Dag og Tid nr. 7, laurdag 14. februar 2004
Media:
Frp-fjernsyn til folket
Vi lever i eit teit land med altfor høge bilavgifter. Då kan det vere god trøyst i ein Honda Prelude som er «brei, låg og aggressiv trass i runde former». Kvar veke får vi Frp-tv i Autofil.
Auto tyder sjølv. Dermed tyder autofil glad i seg sjølv. Det er lite ved framtoningen til programleiaren Jan Erik Larssen som hindrar meg i å bruke det poenget.
Programmet Autofil er så støyande at eg har reagert med panikk når røysta til Larssen har dukka opp i førehandsreklamar. No har eg utsett meg for programmet for å høyre kva han verkeleg seier. Artikkelen byggjer på tre av dei siste programma: frå 9. og 16. november i fjor og 8. februar i år. Det eg måtte ha av fordommar vart innfridde, men Larssen var endå meir oppteken av at staten er dum og avgiftene er høge enn eg visste frå før.
Bilkort for ungar
Programmet har ein temmeleg stram mal. Larssen prøver ut eit knippe bilmodellar i kvart program. Han køyrer rundt i bilane medan han entusiastisk fortel om korleis dei er å køyre. Han går gjennom utstyret som høyrer med, og vurderer pris, utsjånad og kvalitet. Til kvar bilmodell får vi oppgjeve eit fast oppsett av nøkkeldata som kan minne om opplysningane på bilkorta som ungar kanskje framleis spelar med: pris og vekt, slagvolum, hestekrefter, akselerasjon frå 0 til 100 og toppfart.
Larssen susar rundt, på landeveg og motorbanar, i inn- og utland: «Vanlegvis er det berre dei råaste sportsbilane vi testar på Rudskogen, men i dag har eg lyst til å sjekke om det bur racerbileigenskapar i ein bil til 199.900.» Det tykkjer han er svært stas, sjølv om det kunne ha gått fortare: «Eg trur dette er fyrste gongen eg køyrer ein ny bil til under 200.000 på racerbane, men dette er faktisk veldig morosamt, spesielt gjennom svingane. På langstrekket er det ikkje all verda av fart du rekk å få opp. Eg får vel sånn 115-20 kilometer i timen (...) Men, veldig, veldig morosam. Eg kosar meg lenge med ein slik bil på racerbanen», seier Larssen, og vi høyrer jo det, vi høyrer kvininga i dekka.
Masar om hestar
Han er oppteken av tal og glede, og det er sterk samanheng mellom dei to: «Sidan motoren er så liten, må eg bruke veldig mykje turtal, så eg ligg på mellom fire og eit halvt og sju tusen omdreiingar heile tida», seier Larssen, som fortel at han må bruke andre gir: «Men gjer du det, kan du faktisk ha det litt moro.» Av alle målbare verdiar, verkar han å vere mest oppteken av dei nemnde hestekreftene: «Eg kan skrive under på at 180-hestaren er vesentleg meir underhaldande enn veslebror.»
Ein modell har «185 illsinte gamp» i seg. Verre er det med Honda Civic berre 75 hestekrefter: «Frykteleg stussleg, og noko vi alle bør prøve å gløyme.» No har bilen fått 90 hestar, og dermed har han fått det vesle ekstra som gjeld: «Du kan til og med køyre forbi med denne bilen.» Underforstått: Med for få hestar får vi ikkje lov til å køyre forbi så mykje som vi vil.
Lograr med halen
«Nye Mazda 3 kunne heilt sikkert ha meistra 200 hestar glatt, men sidan 105 er alt eg har å rutte med i dag, skal eg sjå om eg får han til å springe.» Autofil har lært meg ein ny terminologi. Bilane har sjel og ikkje minst kropp. Bilane spring, dei lograr med halen, dei er hissige og har sinte lykter. Ein bil ser ut som «ein eldraud muskel», og ein annan snerrar: «Den vesle snerringa du høyrer, den bør du høyre, og spesielt mellomgassen kvar gong du girar. Den er veldig, veldig bra.»
Mykje av det Larssen seier, læt latterleg, så han passar på å vere ein parodi på seg sjølv, ein masete, overbegeistra, sjølvnytande type som framstår slik dels på tull. Dermed skaffar han seg rom til å seie dette: «Du kan ikkje skulde Mazda 3 for ikkje å ha personlegdom. Sjå dei breie, liggjande hoftene, og heile rompa er trekt ut i ein spiss, og fører du fingrane inn i sprekken under spissen, så kan du opne bagasjerommet.» Eller dette: «Det er ikkje alltid mora er penare enn dottera, men når du snakkar om Honda Prelude då vert dottera som ein stygg andunge å rekne.»
Damer og bilar like å verte tekne hardt: «No skal eg vise deg noko dritkult med 206 RC-en. Du kan dra han til 70 på fyrste gir. Då legg eg inn fyrstegiret. Det høyrest kanskje litt skummelt ut, men denne motoren elskar å verte køyrd opp mot sju og eit halvt tusen omdreiingar. (...) Då kan du høyre knurringa.»
Staten held oss nede
Programmet har eit politisk program: Staten held oss nede. «Båe to-literane er fine motorar i denne bilen, og for så vidt kva han fortener, men prisgunstig i Noreg hå det vert han ikkje før du får han med 1,6 liter (...).» Stundom unner heller ikkje fabrikkane oss moroa vi vil ha: «Seinare kom han i XR2 i-utgåve, med injection kom det heile 130 gamp ut av han. Å, det var tider. Så kom dette karosseriet, og med det forsvann all leik og moro. No var det praktisk fornuft som skulle selje.» Ein annan bil har antispinn som standardutstyr, men kva om ein vil spinne? «Det einaste som er noko dumt, er at du ikkje kan kople det ut (...). Det øydelegg noko for brumbrum om
vinteren.»
Men staten er verst, og avgiftene drep gleda. Eg meiner, kva har vi gjort staten? Stadig kjem det små drypp om kor urettvist systemet er. Larssen demonstrerer «ein gedigen familiebil som sluker alt av barn, bagasje, ski og katt. (...) Dette gjeld for den amerikanske familien vel å merkje, for i Noreg vert han berre seld som to- eller treseters varebil. Stikkord: avgift.» Men stundom er det brestar i systemet, og Larssen kosar seg når fabrikantane og forbrukarane finn dei. Chrysler Voyager er mykje billegare etter at han kom som campingbil: «Det er så moro når smuttholjegerane finn to paragrafar å putte ein bil imellom.» Ein må passe på, og ikkje vente til staten er der att: «Det varer nok ikkje så
veldig lenge før Voyageren må gravleggjast att. Du skjøner, det sit nokon med makt som ikkje liker at du og eg køyrer campingbil. Eg forstår ikkje kva det er, men no driv dei og pønskar ut noko nytt. Eg trur det er noko med at du må ha tysk aksent for å få lov til å køyre ein slik bil. Vi får vente og sjå kva dei finn på. I mellomtida får vi øve litt», seier Larssen og syng med utsøkt humor «Ein bisschen Frieden», for vi er så leie av tyske bilturistar her i landet.
Frykt for tungsinn
Det vert ekstra interessant når Larssen harselerer med dei kjedelege bilvanane vi hadde før. I eit innslag parodierer han tungsindig fornuft. Utstyrt med parykk og 70-talsklede presenterer han, og åtvarar mot, den gamle, store modellen Opel Commodore: «Det finst nok av små, praktiske familiebilar med tilstrekkeleg motorkraft på marknaden. Så kvifor skulle du velje ein stor Opel Commodore med 2,5 liters motor? Tja, sei det. Kadett byr på alt ein familie kan ynskje seg til ein pris ein må rekne med å betale for den luksusen ein bil trass i alt er.» Innafor ei form som er openbert ironisk, kan han gå lenger i kritikken av dei som held oss nede, og samtidig leggje inn eit nervøst forsvar for haldningane som
gjennomsyrer programmet: «Motoren er sterk nok til å alltid ha ein bil på slep. Dette tilrår eg ikkje, då det lett kan by på trafikkfarlege situasjonar. Farleg kan det òg verte om du provoserer gasspedalen. Ein fjerdedels trykk er det du maksimalt treng, uansett behov. Meir enn dette vil auke både fart og spenning», seier Larssen og avsluttar innslaget: «Opel Commodore 2,5 føyer seg inn i rekkja av upraktiske bilar, overdimensjonert på alle mogelege vis. Dette er meir enn vi både ynskjer oss og har bruk for.»
I eit liberalistisk, bildyrkande land er programmet Autofil mogeleg. Men er det nok med bil? Nei, Larssen køyrer traktor, trailer og snøscooter òg, og i neste program har han lova F-16. Eg tek sjansen på å love dykk at når Larssen stig opp i jetflyet då vert det brum brum.
Kjetil A. Brottveit
|