Dag og Tid nr. 6, laurdag 7. februar 2004


Roald Helgheim:
Militære treng våpen
Eit militærstyre kan ikkje greie seg utan våpen! Det sa utanriksminister Henry Kissinger då han etter kuppet i 1973 argumenterte for amerikansk militærhjelp til Pinochet-regimet i Chile. Ein gong sa han det under eit minnerikt møte i det amerikanske utanriksdepartementet 3. desember 1974, drygt eit år etter at Salvador Allende vart styrta med USA og den dåverande rådgivar Kissingers hjelp. Spørsmålet om det nye Pinochet-regimet skulle få militær hjelp frå USA, vekte strid ikkje berre hos amerikanarar flest, men også «up the Hill» i Kongressen, der senator Edward Kennedy var ei konstant urokråke. Mange menneske var alt drepne av det nye regimet. UD-møtet brukte difor mykje tid, og ein av dei som ikkje var så lett å overtyde var William Rogers, viseutanriksminister for Latin-Amerika.

Han sa at dei demokratiske rettane ikkje var bra under det nye regimet. Er det verre i Chile enn i andre latin-amerikanske land, spør Kissinger. Ja, seier Rogers. «Er denne regjeringa verre enn Allende-regjeringa? Er menneskerettane meir truga av dette regimet enn under Allende?», spør Kissinger. «Når det gjeld organisasjonsfridom, stengde ikkje Allende for andre parti. Når det gjeld ytringsfridom, stengde han ikkje avisene», svarar Rogers. Kissinger er ikkje nøgd. Ingen er mot menneskerettar, men her er det større ting på spel. «Eg har sagt det til dykk i årevis kva som kom til å hende i Etiopia, og du kan ikkje ha militærstyre som du ikkje gir våpen til. Før eller seinare får dei det frå ein annan», seier Kissinger. (I Etiopia var Sovjet først.) Han meiner eit «kompromiss» på 10 millionar dollar til Pinochet er ein provokasjon. «Skilnaden på ingenting og ti millionar er ingenting», seier han. Den dagen det sit eit nytt Castro-regime i Chile, vil også den gode Kennedy hugse kva vi krangla om, skarve ti millionar dollar.

Dette er endå eit glimt bak kulissane i Washington, på eit tidspunkt då Kissinger som utanriksminister arbeidde ihuga for det regimet USA hadde hjelpt til makta, etter at Nixon-rådgivar Kissinger heilt frå 1970 av hadde hjelpt general Pinochet og hans menn i arbeidet for å styrte det lovleg valde Allende-styret. Difor ligg det ein djup ironi under, når Kissinger på det same møtet argumenterer med at USA slett ikkje stogga den militære hjelpa til Chile under Allende! Også då visste han kva militær hjelp kunne brukast til.

Renkespelet mellom Pinochet-generalane, CIA og USA når det gjaldt å styrte Allende er dokumentert til overmål, mellom anna gjennom tonnevis av frigjevne dokument som bit for bit har blitt publisert av den uavhengige institusjonen The National Security Archive. Grunnboka som vart gitt ut i fjor heiter The Pinochet File: A Declassified Dossier on Atrocity and Accountability. ABC-boka elles når det gjeld syndene til Henry Kissinger er Christopher Hitchens’ The Trial of Henry Kissinger. Boka har gjort han til ein fredlaus mann utanfor USA. Grunnen til å dra saka fram i lyset no, er nytt frigjeve arkivmateriale denne veka. Ein innspela samtale dokumenterer Nixons arbeid for å undergrave Allende-regjeringa frå starten. Ordren vart gitt til US-ambassadør Edward Korry, som i 1970 hadde fått grønt lys frå Washington om å gjere alt for å hindre at den då nyvalde Allende nokon gong inntok regjeringskontora. I ein samtale i 1972 med pressesekretær Ron Zeigler om kvifor desse planane hadde leke ut den gongen, bekreftar Nixon slik ordre hadde blitt gitt, men at «the son of a bitch» Korry ikkje hadde gjort jobben.

Resten av arkivsleppet er skriftleg materiale, først eit dossier 5. november 1970 frå rådgivar Kissinger til Nixon, i høve eit møte i det nasjonale tryggingsrådet dagen etter om Chile. Valet av Allende var den største utfordringa til USA i heile den sør-amerikanske hemisfæren. Kissinger rår presidenten til ikkje å høyre på eit UD som påstår at det er lite USA kan gjere mot eit demokratisk valt regime. Effekten av eit suksessrikt sosialistisk regime i området kan bli dramatisk, og Kissinger rår eintydig til at USA gjer alt for å hindre at Allende konsoliderer makta. Peter Kornbluh, som står bak publiseringa av stoffet, kallar utskriftene frå møtet «sjølve Rosetta-steinen når det gjeld å avsløre USAs motiv for å underminere Allende-regimet».

Resten er på sett og vis historie. Dokumenta du finn på heimesida til The National Security Archives er mest frå tida etter kuppet, og handlar om Kissingers strev for å overtyde Kongressen om at trass i meldingar om massakrar utførde av det nye regimet «er styret betre for oss enn Allende var». Trusselen er heile tida at å motarbeide Pinochet-regimet, er første steg i å drive både Chile og andre land – som Korea og Tyrkia – «i arabisk retning». Siste papir handlar om eit møte i 1975 mellom Kissinger og Pinochets utanriksminister Carvajal, der Kissinger forsikrar kollegaen om at kritikken av Pinochets menneskerettspolitikk er «heilt urettferdig», men at nokre små modifikasjonar ville hjelpe for å få Kongressen og den amerikanske opinionen til å forstå. Når det gjaldt hans eige departement, fortalde Kissinger den chilenske kollegaen at det var befolka av alt for mange menneske med eit kall. «Då det ikkje var att kyrkjer til dei, byrja dei i Utanriksdepartementet i staden.»

Uansett har generallærdommen til Kissinger lege fast: Du kan ikkje ha eit militærstyre utan våpen! Og får dei ikkje hjelp av oss, får dei av andre. Difor var USA alltid tidleg ute, også i å hjelpe Saddam Hussein.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |