Dag og Tid nr. 7, laurdag 14. februar 2004
Nøste Kendzior:
Raud klut
Her ein dag kjøpte eg meg eit skaut. Kvifor? Fordi det er pent. Fordi det er varmt. Fordi det er praktisk: Eg kan bere det på hovudet, rundt halsen, over skuldrene. Eg kan leggje det over meg som teppe når eg skal ta meg ein liten lur. Eg kan leggje det under knea når eg står på alle fire og skal gjere ryggøvingar. Eg kan ikkje hugse at eg nokosinne har vore utan skaut. Eg har ofte eit skaut med i veska. Når eg skal reise, er skautet det plagget eg pakkar ned først. Eg kjenner ingen kvinner som ikkje eig minst eitt skaut, og brukar det.
Som barn brukte eg ofte skaut i staden for lue om vinteren. Alle gjorde det. På eit tidspunkt var skautet høgaste mote blant ungjenter over heile landet, alle slags skaut, i bomull eller ull, og vi bar det i stram knute under haka og såg ut som små kjerringar, alle saman. Dei tøffaste av oss sette knuten midt på haka, og dei som var skikkeleg rå, tok på seg ei topplue over skautet. Kvifor gjorde vi dette? Fordi alle dei andre gjorde det.
Lengst nord i landet hadde vi vår eigen variant av skautmoten: Finnetørkledet eller Laila-tørkledet. Det var eit grovt vove skaut i eit skotsk kiltmønster, rutete i raudt og blått. Det var ein mindre variant av skuldersjalet, ulluliidni, som ein vinterstid ber over same-drakta frå Kautokeino-distriktet. Vi gjekk med det sjølv om vi ikkje elles bar samiske klede. Kvifor? Fordi alle dei andre gjorde det. Og kanskje var det meir enn ein mote. Høgst sannsynleg vart denne krysninga av landsdekkjande mote og samisk drakttradisjon fremja av dei strenge påboda til læstadianarane om at kvinnene skulle halde hovudet tildekt. Kanskje var det nokre som heilt medvite brukte finnetørkledet samepolitisk eller læstadianismereligiøst. Men nokre sånne kjende eg ikkje og visste eg ikkje om: Eg og alle eg kjende, gjekk med finnetørklede fordi det var det ein gjorde då.
Sommarstid gjekk vi også med skaut, men då med eit av tynn chiffon. Fordi det var på moten. Over heile den vestlege verda. Dette var i dei tuperte frisyrane si tid, og chiffonskautet, som ein kunne få i mange lekre fargar, heldt høysåta på plass. Faktisk var skautet viktigare enn håret på den tida, og det gjorde det lettare for oss å røre oss fritt omkring: Vi jentene kom oss ut blant folk same kor fæle vi var på håret, og vi sjenerte oss ikkje ein gong for å møte opp på skulen eller på jobb eller på stemnemøte med digre hårrullar på hovudet; vi hadde jo eit pent skaut over!
Så kom det ein ny skautmote: No skulle det vere kraftige bomullsskaut frå Husfliden, vovne av Sigrun Berg. Dei var einsfarga eller i mange fargar, men helst skulle dei vere lilla. Eller det skulle vere skaut frå India, gjerne utstyrte med frynser, paljetter og små speglar. Eller det skulle vere Palestina-sjal. Og vi knytte skauta på oss, på hovudet, rundt halsen eller rundt hoftene, alt etter moten, og heime på hybelen brukte vi dei som duk, lampeskjerm eller veggdekorasjon.
Det var på den tida då alt ein sa og gjorde, var ei politisk handling, så naturlegvis var også skautet eit slags politisk signal. Men kor alvorleg var det? Var alle vi som gjekk med skaut, feministar, PLO-aktivistar, militærnektarar og vegetarianarar?
Nei, men vi var unge, og vi leitte etter tilhøyrsle og identitet. I dei «raude», meir og mindre politisk medvitne miljøa var det liv og røre, temperament og draumar. Det var ein artig stad å tilbringe ungdomen, det kunne ein sjå på skautet, som var bunde festleg opp som ein turban. Det fortalde at vi hadde hamna på rett hylle og hadde det gøy. Vi var avslappa, litt utflippa filosofar. Men mange av oss studerte flittig og hadde jobb ved sida av og seinare vart vi jo dei besteborgarane vi er vortne. På sett og vis har bruken av skaut hjelpt oss hit. Men kva hadde det vorte av oss dersom styresmaktene i landet i si tid hadde forbode finnetørkledet og det lilla skautet, og for ikkje å snakke om Palestina-tørkledet?
Det hadde vorte liv i klutane, bokstaveleg tala. Alle vi som berre dilta med, vi som berre følgde ein mote, vi som forvirra søkte etter vår identitet og som etter kvart og ettersom tida gjekk kanskje fann den ein heilt annan stad vi ville plutseleg fått noko å forsvare, noko å kjempe for, for alvor. I ein sårbar identitetsskapingsprosess ville styresmaktene ha servert oss sjølvaste meininga med livet, rett i turbanen, så å seie. Vi kunne vorte militante samesaksforkjemparar alt på midten av 1960-talet, og kjempa til oss retten til land og vatn då regjeringa var som mest handlingslamma av dårleg samvit overfor samane. Eller vi kunne vorte drivne rett inn i ei kristenfundamentalistisk vekkingsbølgje, der traumet frå Kautokeino-opprøret i 1852 blussa opp til nytt raseri. Eller vi kunne vorte frodande mannshatarar som kjempa for å utslette mannskjønnet frå jorda. Eller
vi kunne vorte krigarar som slost for Palestina med våpen i hand, på gatene her heime.
Det har kome nye damer til landet, nokre av dei går med skaut. Det skal sikkert vere dei som gjer det fordi dei ønskjer å formidle ein religiøs og/eller politisk bodskap. Men dei fleste gjer det truleg fordi det er det dei gjer, der dei kjem frå, og fordi dei, i ei framand og kanskje nokså ubegripeleg verd, finn trøyst og meining i å klamre seg til ein kultur som i det minste er kjend, kor despotisk han enn måtte vere. Det har mellom anna med tryggleik å gjere. Og nokre synest det er tryggare å sende jentungane sine på skulen i skaut enn med berr navle og t-skjorte med teksten «Fuck me».
Ein snakkar om integrering og assimilering. Men ting tek tid. Det tar tid å få auge på gylne middelvegar. Det tek tid før ein vert klar over kva det eigentleg er ein har fått tredd ned over hovudet, og av kven.
Dersom skautet representerer eit problem, kjem eit forbod til å setje fyr og flamme til det problemet. Så: Dersom Noreg skal vere eit land der det å gå med skaut eit på alle måtar fornuftig og kreativt hovudplagg, når ein først treng eit hovudplagg vert ei kriminell handling, er det godt mogeleg at eg finn fram mitt gamle ulluliidni, trekkjer det godt fram i panna, brettar det inn ved tinningane og let endane av skautet dekkje brystet mitt. Då vil eg setje alle klutar til. For då har eg fått ei sak. Og saker kan ein leve eller døy for.
Nøste Kendzior |