dei visste svaret alle saman. Flinke folk, seier Barabass.
Tore Aschim i Askim er suveren denne veka. Han skriv: «Nokre gonger er det heilt greit å løyse oppgåva på veg frå postkassa og inn. No hadde eg nett lese ‘Ut og stjæle hester’ av Per Petterson, så dette var lett. Boka fortener all den ros ho har fått. Eg har lese tre bøker av Per Petterson. Han har ikkje skrive mykje, men han skriv godt.»

Gunnar Hagen, 8618 Andfiskå syntest òg dette var ei grei oppgåve. «Per Petterson fortener dei gode kritikkane han får. Eg er imponert over både stil og språk. Det verkar så enkelt slik Petterson skriv, men når det verkar så enkel, er det fordi det ligg eit svært medvite arbeid bak.»

Verkeleg mange kloke folk, seier Barabass. Me har lese Ut og stjæle hester høgt for kvarandre om kveldane i det siste, og Barabass var så begeistra for denne boka at han aldri ville leggja seg. Me vart sitjande til langt på natt før me klarte å leggja frå oss god-boka.

Klok 652
Det er berre draumar
Det er berre stemning
Det er berre våren
Det er berre kjensler
Det er berre kjertlar
Det er berre sentimentalt
Det er berre noko
som alltid går over
Overgangsaldrar

Dette er byrjinga på eit dikt. Tips: Oppvaksen i Trøndelag, forfattaren har mellom anna skrive barnebøker og han har skrive for «oppsøkjande teater». Kven har skrive dette diktet? Og kva tid? Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til klok@dagogtid.no. Svar innan 27. februar. Lykke til!
Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |