Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004
Ordskifte:
Inge Lønning og det ideologiske forfallet i Høgre
Inge Lønning har vorte kraftig irritert av karakteristikken min av Høgre som ekstremliberalistisk og marknadsfundamentalistisk. Det er fint med litt temperatur, berre han kan halda litt kontroll med tendensen sin til å verta ei tomtønne av sarkasmar.
Ideelt sett burde ein debatt som dette først nøye gå gjennom det ein kunne kalla arven frå den klassiske europeiske konservatismen, lina frå Burke og forgreiningane av denne i ulike europeiske land. Det er store ulikskapar mellom til dømes engelsk, tysk og fransk konservatisme og norsk, for ikkje å snakka om den amerikanske varianten. Den utgjer eit heilt anna kontinent. Jan Petersen bør ikkje vitja republikanarane i USA. Dei er på ein annan planet og bør handsamast med latex-hanskar av ein norsk Høgreleiar.
Balanseforskyving
Min hovudpåstand er at det på 1990-talet, av ei rekkje årsaker som eg skal koma attende til, har funne stad ei dramatisk balanseforskyving bort frå klassisk konservativ tenking i retning ein marknadsfundamentalistisk tankegang.
Straumkantringa i liberalistisk retning i Høgre har skjedd utan nokon grunnleggjande offentleg debatt, noko som i seg sjølv er påfallande. Det vitnar om ei intellektuell slappheit innanfor Høgre som ber tankane til den same rådvilla og motstandsløysa som herska innanfor Arbeidarpartiet under Gro Harlem Brundtland si høgredreiing der. Samla vil eg påstå at begge desse partia har endra seg dramatisk utan at nokon eigentleg har drøfta det filosofiske og politiske grunnlaget for dreiingane. Vi har eit nokså skrint miljø for prinsipiell politisk tenking, det ser vi her.
Lat meg starta med å utfordra Lønning til eit tankeeksperiment: Korleis trur han den gamle garde av Høgre sine leiarar, frå C.J. Hambro, Sjur Lindebreække, Alv Kjøs, John Lyng, Erling Norvik, Jan P. Syse, Jo Benkow og Kåre Willoch (i si oppussa verdikonservative kledning) vil sjå på Høgre i dag?
Forseinka Thatcherisme
To av desse kan vi enno spørja. Jo Benkow si sosialpolitiske line er i hovudsak teken vare på i Høgre. Det er ein sivilisasjonsvinst i høve til dømes thatcherismen som vi alle skal vera glade for. Kåre Willoch har ilagt seg store fortenester ved å markera distanse til grådigheitskapitalisme på 1990-talet. Han framhevar nettopp ein verdikonservativ kjerneverdi: at det økonomiske systemet er avhengig av legitimitet i samfunnet elles. Ein slik legitimitet kan berre oppstå om ein opplever næringslivet som noko anna enn eit uopplyst pengevelde der raske vinstar og det Thorstein Veblen kalla «markskrikersk konsum» (i The Theory of the Leisure Class) gror vilt mellom parasittiske kapitaleigarar.
Men Willoch har jo vorte ståande temmeleg åleine, då. Kva Jan P. Syse meinte, kan vi lese bl.a. i artikkelen hans «Verdikonservative prinsipper» frå 1987 (sjå minneverket Ta ikke den ironiske tonen). Den er opplysande. Eg vil påstå at Jan P. Syse ville ha kjent seg nokså uvel av å sjå dagens Høgre.
Det mest karakteristiske ved Høgre i epoken til Lønning er fråværet av ein prinsipiell konservativ kritikk av denne i opphavleg forstand uansvarlege laissez-faire lina. Når fekk vi ein gjennomtenkt grenseoppgang mellom økonomien som vulgær profittmaskin og økonomien som samfunnsansvarleg aktivitet?
Pervertering
Her er vi ved kjernen i kritikken min av dagens Høgre: tilhøvet til den økonomiske liberalismen, ikkje den politiske.
Det norske Høgre har i god forstand vore liberalkonservativt når det gjeld politikk.
Denne liberalkonservative arven har bl.a. gjort at Høgre kom seg nokså tørrskodd i land i mellomkrigstida, stilt overfor truslane frå fascismen. Partiet har i motsetnad til sitt svenske systerparti vore kritisk til ein sterk stat. Grunntanken i den økonomiske tenkinga til partiet har vore inntil no verdikonservativt prega, ein arv frå den klassiske europeiske konservatismen der økonomien inngår med ansvar for menneska i ein breiare samfunnsfilosofi prega av fridom og orden, hierarki og disiplin, ikkje som ei halvt parasittisk næring på utsida av heilskapen.
Homo oeconomicus er liberalismen sin ide, ikkje konservatismen sin. Uendeleg strev etter fridom, som ofte går på kostnad av fellesskap og likeverd, er liberalismen sin ide, ikkje konservatismen sin. Konservatismen står for kvalitet, tradisjonsmedvit, fridomsforsvar (men ikkje anarkistisk strev etter fridom), orden, hierarki, ein ide om omsorg for heilskap og den enkelte, medvit om nasjonal identitet og kultur. Eg er ute av stand til å sjå at Høgre i dag står for mykje av dette.
Statsskepsis
I praktisk politikk står difor Høgre no berre fram med to konsistente idear: skattekutt og reduksjon av offentleg sektor, marknadsførde under slagordet «Mer igjen for pengene». (At eit konservativt parti i det heile let dette vera hovudvalspråket i ein stortingsvalkamp, er i seg sjølv eit vitnesbyrd om det ideologiske forfallet.)
