Dag og Tid nr. 7, laurdag 14. februar 2004

Roald Helgheim:
Kongen har fødd oss vel

Vi er alle republikanarar, men ingen gjer noko med det. Ein og annan bruser med fjørene og flaggar republikk av plikt, oftast når det hender noko konstitusjonelt, som at nokon i kongeslekta gifter seg eller får barn. Men då rykteflaumen rasa som verst om Mette-Marit, var det også noko djupt bigott i den moralske kritikken. Ho måtte gå ein offentleg kanossagang på ein pressekonferanse, og fekk si endelege tilgjeving gjennom ein vigslingstale der Gunnar Stålsett i røynda gjenoppretta den guddommelege orden, over eit kongehus som etter vår rådande religion er innsett av Gud. Det gjeld ikkje berre kongehuset, men heile statsstyret. Den Gud gir eit embete, gir han også forstand, det er meir enn eit ordtak. Det er eit dogme i den statsberande religionen.

Det prinsipielle i kongedebatten er borte. Det framstår som djupt opportunistisk når hoffjournalistikken – særleg etter at Ingrid Alexandra kom til verda – no berre er på kosestadiet. Når ei prinsesse Ragnhild som ikkje har følgt med i tida, snakkar gammaldags om dei unge i kongeslekta, slår presse og politikarar ring rundt dei med opphøgd harme. Men når svenskekongen dummar seg ut under vitjinga til sultanen i eit lite land dei fleste ikkje kan peike ut på kartet, vil Norge avsetje Carl Gustaf på flekken. Annleis kan ein ikkje lese kommentarane etter blamasjen med den styrtrike sultan Hassan av Brunei, ein gammal kompis av Carl XVI Gustaf. Kungen har eit lengre synderegister, men det er småting mot forgjengaren, som er den verkelege årsaka til at det svenske kongedømmet er strippa for sjølv symbolsk deltaking i styre og stell. Gustav V prøvde ikkje berre å blande seg direkte inn i styret, men skandaliserte monarkiet gjennom leflinga med Hitler-Tyskland.

Difor er det også Sverige som kan skilte med dei kvassaste kritikarane, med forfattaren og radikalaren Vilhelm Moberg i spissen. Derfor er jeg republikaner frå 1955 er ein klassikar vi ikkje har maken til i Norge. Det året boka kom, vart Den republikanske klubben skipa i Sverige, og forfattaren konkluderte optimistisk med at «vi kan med sannsynlighet gå ut fra at de gjenstående syv monarker i Europa er gått i graven når dette århundret slutter.» Boka kom på norsk i 1966, og mitt innkjøpte eksemplar til kr 9,50 har stått på heidersplass i bokhylla. Det er der dei bøkene står som du sjeldan brukar, og som samlar støv. Men Mobergs kritikk av den anakronistiske skipnaden som eit kongedømme er, er like kvass og frisk no, mot ei styreform som ikkje er uttrykk for anna enn eldgammal overtru. Eit styre som gjer krav på eit guddommeleg opphav, har eit underdanig folk som det logiske motstykket, skriv Moberg.

Den største svenske kongehusskandalen er ukjend for nordmenn flest. Kona til den svenske forretningsformann Kurt Hajby tok ut skilsmisse fordi han hadde eit homofilt tilhøve til kong Gustav V. Ho fekk regelmessige pengebeløp for å endre grunngjevinga for skilsmissekravet. Mannen vart forfølgt, forvist og hamna på psykiatrisk sjukehus. Han gav ut bok om saka, men heile opplaget vart kjøpt opp av politiet. Han fekk store pengesummar for å halde seg i ro. Etter kongens død gjekk han til rettssak. Det enda med at han sjølv fekk seks års fengsel, for pengeutpressing!

Saka var sjølve krondømet bak Mobergs kamp mot ein rotnande institusjon. Då boka hans kom på norsk, hadde statsminister Tage Erlander bestemt seg for å greie ut kongen si stilling i eit parlamentarisk demokrati. Ein optimistisk Moberg skreiv at «proklameringen av republikken Sverige er bare et tidsspørsmål».

Slik gjekk det ikkje. Kongefjesket i Sverige har ikkje blitt mindre med to vakre og litt skandaløse prinsesser å sverme rundt. Smiskinga for kongemakta har teke seg ulike uttrykk, også i ein kongelitteratur som her i landet har runne over av servilitet. Eit unntak var Carl-Erik Grimstads Bak fasaden, ei godt skriven krønike om «den kongelige væremåten». Grimstad har sidan opphøgd seg sjølv til ein slags moralsk øvsteprest i kongesaker. Kimen til det ser vi også i boka, der han meiner at det norske republikanarar kan lære av det svenske dømet, er «å satse på at kongehuset selv gjør seg upopulært blant folk flest... Det er de moralske skandalane norske republikanere må sette sin lit til.»

For tida er det ei dårleg oppskrift. Dei kongelege framstår med ei danning som ikkje sjeldan overgår dei vulgære drevhundane i journalistlaget. Dei svarar høfleg på botnlaust idiotiske spørsmål, og gjorde heile medielauget til amatørar i samband med den siste dronningfødselen. Dei tar regien over sitt metier på ein måte som får media til å framstå som komiske. Det gjeld også Klassekampen, som etter dronningfødselen slo stort opp at no kan kongehuset få «bestå». Orda var lagde i munnen på to radikale norske diktarhovdingar, men det verka som om det skulle vere ein bodskap om at nasjonen no kunne puste letta ut fordi også dei revolusjonære gjekk på kne.

Eit knapt hundre år ungt norsk kongehus har på ein måte blitt ein del moderniteten. «Kongen har fødd oss vel, eg er enno feit rundt hjarterøtene». Det sa Tormod Kolbrunarskald då han såg på pilodden han sjølv hadde trekt ut av såret under slaget på Stiklestad. Det var slaget som gav kongen heilagstatus. I dag fôrar kongehuset oss berre med godt eller dårleg kongestoff. Om eg er republikanar, kjem eg ikkje til å løfte ein finger for å avskaffe kongehuset. Utviklinga til dei norske media er ein mykje større fare for nasjonen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |