Dag og Tid nr. 5, laurdag 31. januar 2004


Roald Helgheim:
Også ein heilag krig
Same dagen som Tony Blair vart frifunnen av Hutton-granskinga når det gjaldt omstenda rundt sjølvmordet til våpeninspektøren David Kelly, leverte ein annan avgått våpeninspektør det hundre og n’te vitneprovet for at det kjemiske kortet USA spela ut før krigen mot Irak, var falskt. Vi snakkar om David A. Kay, CIAs våpenetterforskar i Irak som i høyringa framfor senatets forsvarskomite konkluderte med at «det viser seg at vi tok feil alle saman». Slike vitneprov løftar vi knapt på augneloket av lenger, endå det var Kay og det amerikanske teamet hans som skulle gjere veg i vellinga der alle FN-inspektørane ikkje hadde gjort jobben sin.

Den beste avsløringa av det kjemiske våpen-kortet eg har lese, var Thomas Powers’ artikkel The Vanishing Case for War i New York Review of Books i desember i fjor. Kommentatoren og forfattaren av fleire bøker om CIA og etterretning tok for seg rapportane Kay hadde lagt fram for kongresskomitear så langt, og viste at det var ikkje stein på stein att av nokon av påstandane Bush-administrasjonen hadde presentert, mellom anna gjennom Colin Powells rapport til FN. Ein eigen sendemann frå Washington påviste også at det afrikanske uransporet var falskt. Vi snakkar om den mest løgnaktige politiske kampanjen frå eit vestleg land i moderne tid. Og som andre har peika på: Bill Clinton risikerte riksrett etter å ha nekta for at han hadde sex med Monica Lewinsky. Løgnaren Bush er nesten sikker på å bli attvald som president.

David A. Kays siste utspel var å foreslå ei uavhengig gransking av kva etterretning som var gjort om Saddam Husseins våpenprogram før krigen. Det fekk han liten respons på. Han sa han sjølv ikkje trudde Bush-administrasjonen hadde lagt press på nokon for å overdrive våpentrusselen. Han sa til og med at om han sjølv hadde presentert eit like magert resultat før krigen, «hadde eg muligens – nei, ikkje muligens – eg hadde kome til den same konklusjonen som dei politiske leiarane». Sitat: New York Times. Alle tok vi feil, likevel var det rett å gå til krig!

Dette les eg samstundes som vi har fått den norske omsetjinga av Paul Bermans bok Terror og liberalisme på bordet. I USA kom boka ut i fjor, men sjølv om ho føydde seg pent inn i rekkja av liberalarar som kom til sans og samling etter 11. september-åtaket og difor ville hjelpe Bush med eit intellektuelt reisverk over felttoga hans, kom boka i skuggen av Robert Kagans Makten og paradiset. Dei er begge ute i same ærend. Når Kagan skriv at verda må slutte å tru at europearar og amerikanarar deler den same verdsåskodinga, slår Berman fast at europearane ikkje kan førestelle seg korleis bruk av makt kan føre til politiske revolusjonar i fjerne verdshjørne. Heilt sidan Washington og Jeffersons dagar har dei ulike rollene til USA og Europa vore ein lagnad, skriv Kagan. Berman vil utvide retten til krig mot alle liberalismens fiendar, tufta på Abraham Lincolns «Gettysburg Address». Lincolns kamp mot slaveriet var eit program for å frigjere verda!

For ordens skuld: Vi snakkar om den politiske liberalismen, ikkje den økonomiske. Berman reknar seg som god sosialdemokrat. Tidlegare har den politiske kommentatoren skrive boka A Tale of Two Utopias: The Political Journey of the Generation of 1968. I fjor skreiv eg om Bermans siste bok, basert på New York Review of Books. Til den norske utgåva har forfattaren skrive eit nytt forord, datert november 2003. Det er eit forord om tapte illusjonar, skrive av ein journalist som sjølv har vore på slagmarka, og som stod i vindauget i Brooklyn og såg tårna falle på Manhattan. Han hadde vona at det amerikanske leiarskapen hadde forstått at terroråtaket var meir enn eit ubrot av «vondskap», «at USAs ledere ville gjenkjenne terroristdoktrinene som en variant av det apokalyptiske og paranoide verdenssynet som tidligere har gitt liv til Europas totalitarisme». Han irriterer seg over korleis den urøynde Bush – sjølv om han hadde vakse med oppgåva sidan den tida han ikkje brydde seg om omverda i det heile tatt – tufta krigen mot Irak på eit puslete grunnlag om kjemiske våpen i staden for å slå på dei store trommene. Presidenten som sikkert ikkje hadde brydd seg om kvinnefrigjering før, men som førde «historiens første feministiske krig» (!) i Afghanistan, heldt på å få street credibility der ute. I staden var dei største internasjonale demonstrasjonane som verda har sett, retta mot Bushs plan om å styrte Saddam Hussein. «Dette er en absurd situasjon av håpløst forvirrende omstendigheter – et tegn på moralsk dunkelhet».

Vår mann er altså ikkje mot krigen. Han vil ha ein større krig. Han har skrive ei svulstig og ordrik bok, i motsetning til Kagans konsise manifest. Han er i støtet når han med utgangspunkt i særleg Albert Camus’ Opprøreren målar det apokalyptiske bildet der kommunismen, nazismen og islamismen går opp ein høgare totalitær einskap. Han er både dårleg og uetterretteleg i omtalen av Israel og Palestinaspørsmålet. Han spør «hvor var våre edle venner av den tredje verden» under krigen mellom Iran og Irak. Kvar var USA?, har eg skrive i margen. Og kven var det som øydela det spirande demokratiet i Iran gjennom kuppet i 1953?

Det er gjennom å underslå USAs rolle ved upassande høve at Paul Berman undergrev sitt eige prosjekt. I staden gjer han berre krigen mot alle andre sine heilage krigar til sin eigen og USAs heilage krig. Og det er slett ingen krig for liberalisme.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |