Dag og Tid nr. 6, laurdag 7. februar 2004
Politikk:
Høgre er ikkje eit konservativt parti
Partiet Erna Solberg skal ta over leiarskapen for, kallar seg konservativt. Men det er det ikkje, meiner statsvitar Bernt Hagtvet. Han kallar det heller ekstremliberalistisk.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Dei første linene i prinsipprogrammet til Høgre, vedteke i 2000, lyder slik: «Høyre vil føre en konservativ fremskrittspolitikk, bygget på det kristne kulturgrunnlag, rettsstaten og folkestyret». Partiet Jan Petersen skal overlate til Erna Solberg, kallar seg altså framleis konservativt. Konservatisme er «en livsholdning som vil bevare og bygge videre på nedarvede verdier, og stiller seg avvisende til endringer som kan ødelegge disse», fortel Store Norske Leksikon. Men stemmer verkeleg den merkelappen med varene dagens Høgre leverer?
Ekstremliberalisme
Høgre er ikkje lenger eit konservativt parti, meiner Bernt Hagtvet, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.
I dagens Høgre rår nyliberalismen, ein kan faktisk kalle det ekstremliberalisme. Den tankeretninga legg ei rein samfunnsøkonomisk vurdering til grunn på fleire og fleire samfunnsområde. Dette er eit brot med arven frå europeisk konservatisme, der økonomien skulle inngå i ein heilskap, seier Hagtvet.
I europeisk konservatisme er ikkje nødvendigvis kjerneomgrepet fridom. Det er liberalismen si kjerne. Men i den konservative arven er andre verdiar vel så viktige: Tradisjon, orden, kvalitet. Idear om samfunnsansvar og omsorg manglar i stor grad i dagens Høgre. Eg er forundra over at Høgre har late dette skje. Men folk som Kåre Willoch, Lars Roar Langslet og Georg Apenes er ute av partiet, seier Hagtvet.
Eg vil òg seie at i dagens blomstrande omtale av Erna Solberg, blir det gløymt at innvandringspolitikken ho fører, ikkje skil seg nemneverdig frå Frp sin. Det representerer ein byråkratisk brutalitet som eg ikkje forstår at ikkje fleire Høgre-folk reagerer mot.
Likevel: Bernt Hagtvet finn framleis eit par konservative trekk i Høgre-regjeringa.
Miljøpolitikken til Børge Brende har gode, konservative trekk. Og eg er usamd med Kristin Clemet i mykje, men ho er oppteken av kvalitet i skulen. Det ho trugar med å gjere med universiteta, er derimot ei anna sak, seier Hagtvet.
Utan kulturpolitikk
Det Bernt Hagtvet saknar mest i dagens Høgre, er ei medviten gjennomtenking av kva ein vil med dette landet.
Høgre har til dømes ingen kulturpolitikk. Jan Petersen la vekk Rudeng-utvalet sitt forslag til ei utanriks-kulturell satsing, og grunngav det med budsjett-omsyn. Det er ei perspektivløyse som ikkje er eit konservativt parti verdig. To idear verkar grunnleggjande i Høgre: Ønsket om å byggje ned fellesgoda representerte ved den norske staten, og omsynet til budsjettbalansen.
Men er ikkje det god konservativ politikk?
Jau, men når den økonomiske tankegangen gjennomsyrar alt, får det ekstreme utslag. Det må vere ein balanse mellom fridom og orden, men den balansen er skipla av liberalismen.
Er dette så nytt? Gjekk ikkje Høgre i denne retninga alt på åttitalet?
Høgrebølgja på 80-talet var meir enn dette. Du hadde òg eit sterkt utkant-Høgre og ein tung sosialpolitisk tradisjon, representert ved Erling Norvik og Jo Benkow. Frå 90-talet har den reint økonomisk orienterte fløya totalt fått overtaket. Sjur Lindebrække og John Lyng ville kjent seg framande i dagens Høgre, for ikkje å snakke om Carl J. Hambro.
Kva kjem i så fall denne forskyvinga av?
Det er dels eit resultat av djupe samfunnsendringar internasjonalt globalisering, ein liberalistisk tendens. Men ein burde kunne venta seg meir motstand og kritisk distanse frå Høgre. Når kulturbyråden til Høgre i Oslo går inn for å fjerne skriftleg nynorsk frå skulen, er det eit symptom på eit parti i kulturelt forfall. Valspråket til Høgre frå i fjor, «Mer igjen for pengene», fortel mykje.
Radikale Høgre
Kan ein snakke om at Høgre er på lag med dei sterkaste samfunnsendrande kreftene i tida: Liberalisme, marknadstenking, globalisering?
Ja. Eg vil seie at Høgre er det mest radikale partiet i Noreg i dag radikalt i tydinga samfunnsomformande. Ordet radikalt treng ikkje reserverast for den politiske venstresida. Høgre er eit samfunnsomformande parti, som vil endre samfunnet i ein heilt annan forstand enn til dømes Venstre eller Ap. Høgre har blitt Frogner-utgåva av Frp. Men Frp har ein breiare sosial appell, og forsvarer delar av velferdsstaten meir enn Høgre gjer det, seier Hagtvet.
Det er merkeleg lite motstand mot utviklinga i Høgre. Men det kan sjå ut til at det byrjar å spreie seg ei viss uro blant ein del yngre Høgre-folk. Det er i så fall noko å håpe på. Eit land utan eit konservativt parti manglar ankerfeste. Eg ser ingen djuptgåande kritikk av dagens grådigheit og liberalisme i Høgre. Eg saknar ein gjennomtenkt, verdikonservativ kritikk i Noreg i dag, seier Bernt Hagtvet.
Den vanskelege balansen
Høgre er framleis eit konservativt parti, meiner Henrik Syse. Men han er uroleg. For Høgre er for lite oppteke av balansen mellom marknad og verdiar.
I hovudsak er «konservativt» enno ei rimeleg skildring av Høgre, meiner Prio-forskar Henrik Syse. Som tidlegare redaktør av Tidens Tegn og som son av Jan P. Syse er han godt plassert i ein tenkjande, verdikonservativ Høgre-tradisjon.
Konservativ kan tyde mange ting. Men om ein ser konservatisme som ein motstand mot raske endringar, og eit medvit om ein del verdiar som ein treng å bevare, kan ein snakke om å vere verdikonservativ. Det inneber å leggje vekt på visse verdiar i det samfunnet som var. Ved for raske endringar kan vi miste veldig mykje verdifullt. Slik verdikonservatisme finn vi i Høgre, men òg i ein del andre parti, seier Syse. Men han finn mindre enn han ønskjer.
Litt for mykje av dette medvitet har blitt borte i Høgre, fordi Høgre hadde så stor suksess med dereguleringa og avbyråkratiseringa på 80-talet. Det å avgrense maktkonsentrasjon er ein viktig del av konservativ politikk. Men ein verkeleg verdikonservativ ser problema ved ei rask deregulering av samfunnet. Her har Høgre mykje ansvar. Mykje bra skjedde på 80-talet, men ein treng òg å ta vare på kvalitet og kulturelle uttrykk.
Er det ikkje marknadstenking, massemedia, globalisering og konsum som endrar samfunnet og verdiane våre mest i dag, meir enn ein overmektig stat?
Det trur eg er rett å seie. Og som typisk er for ein konservativ, har eg eit tvisyn på dette. Det positive ved globaliseringa er at ho forløyser initiativ i mange fattige land, verkar konfliktdempande og bidreg til spreiing av eigedom, seier Syse.
Men på den andre sida er ein ekte konservativ skeptisk til dei negative utslaga av marknadsliberalismen, dei må kompenserast for av staten eller det sivile samfunnet. Om alt blir sleppt fri, får vi mykje porno og proffboksing og lite teater, for å seie det slik.
Bekymring er eit kjenneteikn på ein konservativ, meiner Syse.
Når ein går for raskt fram, er det menneskelege kvalitetar som kan gå tapt, som treng vern. Det handlar om balanse. På eine sida: eit ja til marknaden. På andre sida må ein hegne om gode verdiar, moral, danning og åndsliv. Den balansen synest eg ikkje Høgre i dag er tilstrekkeleg oppteke av.
Spelar Høgre på lag med dei kreftene som endrar samfunnet og verdiane våre mest i dag?
Eg veit ikkje om det er rett å seie. Om ein ser på den politikken regjeringa fører, til dømes når det gjeld miljø og fattigdomsbekjemping, synest eg regjeringa framstår som fornuftig, og konservativ og progressiv på same tid. Men det er så mange trekk ved utviklinga som ropar på eit etisk medvit. Eg skulle gjerne sett meir medvit om slike spørsmål.
Er du uroleg over utviklinga til Høgre dei siste tiåra?
Eg er alltid bekymra. Ikkje minst fordi eg har inntrykk av at det har blitt brukt for lite tid dei siste 10-15 åra på å tenkje over kva det tyder å vere konservativ. På 50- og 60-talet brukte Høgre mykje tid på å definere seg ideologisk, både mot liberalistane i Libertas og i høve til sosialistane, seier Syse.
Da somme Høgre-folk på 80- og 90-talet nærmast framstilte det som ein menneskerett å kjøpe øl om natta, var eg millimeter frå å melde meg ut. Det handla i for stor grad om den sterkaste sin rett til å verte enda sterkare. Men i det norske politiske landskapet i dag finn ein det beste forsvaret av verdiar ein stad mellom Høgre og Kristeleg Folkeparti.
|