Dag og Tid nr. 6, laurdag 7. februar 2004


Bøker:
Løgner på landsbygda
Eg har aldri klart å forsona meg med at danske romanar skal omsetjast til norsk. Å lesa Den som lyver av Ida Jessen gjer ikkje saka betre.

ROMAN
Ida Jessen:
Den som lyver
Gyldendal

Danske Ida Jessen romandebuterte i 1998 med Vandpaladset. Før den tid hadde ho skrive både novellesamlingar og barnebøker. Den som lyver er hennar fyrste bok på norsk. «En roman om de uhyggelige understrømmene som kan skjule seg under en pen overflate i en liten by. Den som lyver er et psykologisk gjennomlyst portrett av en mann som oppfatter seg som usårlig», står det på omslaget til boka. Romanen handlar om lækjaren Christian som kjøper seg ein praksis og flyttar til Jylland. Med på lasset er kona Nina. Christian finn seg godt til rette. Det gjer ikkje Nina. Løgner på landsbygda byggjer seg opp, og uhyggjelege understraumar skal no byrja å bølgja.

Overflatisk

Det gjer dei, men berre til tider. For det heile verkar påtatt og konstruert. Kollega Linus Køpp med kone Hege skal visstnok vera mystiske og småfarlege. Lækjaren som Christian tok over for, Sander, skal vera endå meir mystisk og ein som har forgripe seg på kvinnelege pasientar. Ungjenta Manne skal òg vera eit pirrande element. Og i tillegg ha band til Sander.

Kona til Christian får nok. Før alt eigentleg byrjar. Om det er noko som byrjar i det heile. Christian held fram i lækjarpraksisen i småbyen, entusiastisk og urokkeleg. Samstundes kjølig analytisk og kjenslekald. Han virrar seg inn i litt erotikk her, litt ansvarskjensle for skadeskotne fuglar der. Og så byrjar han å bli upopulær i byen.

Tematisk er boka spennande. Om løgn og kva følgjer dei kan få. Men språkleg synest eg det blir litt for mange pompøse setningar, elles flosklar av ymse slag og ikkje minst umotiverte og hoppande tanke- og handlingrekkjer og overflatiske understraumar av løgn.

Forstyrrande forteljar

I tillegg har Ida Jessen klart å skapa ein forstyrrande forteljar. Det er syster til Christian som fortel, i eg-person. I utgangspunktet er det ein spennande forteljarvinkel som fyrst artar seg som ei diskré tredjepersonforteljing. Men så kjem eg-forteljaren til syne og med sitt, som korkje gjev ein ekstra dimensjon til handlinga eller til å forstå, revidera, motseia eller utdjupa det såkalla «psykologisk gjennomlyste portrettet» av Christian.

«En nåtidsroman, en samlivsroman og en skilsmisseroman som både rommer uhyggelige elementer og er erotisk frittalende», står det òg på omslaget. Romanen skjer i notid, heilt greitt. Han handlar om eit samliv og ei skilsmisse, heilt greitt. Men dei uhyggjelege elementa verkar svært påklistra og når alt skal nøstast opp vert utløysinga flat. Erotisk frittalande set eg òg store spørjeteikn ved, utan at eg hadde så store forventingar til det. Det eg likar i Den som lyver, er korleis Jessen krinsar kring kva ein kan venta av livet og kjærleiken, korleis ho nådelaust viser einsemda i fellesskapen, at menneske alltid vil bera på løyndomar og at me truleg aldri vil klara å forstå oss sjølve fullt ut. Men så har eg altså ei sterk kjensle av at denne romanen skulle vore lesen på dansk. For å oppleva kor god Ida Jessen er språkleg i menneskeskildringane sine, slik rykta seier i Danmark.
Margunn Vikingstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |