Dag og Tid nr. 6, laurdag 7. februar 2004


Klok på bok 650:
Klok på kjøttmeis
«Rytmen i første strofe av oppgåveteksten ‘Kven kviskrar’ er heilt lik rytmen i diktet ‘Ordet’ frå samlinga ‘Mogning i mørkret’ (1943) av Tor Jonsson. Ikkje så merkeleg, for vi finn ‘Kven kviskrar bak ordet’ i avdelinga ‘Lause dikt’ i samlinga ‘Ei dagbok for mitt hjarte’ (1951). I denne siste diktsamlinga hans står ei perle som ‘Fattige ynskje’: Var eg ein Gud,/ ville eg skapa / ei stillare verd./ Der skulle alle elske./ Velkjent er òg diktet ‘Å dikte’: Å dikte er å vera / det vesle som ein vart / og sleppe kvite fuglar ut / i nattesvart./

Eg kan heller ikkje la vera å sitere ‘Når du er borte’: Nærast er du når du er borte. / Noko blir borte når du er nær. / Dette kallar eg kjærleik – / Eg veit ikkje kva det er. // Før var kveldane fylte / av susing frå vind og foss. / No ligg ein bortgøymd tone / og dirrar imellom oss. /

Striden i hugen hans som vi følgjer i denne samlinga, synest å nå ei positiv avklaring i det vakre avslutningsdiktet ‘Så stig da i meg einsemd’: ... No stormar all mi einsemd mot si grense. / Mitt liv var draum forutan dagklår visse / og difor eig eg ikkje jorda meir – / Men livet skal eg aldri, aldri misse – / Gode helsingar frå Karl Johan Grønning Rykkinn.»

Som de skjønar er Barabass og eg i gang med å lesa svara denne veka – og dei er mange. Utruleg mange var kloke på Tor Jonsson. Barabass og eg vart svært imponerte over kunnskapane til Karl Johan Grønning. Han er vekas vinnar. Gratulerer!

«Kjære Barabass og Dale-Oskar. Det kjem mykje lyrikk frå Gudbrandsdalen – Aukrust, Ørjasæter, Jonsson, Bruheim og fleire med for alt eg veit. Her er diktaren Tor Jonsson (1916-1951), og diktet er skrive i perioden 1949-1951»,
skriv Stein Sæbø, 1430 Ås. Eit aldeles korrekt svar, seier Barabass.

Ein annan som er sikker i si sak er Finn Tysland Johnsen i Kongshavn. Han skriv: «Denne gangen kan det ikke være andre enn Tor Jonsson som er rett svar. Selv uten ledetråden Gudbrandsdalen og Lom var det dette som slo meg, og et besøk til Arendals flotte bibliotek og til Tor Jonssons ‘Dikt i samling’ bekreftet mistanken. At jeg måtte lese meg gjennom nesten hele boka til ‘Kven kviskrar’ langt bak, var absolutt ingen ulempe.»

Anders Aschim i Ytre Enebakk er òg blant dei kloke denne veka. «...tipset ‘Gudbrandsdalen’ må eg jo respondere på. Der har eg budd og arbeidd i fem år. Rytmen og opninga ‘Kven kviskrar bak ordet’ kalla fram ei anna linje som har bite seg fast: ‘Eit ord er eit under’. Stemninga er ei anna, men diktaren er den same: Den ulukkelege lomvær, Tor Jonsson.»

Aldeles korrekt, seier Barabass og legg til: Eg er så imponert over alle desse kloke.

Hilde Matre Larsen i Oslo er klok og skriv: «Jeg for min del tror det er bygdedyret som kviskrar. Eller kanskje Kolloen. Eller er disse en og samme person? Svaret på ukens oppgave er uansett Tor Jonsson.» Lista over kloke er svært lang og me listar opp nokre av dei boklærde: Birgitte Berge, Rådal; Lilly Erna og Karle Gjernes, Smøla og Leif Ragnar Fiske, Alversund. Fiske har ei oppmoding. Han skriv: «Kjære Barabass og Dale-Oskar, får eg lov å oppmoda alle Tor Jonsson-vener om å støtta det gode arbeidet ‘Tor Jonsson-selskapet’ gjer når dei arrangerer ‘Diktar-dagar’ i Lom annakvart år?» Det får han lov til og neste gong skal me reisa på diktardagar i Lom, seier Barabass til meg. Me reiser jo ikkje så mykje, så eg kjende eg vart litt nervøs av forslaget, men det er heldigvis lenge til. Eg får tid til å førebu meg.

Vidkunn Eidnes i Harstad har svara korrekt og skriv: «Igjen kom det for meg fordi eg i arbeidet i folkehøgskolen mange gonger fann gode ord og tankar hos Tor Jonsson til bruk som ‘Ord for dagen’. Men akkurat dette vesle diktet har eg nok lese, men ikkje brukt i ein slik samanheng.»

Slike ord for dagen synest eg me må byrja med her på garden, seier Barabass og held fram: Me les opp eit dikt i fjøset kvar morgon, for å gje dyra her på garden noko å tenkja på. Lista over kloke er som sagt lang. Thor Henriksen, Oslo, Brita Lundeland, Aurland; Gunnar Bæra, Løten; Kaare Stegavik, Trondheim; Randi Brenden, Horten; Bergljot Selvåg, Stavanger; Torill J. Strøm, Myre; Gunder Runde, Ulsteinvik; Lars Moa, Stjørdal; Skeisebibliotekarane i LASK og Liv Evju på Rælingen videregåande skole.

Og slik kunne me ha halde fram med namn etter namn. Me er frykeleg glade for alle som svarar. Dei som ikkje får namnet i avisa, må ikkje verta triste, seier Barabass. Hald fram med å svara!


Klok 650
Tidlig november. Klokka er ni. Kjøttmeisene smeller mot vinduet. Noen ganger flyr de svimle av gårde etter sammenstøtet, andre ganger faller de og blir liggende i nysnøen og kave før de kommer seg på vingene igjen. Jeg veit ikke hva jeg har som de vil ha.

Dette er byrjinga på ein roman. Kven har skrive han? Nokre tips: Forfattaren har vorte nominert til Nordisk Råds litteraturpris og han har fått Brageprisen. Dessutan: Glitrande kritikkar.

Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Svar innan fredag 13. februar. Lykke til!
Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |