Dag og Tid nr. 6, laurdag 7. februar 2004
Teater:
Klare karakterar, ullent tidsbilete
Eg trur eg kunne ha høyrt meg gjennom alle bøkene om juvikfolket om Ståle Bjørnhaug hadde lese dei for meg. Han er rett val i rolla som forteljaren Blind-Anders i oppsetninga av Juvikfolke på Det Norske Teatret.
TEATER
Det Norske Teatret:
Juvikfolke
Dramatisering og regi:
Otto Homlung
Ståle Bjørnhaug har stor scenisk autoritet og ei stemme som ber bodskapen heilt og reint. Dessverre fell regissør Otto Homlung for freistinga til å bruke han vel mykje. Litt forstår vi då, vi som går i teater.
Bruken av forteljarstemmer får meg likevel alltid til å lure på om dramatiseringa ikkje kunne ha vore gjort annleis. Forteljarar får lett rolla som han som skal forklare vitsen, og då er som kjent vitsen borte. I Juvikfolke skal forteljaren lose oss gjennom lange tidsspenn, forklare og fortelje. Men det hjelper ikkje mykje dersom ikkje det som går føre seg på scenen faktisk illustrerer det han fortel. Når han fører oss gjennom tid, går det greitt, men når vi kjem til den nye tida, industrisamfunn og oppbrot, fungerer det ganske enkelt ikkje same kva han seier, for heile skildringa er utvendig, tynn og lite truverdig. Her er det ein ryddejobb å gjere, det går for eksempel ikkje an å vise fram ein klisje av ein fagforeiningsleiar som henta rett ut av ein Vømmøl-song.
Men det som ber med glans, er dei tre nøkkelpersonane i stykket. Både den veslevaksne vesle-Odin og Odin som vaksen, Lauris og Astri er tydelege karakterar og er den store behaldninga i stykket. Lasse Kolsrud teiknar ein nesten kristus-aktig Odin, det gode mennesket som vil alt og alle vel, og som ikkje kan forstå seg på denne verdas vondskap.
Paul-Ottar Haga er like klar i si rolle som den unnvikande, slue, merglause Lauris, og mellom dei står Elisabeth Matheson som ein kvinneskapnad som trur lagnaden styrer henne ut i alle dei uføra ho plasserer seg i. Desse tre skaper både spenningar og rørande scener, og resten av ensemblet må finne seg i å hamne i skuggen av dei, men alle gjer sitt til at vi får kjensla av kor knugande og småleg eit lite samfunn kan vere.
Henning Sommerros musikk flyt fint inn i framsyninga, det same gjer den originale dekorasjonen til Bård Lie Thorbjørnsen med allusjonar til hav og fjell, uvêr og vindstille.
Asgeir Olden
|