Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004
Essay:
Har ikkje svara på oppgåva
Juryen har valt å premiere bidrag som ikkje har svara på oppgåva. Det var snilt. Men var det lurt, spør Nøste Kendzior.
Vinnarane av Samtidens essaykonkurranse
Samtiden nr. 1 2004
For eitt år sidan inviterte tidsskriftet Samtiden til ein essaykonkurranse. Temaet var monarki og republikk. Deltakinga var stor, 73 bidrag deltok i konkurransen. Juryen hadde 11 hovud, som tilhøyrde Samtidens redaktør og redaksjonsråd: Knut Olav Åmås (redaktør), Kjartan Fløgstad, Anne-Britt Gran, Kristin Gjesdal, Marianne Gullestad, Nazneen Kahn, Ola Mestad, Henrik Langeland, Toril Moi, Erling Sandmo og Øystein Ustvedt. Det kan neppe vere tvil om at ein slik jury veit kva eit essay er.
Det var det derimot ikkje mange av konkurransedeltakarane som visste, sjølv om mange av dei er akademikarar tilsette på høgskular eller universitet. Mange av dei har skrive gode tekstar, men sjangermessig kan dei ikkje karakteriserast som essay. Juryen vedtok difor å ta eit stunt i denne situasjonen: å premiere dei tre beste essaya og dei tre beste artiklane.
Humor
Førstepremien (40.000 kroner) går til Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, som har skrive eit svært sympatisk bidrag om funksjonen til kongedømet og særleg om førestellingar om kongedømet, opp gjennom tidene og i fleire land. Teksten har ein jovial tone, humor og personleg touch, og han er informativ på ein måte som gjorde meg velviljug stemt. Faktisk kosa eg meg medan eg las. Han ber preg av å vere skriven av ein venleg mann som tolererer mykje, sjølv om han røper ein viss irritasjon i omtalen av den kulørte vekepressa. Det slo meg at teksten ville passe godt i ei histo-riebok for gymnaset, i ei god historiebok. Han ville også passe til å verta lesen høgt, til dømes
i eit bibliotek, for han er svært munnleg, med innlagde nølingar i form av tre forventningsfulle prikkar.
Forteljing
Men er dette eit essay? Juryen har nok meint det, og kan sikkert forsvare det, ut frå ein definisjon av essayet som avhandling, undersøking, omfattande systematisk arbeid. Men mitt svar er tja. Hadde eg høyrt Nicolaysens tekst opplesen, ville eg nok kalla det eit kåseri. Men når eg les teksten, er han framfor alt ei forteljing. Det er ein tekst som fortel. Han fortel ei historie om kongedømet. Teksten leikar ikkje, korkje med seg sjølv eller lesaren. Han har ingen skumle retoriske grep som falsk audmjukskap, underdriving eller ironi. Han syslar ikkje med å notere i margen. Han inneheld inga lita forstyrrande fluge som set seg på hornhinna til lesaren og lagar tumultar i leseprosessen. Han har ingen bråe
innfall. Han er ikkje ute på byen og ruslar rundt. Til ein viss grad boltrar han seg, men beherska. Han tek ikkje spagaten.
Andrepremien (20.000 kroner) går til Maria Alnæs for ein roleg og sindig tekst som argumenterer for avskaffing av monarkiet. Teksten nei, ikkje teksten, men Maria Alnæs hyller likskapstanken, det privilegium å vere fødd fri og ukjend og utan bindande tradisjonar eller føringar til yrke. Maria Alnæs meiner at dette privilegiet vil verta fremja når monarkiet vert avskaffa og republikken innført. Maria Alnæs, som heile teksten igjennom uttrykkjer seg klart og myndig, ja, med sann autoritet, argumenterer overtydande. Eg sit i lesestolen min og merkar at eg er republikanar no. Kongedømet er eit folkeeventyr, eit teater, ein såpeserie. For det har Maria Alnæs meint, hevda, kunngjort, framhalde, forfekta og argumentert for.
Saksinnlegg
Dette er ein tekst som definitivt ikkje er eit essay. Maria Alnæs, som altså har sendt dette bidraget inn til ein essaykonkurranse, kallar det sjølv, innleiingsvis, for ein artikkel. Eg vil påstå at det er eit saksinnlegg. Det kunne vore ei fråsegn frå ei foreining for avskaffing av monarkiet. Ei traust og litt krass fråsegn. Ordentleg, ryddig og flink. Teksten er skriven på eit framifrå norsk bokmål. Men med den spesielle, såkalla «glitrande penn» som kjenneteiknar den gode essayistikken? Nei.
Tredjepremien (20.000 kroner) går til Tanja Storløkken. Ho er for monarkiet. Ho argumenterer, særs godt, for at dette landet berre har to skikkelege presidentkandidatar, og det er kronprins Håkon Magnus og prinsesse Märtha Louise. Men kvifor gjere Haakon til president når det er færre dikkedarar ved å gjere han til konge? Its the same difference. For det handlar først og fremst om demokrati. Og Storløkken drøftar demokratiomgrepet, over fleire sider. Og ikkje minst drøftar ho teoriane til ein fyr som heiter Joseph Schumpeter; han har skrive ei «klassisk bok» som eg ikkje har lese og heller ikkje får lyst til å lese. Til slutt set ho lang hale på teksten sin, i form av 15 notar og 19 litteraturtilvisingar. For ho er flink, ho også, og har skrive like traust og sindig som Maria Alnæs. Og kva har ho skrive? Ikkje eit essay. Snarare ei semesteroppgåve.
