Dag og Tid nr. 6, laurdag 7. februar 2004
Stephen Walton:
Den glade overvakinga
Eitt av dei klassiske trekka ved det borgarlege samfunnet var skiljet mellom den offentlege og den private sfæren. Langt på veg representerte dette skiljet ei kjønnsdeling. Mennene forvalta det offentlege livet, kvinnene stelte heime. Slik var det hos borgarskapet. Det galdt litt andre reglar for aristokrati og proletariat, men borgarskapet sine normer vart tonegivande og spreidde seg både oppover og nedover. Det høyrde med til den private sfæren at offentlegheita vart nekta innsyn dit. Såleis vart det private til ein arena for både asosial glede og mykje elende.
Visstnok i motsetning til ein del andre nynorskskrivande mannfolk, meiner eg at feminismen har gjort oss alle friare og gladare. Han har gjort det mogeleg med fleire typar forhold, og rikare forhold, både mellom menn og kvinner og mellom personar av same kjønn, løyst opp rolletvangen, og også vore med på å bryte ned skiljet mellom det offentlege og det private. Når den private sfæren sine folk, kvinnene, insisterte på å kome inn i offentlegheita, seier det seg sjølv at grensene mellom dei to sfærane måtte opnast. Det vi kan glede oss over mest, er at feminismen er irreversibel. Korkje kvinner eller oppvakte menn vil akseptere det trongrømet som dei gamle rollene var.
Det synest å vere to tendensar i samtida som bidreg til å viske ut skiljet mellom det private og det offentlege. Den eine er ein aukande aksept for overvaking. Eg tvilar på om vi tenkjer så mykje over det, men vi veit at e-posten vår kan lesast kva tid som helst, at varekjøpa med kredittkort kan straks oppsporast, at mobiltelefonsamtalane våre vert registrerte og lagra og at CIA no har fullstendig oversikt over kor vi fer med fly, og eg kunne halde fram.
For tjue år sidan måla vi skrekkscenario som svarer svært presist til stoda i dag. Det interessante er at vi knapt reagerer på at vi har skapt eit overvakingssamfunn. Eg kan ikkje seie at eg reflekterer over det til dagleg heller. Men her om dagen venta eg på svar på ein e-post til ei venninne i USA. Ho er påliteleg, og min post stilte eit konkret spørsmål eg trong svar på. Til slutt ringde eg. Ja, ho hadde svart straks. Eg sjekka postkassa. Ingenting. Så ringde eg til datafolka ved Høgskulen i Volda. Dei fann e-posten i det nye og hypereffektive spamfilteret, og, ja, dei hugsa at dei hadde lese han. Han var stoppa fordi han inneheldt eit obskønt ord. Så ropte dei att og fram over gangen i tredje etasje for å fortelje både meg og eventuelle forbipasserande kollegaer kva styggprat eg fekk i e-postane mine. Kanskje det var «kuk» prøvde den eine. Det viste seg at venninna mi, som forresten
er over sytti år, dersom dét har noko med saka å gjere, hadde kome i skade for å nemne at ho hadde vore hos barnebarna med mannen sin. Han heiter Dick.
No er vi altså over på kjønnsorgan, og det andre momentet som slit vekk skiljet mellom det offentlege og private. Motstykket til overvakingssamfunnet er vedkjenningssamfunnet.
Når vi likevel blir overvaka, kan det vere like greitt å tilstå før ein vert avslørt. Dermed florerer intimiteten. Somme kallar dette for intimitetstyranniet, og klagar over den offentlege mannens (sic) fall (for å ta utgangspunkt i den norske og den amerikanske tittelen på Richard Sennetts bok).
I mediesamfunnet er tendensen til konstant avsløring overtydeleg. Men det står faktisk folk fram på rekkje og rad og heilt frivillig gir seg til kjenne som medlemer av ei eller anna tidlegare tabubelagd gruppe, eller som utøvarar av eit eller anna tidlegare skandaleomsust tidtrøyte. Vi veit nok mindre om kva folk seier til kvarandre i kvardagen, men eg har også inntrykk av at folk fortel kvarandre meir enn dei gjorde før når dei snakkar saman.
Det kan hende at vi veit meir om kvarandre enn før. Det at gamle normsystem har rakna, gjer vel at folk i mindre grad enn før kjenner skam. Vi har altså betre oversikt over mangfaldet i andre menneske sine røynsler og lyster, og får dermed lettare for å akseptere og utforske eigne.
Ein kan kanskje sjå utviklinga som ei feminisering av samfunnet på den måten at ein type diskurs som tidlegare berre var mogeleg innanfor venninneforhold, no er blitt meir allmenn. Også den medieskapte kvasiintimiteten kan tolkast inn i ei slik ramme.
Det interessante spørsmålet er korfor vi ikkje protesterer meir, dersom overvakings- og vedkjenningssamfunnet i så stor grad svarer til gårsdagens skrekkbilde?
Svaret trur eg er relativt enkelt.
Vi trivst.
Tidlegare var vi alle saman overvaka heile tida, av Gud. Forlad mig min Gud, heiter det i songen, Alt hvad jeg har syndet imod dine Bud. Du prøver mit Hjerte, og kjender mit Pund. Du hørte hvert Ord, der gik ud af min Mund. Lad være hvad deri, var syndigt og slemt, tilgivet og glemt.
No er ikkje Gud med i same grad som før. Men det kan hende at den utvida kjennskapen til menneskets skrøpelegheit som vi har fått, faktisk gjer det enklare å tilgi enn før. Når normene er vidare, blir det heller ikkje så lett å synde lenger. Talet på synder minkar iallfall tilfredsstillande. Gløymde blir dei same kva, etter at vår femten minutt med medieeksponering er over, og neste skandale brusar inn over skjermen.
Det ligg noko trygt og godt i førestellinga om at Gud ser oss. Det spørst om ikkje overvakingssamfunnet også stettar nokon av dei same behova, ikkje minst det elementære behovet i eit anonymt samfunn for å bli sett. Og jamvel om Gud ikkje ser oss lenger, så ser Staten og CIA oss, og det må da hjelpe litt.
Dersom vi faktisk lever i eit slikt scenario, kan vi slå oss til ro med at vi truleg held på å kome i psykisk likevekt. Overvakingssamfunnet tvingar oss til å vere ærlege. Og det gjer alltid godt psykisk å skrifte, noko vedkjenningssamfunnet tillèt oss å gjere kor og kva tid som helst.
Det kan heilt enkelt hende at bortfallet av den private sfæren er bra for oss.
Berre nokon gidd å høyre på.
|