Dag og Tid nr. 7, laurdag 14. februar 2004
Utanriks:
Bush vil ikkje ha demokrati på Haiti
Haiti kunne vore eit stjernedøme på at USA kan skapa demokrati i andre land med våpenmakt. Men Bush-administrasjonen vender ryggen til den folkevalde president Aristide. Washington støttar opprørarane som skaper kaos i landet.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
Det er tilsynelatande eit paradoks at Bush-administrasjonen tek til våpen for å innføra demokrati i Midt-austen, men ikkje legg to pinnar i kross for å berga det skrøpelege demokratiet på Haiti i eigen bakgard.
Ein ny borgarkrig i Amerikas fattigaste land og nauda som følgjer krigen, kjem til å skapa ein ny straum av båtflyktningar mot Florida-kysten som USA og især president Bush knapt kan ønskja seg i eit valår.
På 90-talet kunne Gamle-Bush skyssa flyktningane vidare til Guantanamo-basen på Cuba. Der har sonen no fylt cellene med 600 skjeggete menn frå Afghanistan, men det er rom for fleire: Christian Science Monitor fortel at UD i USA den siste månaden har hatt kontakt med naudhjelpsorganisasjonar med tanke på å etablera ein ny flyktningleir på Guantanamo med ikkje mindre enn 50.000 køyer.
Bush, Clinton og Bush
Spørsmålet er kvifor USA ikkje heller grip inn før det er for seint på Haiti? Svaret må vera at Bush-administrasjonen støttar kuppmakarane. På Haiti, slik han gjorde i Venezuela. I løynd. Offisielt er han berre uinteressert.
Haiti blir framleis styrt av den lovleg valde Jean-Bertrand Aristide. Same presidenten blei styrta i eit militærkupp i 1991, og sidan hjelpt attende til makta av 20.000 US marines under kommando av president Clinton i 1994, då Colin Powell hadde ei rolle som fredsmeklar. Det gjorde Clinton trass i at Bush senior-administrasjonen før han støtta motkandidaten til Aristide, Marc Bazin i 1990, ved det fyrste frie valet på Haiti. Bazin fekk berre 12 prosent av røystene, medan den radikale presten Aristide fekk to av tre det vil seia røystene til alle dei fattige på øya.
For liten elite
Grunnlova tillét ikkje Aristide å etterfølgja seg sjølv ved det neste presidentvalet i 1995. Partiet hans, Lavalas, stilte såleis med stand-in, Rene Preval, som vann. I 2000-valet kunne Aristide på nytt la seg velja med solid fleirtal (men færre nytta røysteretten denne gongen) til president fram til 2006.
Til irritasjon for den rike eliten på øya. Trass i moralsk og rikeleg økonomisk støtte frå International Republican Institute i USA, som formelt knyter den republikanske Bush-regjeringa direkte til den politiske opposisjonen på Haiti.
Dei rike er for få og for mislikte til å vinna eit val på Haiti. Difor proklamerer opposisjonen berre at Aristide «må gå av», det same som eliten i Venezuela seier til og om president Hugo Chavez, elles «kjem han til å bli kasta».
Slike trugsmål høyrer slett ikkje heime mellom demokratar. Forskarforumet Council on Hemisferic Affairs (www.coha.org) i Washington rår såleis Bush-administrasjonen til å gjera det klart for opposisjonen på Haiti at han har å retta seg etter demokratiske spelereglar. Nett på grunn av dei ideologiske og økonomiske banda mellom opposisjonen på Haiti og regjeringa i USA, kunne ei slik fråsegn hatt god verknad, trur COHA.
«Ny Castro i Karibia»
Kva gjer Bush? Medan væpna bandar okkuperer politistasjonane i by etter by, elleve i skrivande stund, og meir enn 40 menneske er drepne den siste veka åleine, åtvarar Bush-administrasjonen president Aristide.
«Ei politisk løysing på konflikten må innebera ein del djuptgripande endringar i måten landet er styrt på», sa talsmannen for utanriksministeriet i USA, Richard Boucher i ein pressekonferanse nyleg. Ei anna kjelde i same departement fortalde i avisa Baltimore Sun, på vilkår av at han fekk vera unemnd, at «ei av desse endringane sjølvsagt må gjelda posisjonen til president Aristide».
Anna kan ein vel heller ikkje venta så lenge Bush i karibiske spørsmål tek råd frå ekstremistar av typen senator Jesse Helms, som ser ein ny Castro i Aristide.
Aristide har såleis fått heile skulda for det økonomiske uføret Haiti har kome i, som ikkje har blitt betre av at lovnader på til saman 500 millionar dollar i bistand frå ulike gjevarland har blitt stogga av eller etter press frå USA.
I røynda har Aristide streva så flittig med å stetta krava om «strukturtilpassing» at tidlegare støttespelarar kjenner seg svikne.
USA har stilt krav til Aristide som han ikkje kan oppfylla utan den hjelpa som han er nekta, konkluderer forskarforumet COHA.
Dei fattige på Haiti har såleis blitt fattigare. Dei har mist utkome, men òg trua på demokratiet. Såleis blir oppreisten i gatene meir fortvila og blodigare for kvar dag som går.
Liberale COHA vedgår at Aristide har gjort mange feil som president, men minner om at regjeringa hans er lovleg vald og korkje har vore autoritær eller brutal mot folket sitt.
Kva vil dei?
Opposisjonen slår i bordet eit diktat om at Aristide må gå av. Men kva dei elles står for, er ei gåte.
Dei væpna bandane av misnøgde, arbeidslause tidlegare soldatar og deserterte politifolk er så råe at den politiske opposisjonen i hovudstaden ikkje vedkjenner seg hopehavet. Bandane krev at skular og sjukehus blir stengde til Aristide har gått av, og set makt attom kravet ved å terrorisera studentar og brenna offentlege bygg. Dei har teke ei rekkje byar og held offentlege tenestemenn fanga. Meir enn 60 menneske er drepne sidan kuppforsøket tok til, mellom dei mange politifolk.
Opposisjonen har ingen kandidat til å ta over etter Aristide, og ingen politikk for å løysa vanskane til Haiti, der halve folket no lever på eller under sveltegrensa.
Forsvarslaus
Aristide har lite å forsvara seg med mot opprørarane. Det fyrste han gjorde etter at USA hjelpte han til makta att i 1994, var å oppløysa hæren som sveik han. Med mindre enn 5000 dårleg trente og utrusta politifolk til å halda styr på eit land med åtte millionar innbyggjarar, har han vore nøydd til å forhandla med opposisjonen, men dei nektar å tala med han. Dei vil berre ha han vekk.
Aristide har gått med på å avvæpna gjengane som forsvarer han mot gjengane til opposisjonen, «reformera» politiet og å la opposisjonen peika ut ein visepresident. Men han seier òg:
Eg går av den 7. februar 2006, og ikkje ein dag før. Det prinsippet må folk respektera. Ein mann, ei røyst, kunngjorde Aristide då han kom att frå Jamaica førre veke.
Paradoks
Haiti-politikken til Bush-administrasjonen er påfallande: Washington fordømmer valden, men rettar ingen kritikk mot valdsmennene, berre eit krav til Aristide om «dialog, forhandling og kompromiss» med ein Bush-støtta opposisjon som nektar. Heller enn å pressa opposisjonen til å roa seg, planlegg Bush ein ny leir på Cuba for dei som måtte flykta frå borgarkrigen. Bush kallar heim alle sine borgarar frå Haiti av omsyn til tryggleiken deira, men kunngjer at ikkje ein einaste haitisk båtflyktning kvalifiserer til opphaldsløyve i USA. Justisminister John Ashcroft har tvert om sagt at Haiti kan vera transittstasjon for islamistiske terroristar, og at haitianske båtflyktningar (motsett til dømes cubanske) blir å oppfatta som trugsmål mot tryggleiken til USA og handsama deretter.
Sist, men ikkje minst kunne Bush gjort Haiti til eit føredøme for Irak, eller i det minste til eit nærliggjande døme på at USA faktisk kan skapa demokrati i andre land med bruk av våpenmakt. Haiti har i staden blitt eit døme på kva som hender med det vidare engasjementet når kandidaten som folk flest ville ha, og ikkje den som Washington ønskte, skulle slumpa til å vinna det frie valet. Dette til orientering for shiamuslimane i Irak.
I eit intervju med Naples News seier tolken Thomas Davies, som bur på Haiti, det slik:
Tenk om USA etter invasjonen av Haiti i 1994 hadde gjort som dei no gjer i Irak hjelpt folk til arbeid og mat. Dei invaderte Irak og gav irakarane 90 milliardar dollar. Men på Haiti finst ikkje olje. Her er vel ikkje andre grunnar til at USA skulle gje noko enn dei humanitære.
Det er tydelegvis ikkje nok.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|