Dag og Tid nr. 7, laurdag 14. februar 2004
Klok på bok 651:
Klok på sorg
Denne veka siterer me vekas vinnar med det same. Karen Brørvik, 5913 Eikangervåg har svara aldeles korrekt. Dama er imponerande kunnskapsrik, seier Barabass. Eg er samd. Me gratulerer! «Sitatet i Klok 649 verka merkeleg kjent, men det gjekk ei stund før det demra for meg. Grunnen er nok at eg las boka på originalspråket. Der heiter ho Girl with a pearl earring og er skriven av Tracy Chevalier. På norsk bokmål må dette bli Pike med perleøredobb. Tittelen viser til eit måleri av den hollandske 1600-talskunstnaren Jan Vermeer. Det finst visst ikkje så mykje kunnskap om hans liv, og forfattaren av denne boka har difor hatt høve til å fantasere litt. Ho seier ho vart trollbunden av dette måleriet første gong ho såg det, og har spunne mykje på historia rundt det. Det er blitt ei fengslande bok. Nyleg er det også laga ein film, som har fått gode kritikkar. Jenta på det omtala måleriet skal ifølgje boka vere tenestejenta Griet, som har avansert frå hushjelp til ein slags personleg
assistent for kunstnaren.»
Slik skriv altså vekas vinnar. Men ho kan meir. De hugsar kanskje at for ei tid tilbake var det ein her i spalta som bad om hjelp til å finna ut kva ei «troskykkje» er. Karen Brørvik veit svaret. Ho skriv: «Har de fått svar på spørsmålet til Oskar i Oslo? Eg har kontaktar i Hardanger. Ei troskykkje er ei utløe der ein har plass til troene, altså hesjestaurane, i eit skot (innsmett) på eine veggen. Kan godt hende dette er det sunnmørske troskøtet. Kanskje seier ordet tro eller troe (stong) også noko om måten løa er bygd på, jfr. ordet stavkyrkje. Dette må ein som veit noko om gammal byggjeskikk, kunne svare på.»
Ein annan som er klok på vekas oppgåva er Karl Johan Grønning, Rykkinn. Han skriv slik: «Hei, Dale-Oskar og Barabass! Kva gjer ein når ein ikkje dreg kjensel på oppgåvesitatet? Ein må presse ut det ein kan av tipsa som blir gjevne, sjølvsagt. Men denne gongen får ein vita at forfattaren er amerikansk og med stor suksess. Av slike er det nok mange. Og så var det dette med 1600-talet, da. Nei, her stod eg fast. Eg byrja derfor med å søkje på namn i katalogen Årets bøker for 2003. Og sanneleg var eg heldig! Blant dei omsette romanane finn eg ein med ein omtale som synest passe: ...spennende roman som gir et levende bilde av 1600-tallets Nederland. Da nikka eg til meg sjølv: Sjølvsagt! Pike med perleøredobb av Tracy Chevalier hadde eg jo frå våren i fjor sett mange rosande omtalar av! Og i tillegg utstilte kopiar av Vermeers
målarstykke med same tittel! Eit besøk i bokhandelen viser ved oppslag i boka at ho byrjar på nettopp denne måten.», skriv Karl Johan Grønning. Birgitte Berge i Rådal har òg sendt inn eit aldeles korrekt svar. Det same gjeld Olav Molven i Bergen. «Dette er tydlegvis svært til bok, men lesing må utsetjast. Difor er eg akkurat no oppteken av forfattaren sitt namn. Kvifor/korleis er ho komen til å heite Tracy Chevalier? Eg tykkjer han Dale-Oskar kan filosofere over det, spinne sine tankar for oss lesarane i Kpb. Ute er det regn, skodde og tungt morgonlys, og det får det ikkje akkurat til å sprette i hugen. Klagesong skal ein likevel halde seg unna. Hurra for Kpb-spalta!»Ja, hurra, seier Barabass og eg i kor. Men eg trur ikkje eg maktar å filosofera over namnet til forfattaren. Slikt trengst det vise Klok på bok-arar til!
Elen Maria Todal er òg blant dei kloke. Ho skriv om boka: «Ei lita perle av ei bok, den beste av dei tre eg har lese av den forfattaren.» Gunvor Edel Åkre i Valle er noko meir kritisk til vekas bok. Ho skriv: «Det var ei, for meg, særskjend innleiing då eg faktisk las byrjinga av denne boka for to dagar sidan. Det vart med det, då eg ikkje greidde å svelge den hyppige bruken av vel gjennomtenkte beskrivingar som Håret, som stakk frem under hatten, hadde samme farge som røde murstener vasket av regn og øyne grå som havet og (...)
Og denne så oppfinnsame (!) forfattaren er amerikanske Tracy Chevalier som visstnok bur i London, men altså i denne Piken med perleøredobb skriv om eit liv i Nerderland på 1600-talet», skriv Gunvor Edel Åkre. Ho er skuffa, men skal likevel sjå filmen når han kjem på kino. Det meiner Barabass at eg og han òg skal, men eg sa til han at me får sjå. Barabass har fått sånn utferdstrong. Eg veit ikkje kva det kan koma av.
Klok 651
Den nye leiligheten, og mer enn det: å tenke en ny leilighet og gleden ved å skrive den nye leiligheten, en treromsbolig med terrasse, stue og arbeidsrom. Sengen står midt i stuen og er rammet inn av fire tometerhøye stolper og tverrlagte stammer av bøk hvorfra det er festet to hvite bomullsforheng som lukker søvnen inne.
Nokre tips: Død. Boka kom ut i fjor. Boka er den sjuande forfattaren har gjeve ut. Kva heiter forfattaren og kva heiter boka?
Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Svar innan fredag 20. februar. Lykke til!
Dale-Oskar og Barabass
|