Høgre representerer ingen kritikk av den massive globaliseringa som rullar inn over landet, eller idear om kva vi kan gjera med henne ut frå ei førestelling om kva som er verdt å ta vare på i dette landet. (Lønning vil truleg svara at det ikkje er noko å gjera med.) Høgre står for meir pengar til folk, meir konsum, meir kommersialisme, total medvitsløyse overfor reklame, sexifisering og vulgarisering av det offentlege rommet (ei pervertert fridomsoppfatning), og konkurranseutsetjing av omtrent alt (kva med Kyrkja neste gong, Lønning, masse effektivitetsvinstar å henta der). Partiet har ingen ide om sosial rettferd, noko eg vil påstå høyrer til i den konservative arven, om enn skjørt balansert mot fridoms- og hierarkiverdiar. Aller viktigast: Høgre har ingen ide om ein nasjonal kulturpolitikk med opprusting av kunnskapar og forsking om landet si historie, språk og identitet, ja, heile det
vitskaplege livet. Høgre har ingen samla ide om kulturminnevern, auka satsing på musea og samlingane våre. Clemet si universitetsreform er yttarst tvitydig, det må ein tidlegare universitetsrektor sjå. Kvalitetsreforma dreiar seg om kvalitet berre i andre og tredje hand; det er primært ei gjennomstrøymings-, rasjonaliserings- og effektiviseringsreform som er underleg tradisjonslaus overfor 150 års norsk universitetstradisjon. (Forfallet i kulturpolitikken syner seg godt ved at det første den nye byråden i Oslo ville markera seg med, var ei utradering av nynorskstilen.) Det seier mykje at Høgre ikkje har nokon klart profilert kulturpolitikar Lønning har skuffa mange i så måte, sjølv om eg vil gje Kristin Clemet godord for å ha reist kvalitetsdebatten i skulen. Og Børge Brende fører ein klart verdimedviten miljøvernpolitikk. Og enno er jo Henrik Syse medlem, sjølv om det er på hengande håret. (Jfr. Dag og Tid 7.2.)
Marknadstenkinga
Ingen er mot ein effektivisert offentleg sektor. Ingen er mot ein godt verkande økonomi der marknaden gjer det han er best eigna til, men ikkje koloniserer andre samfunnsområde, som f.eks. den offentlege forvaltninga, det høgare utdanningssystemet, omsorgstenester. Når Den Kongelege Mynt vert lagd ut for sal, når Postverket skal tene så mykje pengar at portoen vert driven opp og trugar den norske floraen av lokalaviser og tidsskrift, når ein prøver å driva gjennom BI-modellar for universitet i eit ideologisk krosstog, når NSB vert splitta opp slik at det går på kompetansen og tryggleiken laus ser ikkje Lønning at denne hysteriske New Public Management-tenkinga går på sentrale
fellesverdiar laus? Og gjer Høgre til noko nær eit revolusjonært parti, på grensa til det unorske? Offentleg sektor vert tynt av skattelettane. Høgre har vorte Søren Jaabæks arvingar i dette landet. Ein storslått historisk ironi. Jan Petersen legg til side Rudeng-utvalet si gjennomtenking av ei styrking av landet sin utanrikskulturelle representasjon og det i ein tidsalder intenst prega av kulturutveksling. Det gjer Petersen av jaabækianske grunnar. Eg spør: Kor perspektivlaus er det mogleg å verta? Botnlinja har vorte Høgre sin funksjonelle ekvivalent til kveldsbøna. Trist for ein teolog, Lønning. Eg las nyleg at Høgre ikkje har hatt eit eige utanrikspolitisk utval fordi partiet er steindaudt samd om det meste utaskjers. Kva har vi konservative parti til, anna enn at dei held eit visst refleksjonsnivå oppe? Partiet makta ikkje ein gong å halda liv i ein av dei mest interessante politiske
publikasjonane på 90-talet, Kristin Clemet og Henrik Syse sitt Tidens Tegn. Kulturløyse kallar eg det.
Ser ikkje ein teolog som Inge Lønning problem med dette økonomistiske hysteriet på område etter område? Landet har aldri vore rikare, men aldri oppført seg fattigare. Ligg det ikkje i konservativ tankegang å stilla seg kritisk prøvande til den fetisjeringa av økonomien som går føre seg no?
Årsakene til forfallet
I Danmark går det interessant nok no ein parallelldebatt til vår om profilen til Det Konservative Folkeparti. Eg ser at professor Ditlev Tamm tek til orde for ein sterk stat. Han oppfordrar dei danske konservative til å styrkja universiteta og til å krevja kvalitet. Han meiner det er i konservativ ånd å ta vel imot framande (grensemarkering til Pia Kjærsgaard).
Eg oppfordrar Inge Lønning til å ta denne debatten heim. Særleg bed eg han reflektera over dette: I ei tid der Noreg og norsk kultur er under eit enormt press, politisk, økonomisk og ikkje minst kulturelt, ville det ikkje vera god konservativ politikk å sjå litt nærare på Høgre sin statsskepsis og heller rusta opp heile det norske statsapparatet og våre fellesnasjonale institusjonar i forsking, kulturliv og minnevern? Vera meir som Børge Brende: verdikonservative? Under visse tilhøve kan marknaden gjera mykje bra, men har ikkje Høgre ukritisk frigjort krefter som trugar med å bryta ned det som er verdt å ta vare på i dette landet?
Bernt Hagtvet, professor i statsvitskap, Universitetet i Oslo
|