Ein kan diskutere om førstepremievinnaren, Nicolaysen, verkeleg har levert eit essay. Men at andre- og tredjeprisvinnarane ikkje har levert essays, er heilt klart. Dermed har dei ikkje svara på oppgåva.
Leikande
Det har derimot fjerdeprisvinnaren, Finn Tveito, gjort ved nettopp ikkje å svare på oppgåva! (10.000 kroner til han.) Han nektar tvert å vere med på den dumme diskusjonen for eller mot monarkiet. Han viser til retten til å la vere å ytre seg om saka, for han synest ikkje det å ha ei meining om denne saka høyrer heime i eit essay. Så han går sin veg, bort frå heile diskusjonen, som han synest er unødvendig. Han ruslar ut på byen. Han går og går, stansar opp, stikk innom, går ut att, går vidare. Han flyttar seg som eit essay, i eit essay. Han får innfall: «Medan eg går vidare, kvernar ordet fridom i tankane mine.» Og han
prøver å skrive. Prøver! Essay kjem av det franske verbet essayer, som tyder å prøve. Finn Tveito skriv om sitt essay, for kvifor bry seg om kongen; han har jo eigenleg for lengst abdisert: «Når dei verkelege kongane er så ulike dei som finst i eventyra, tyder det på at monarkiet for lengst har gått over til å verta noko anna. I ein viss forstand har kongen alt abdisert, det er berre det at ingen har lagt merke til det.»
Finn Tveitos essay er til stades, det finst, det er fysisk nærverande i lesestolen min. Slik det skal. For: «Viss ikkje essayforma kan merkast reint fysisk av lesaren, er det ikkje noko essay han les, men ein artikkel.» Og eg humrar over spensten og den leikande frekke tonen i teksten.
Statsvitskap
Femtepremien er delt mellom Tore Myhre og Nils Rune Langeland (10.000 kroner til kvar). Tore Myhre, som hevdar at han er republikanar «av prinsipp», vil med sin tekst forsvare kongedømet. Ei slik sjølvmotseiing er eit prima utgangspunkt for eit essay; no kan kva som helst skje, tenkjer eg forventningsfullt. Men så viser det seg at Myhres prosjekt er å diskutere EU-medlemskap. Ikkje Noregs eventuelle EU-medlemskap, men det han kallar «vårt kommende EU-medlemskap». I ein tekst som er eit saksinnlegg, ja, nesten ein proklamasjon, stinn av statsvitskapleg informasjon, vert det hevda, argumentert, kunngjort og erklært. Eg tek til å vantrivast der i lesestolen min. Eg føler at Myhres artikkel (og for
den saks skyld også Tanja Storløkkens) stiller krav til meg om å ta notat, streke under med rød penn, pugge. Når Myhres artikkel så smått vert runda av med floskelen «Norge står overfor store utfordringer de nærmeste årene», tek eg til å lure på om ikkje også talane til statsministeren kunne ha vore premieverdige bidrag i denne konkurransen.
Puste fritt att
Med Nils Rune Langelands tekst kan eg puste fritt att, og kjenne hjernecellene mine verte masserte. For han har skrive eit essay. Kanskje ein smule doserande, kanskje med litt for kjent stoff for dei som har lese boka hans Kveldseta, som kom siste haust. Men eit essay, reflekterande og kunnskapsrikt. Temperamentsfullt, uforskamma og utan at han legg band på seg, skriv Langeland om den eigenlege herskaren av folket i dag, nemleg kjærleiksguden, som er ein despot som også herskar over kronprins Håkon. Monarkiet er «i første rekkje eit regime for barn», skriv Langeland, som truleg meiner at Noreg er eit tøyseland med tøvete politikarar og eit tullete folkeferd som fortener å få «ei rampejente frå
Kristiansand» på trona.
«Skriv eit essay», lydde oppgåva. Berre to, under tvil tre, av dei seks premievinnarane har svara på oppgåva. Kva har dei andre, nesten 70 bidragsytarane levert, eigentleg?
Snill jury
Dei tre (fire) vinnarane som ikkje har skrive essays, har levert bidraga sine til ein essaykonkurranse. Altså har dei trudd at det dei skreiv, var essay. Det er tankevekkjande at folk som gjerne vil, og som også kan, skrive i dette landet, ikkje veit kva eit essay er. Det er dess meir tankevekkjande når ein veit at dette er eit land som held seg med ei innkjøpsordning for essayistikk. Uroa noterer eg ein hugselapp til meg sjølv om at eg må finne ut kven det er som sit i den komiteen: Er det sannsynleg at det er folk som verkeleg veit kva eit essay er?
Juryen har valt å premiere bidrag som ikkje har svara på oppgåva. Det var snilt. Men var det lurt? Ei avlysing av konkurransen, grunna mangel på tilstrekkeleg mange bidrag, eller ei ny utlysing, kunne vore med til å skape debatt om norske skribentar sitt lurvete forhold til essayforma.
I ein slik debatt ville kanskje nynorskfolket få vatn på mølla: Det er interessant at dei tre bidraga som vert premierte som essays, er skrivne på nynorsk, medan dei andre tre er på bokmål. Eg har late meg fortelje at dette ikkje er tilfeldig.
Nøste Kendzior
|