Dag og Tid nr. 7, laurdag 14. februar 2004
Bøker:
Brannbomber som revolusjonært brennglas
Det teoretiske grunnlaget for bombinga av Tyskland var faktisk teorien om det revolusjonære brennglaset, skriv Pål Bakka.
Hermann Knell
To destroy a city: strategic bombing and its human consequences in World War II.
Cambridge, Mass: Da Capo Press, 2003
Natta mellom 16. og 17.mars 1945 slapp 223 Lancaster- og Mosquitofly frå RAFs Bomber Command 967 tonn bomber over Würzburg i Unterfranken, ein time med toget frå Frankfurt. Byen hadde den gongen 107.000 innbyggjarar. Av desse døydde omtrent 5000 i eldstormen, to tredelar av ofra var kvinner. Høvesvis døydde det fleire i bombinga av Würzburg enn i bombinga av Hamburg i 1943, 41,8 promille mot 36,1. Nitti tusen menneske vart bomba ut av heimane sine og byen var etter RAF sitt eige estimat 90 prosent øydelagd.
Uforståeleg
Fem tusen døde er ikkje mange i ein andre verdskrigssamanheng. Det som gjer bombinga av Würzburg spesiell, er at det er umogeleg å forstå kvifor RAF ofra seks fly og 49 flymannskap på å bomba ein småby utan militære installasjonar eller krigsindustri på eit tidspunkt då folk der kunne høyra kanonane frå dei framrykkjande amerikanske troppane. Würzburg hadde ingen strategisk eigenverdi. Åtaket vart då også rapportert som eit åtak på samferdslemål av RAF, sjølv om jernbanestasjonane låg utanfor målområdet.
Målkoordinatane for bombinga var avgrensa til den historiske kjernen i ein by som den gongen som no var best kjend for sine barokkarkitektur, særleg Keisarslottet. Kuppelen i Residensen, som slottet vart kalla, er pryda av verdas største freskomåleri. Det høyrer med til soga at byen var utan luftvern.
Hermann Knell opplevde bombenatta som nittenåring. Boka er eit resultat av hans eigen lovnad om å finna ut kvifor byen vart bomba. Ikkje minst fordi både BBC og Voice of America forsikra sin tyske lydarar om at dei berre bomba militære mål. Til å vera skriven av eit augevitne er boka svært avmålt og blotta for verdidommar. Forfattaren har vakse av seg sin harme etter femti år i Canada. Han er ikkje faghistorikar. Det er ein styrke og ein veikskap ved verket. Men han har gått til kjeldene noko som er sjeldsynt i amatørhistorieskriving.
Og han finn eit svar på kvifor heimbyen hans vart lagd i oske. Eit svar som overraskar til og med ein garva andre verdskrigs-nerd.
For det teoretiske grunnlaget for bombinga av Tyskland var faktisk teorien om det revolusjonære brennglaset. Ideen om eit foco revolutionario som kveikjer revolusjonsflamma ved å provosera makta til auka undertrykking, og slik lyfter massane til revolusjonært medvit, er vanlegvis tilskriven Che Guevara og Regis Debray. Postulatet er at revolusjonær valdsbruk skapar føresetnaden for revolusjon nett-opp ved at styresmaktene gjennom si undertrykking av dei revolusjonære også undertrykkjer massane og dermed viser sitt sanne andlet. Både vesteuropeiske og latinamerikanske terroristar freista tenna revolusjonære eldar på denne måten på 1970-talet.
Opprør
At eit folk som vert påført liding av ein fiende, endar opp med å reisa seg mot sine eigne styres-makter for å få ein slutt på det, er ei logisk forlenging av denne teorien. Ikkje berre ei forlenging. Den er faktisk den originale formuleringa. Først sett fram av den italienske flygeneralen Guilio Douhet i boka Il domino dellariofrå 1923. Hans sentrale tese er at bombing av byane til fienden vil driva folket der til opprør. Å bomba dei sivile sparar livet til eigne soldatar. Bombeflyet sikrar ein snøgg, billeg og, for den som bombar, blodlaus siger. Tesen vart formulert under inntrykket av revolusjonane i kjølvatnet av første verdskrigen. Revolusjonane i Tyskland og Austerrike-Ungarn i november 1918 gjorde slutt på krigen. At Douhet misforstod årsakssamanhengen mellom revolusjon og nederlag at nederlag i krig under visse omstende fører til revolusjon skuldast at han var
ein futuristisk teknologioptimist ute for å prova at flyvåpenet hadde ei framtid.
Douhet var den einaste av dei mange bombeflyentusiastane som sette tankane sine på papiret på 1920-talet. Men alle flygeneralar meinte det same. Ikkje minst i RAF, som etter første verdskrigen sikra sin eksistens som våpengrein med å prova at bombing var den billegaste og mest effektive måten å pasifisera opprørske stammefolk på. Deira propaganda om effekten av strategisk bombing kombinert med 20-talets teknologioptimisme og minnet om Vestfronten skapte samtidig angst for, og tru på, bombeflyet som det ultimate våpenet.
RAF
Då krigen kom, fanst det ingen politisk vilje i noko land til å prøva Douhet sine doktrinar. Men i mai 1940 makta tyskarane å gjera på seks veker det dei ikkje hadde makta på fire år under første verdskrigen: Å knusa Frankrike militært. Det einaste britane hadde å stilla opp med, var det strategiske bombeflyet. Det viste seg å vera ein stump gjenstand. Britane hadde satsa på nattbombefly. Å finna eit mål i mørkret var vanskeleg nok. Treff i målet var bokstavleg tala slumpetreff. Einaste måten å øydeleggja eit mål på, var å leggja byen rundt i oske. Det kravde mange fly over målet. Nok fly til å overmetta forsvaret og dermed redusera omfanget av eigne tap.
Bombeflygarane i RAF var overtydde om at dei kunne vinna krigen åleine, hausten 1942 fekk dei overtydd Churchill om det same. Dei hevda i sine strateginotat før Casablancakonferansen i januar 1943 at tysk moral ville klappa saman etter seks månaders bombing, og føra til ein snøgg og blodlaus siger. Etter at 58 byar var brende, 25 millionar menneske gjorde heimlause og ein million drepne ville tyskarane reisa seg mot nazistane og overgje seg på nåde og unåde. I Casablanca vart Churchill og Roosevelt samde om at det tyske folkets moral vilje til å føra krig skulle vera eitt av måla for den strategiske luftkrigen. Paradokset er at samstundes som dei retta det revolusjonære brennglaset mot det tyske folket, kravde dei også vilkårslaus kapitulasjon også av den regjeringa som skulle koma ut av den forventa revolusjonen mot nazistane.
Raserte
Frå 1943 fekk bombeoffensiven høgaste prioritet, og hemnen for den tyske bombinga av England let ikkje venta på seg. Men bombinga hadde ikkje den venta verknaden. Opprøret kom ikkje. I ettertid er det tyske produksjonstapet siste halvår 1943 rekna ut å vera på 10 prosent av planlagt volum. Det var først etter invasjonen i 1944 at den strategiske bombinga vart effektiv. Ironien er at det var operasjonen bombinga skulle erstatta, som gjorde ho effektiv. Frå hausten 1944 vart det revolusjonære brennglaset retta mot den eine tyske byen etter den andre. Måla vart færre og færre. Brannbomber og to tonns sprengbomber kraftige nok til å øydeleggja tilfluktsrom hadde lagt dei største tyske byane flate. Med industrien i ruinar konsentrerte bombeflya seg om «transportmål» og mot den tyske moralen. Frå februar 1944 kom US Air Force til hjelp i RAF sin freistnad på å få
tyskarane til å forstå at dei måtte reisa seg mot nazistane. Saman raserte dei systematisk alle byane som stod på lista over mogelege mål, men som ikkje var viktige nok til å ha blitt vitja av bombeflya tidlegare.
Om morgonen 15. mars kom altså turen til Würzburg. Kvifor byen ikkje alt var bomba sjølv om han stod på lista over mål, hadde vore debattert i Parlamentet 5. mars. Men førebuingane var i alt i gang.
Svaret forfattaren gjev på sitt eige spørsmål er banalt einfelt. Würzburg vart bomba fordi han ikkje alt låg i oske.
Knell forklarar. Han fordømer ikkje. Lesaren gjer seg sine eigne tankar. Som at Würzburg er eit vel så godt døme som Auschwitz på modernitetens vesen. For inkje symboliserer vel det 20. hundreåret betre enn det å brenna ein mellomalderby for å få folket der til å gjera revolusjon.
Pål Bakka
|