Dag og Tid nr. 5, laurdag 31. januar 2004


Kommentar:
Mottakarstaten
Deltakar og tilskodar var tittelen på eitt av dei mest kjende essaya av filosofen Hans Skjervheim, sidan på ei større samling essay (1974). Å vere deltakar var å skjøne seg sjølv og andre på eit anna vis enn kva tilskodaren gjorde. Tanken var med på å skape optimistisk tru på at samhandling og samarbeid kunne endre verda.

«Å gløym den dårskaps tid!» har visst mange sunge sidan. For individualisten er kulturpessimisme og melankoli meir interessante inspirasjonskjelder enn entusiasme, det er gammalkjent. Ymsande individualistar har då også sidan syttitalet gjort narr av dei syna på tilhøvet vårt til praksis som oppstod då, både praktisk handlag og sosial samhandling, og som prinsipielt skulle føre med seg ei oppvurdering av fellesskapsverdiane.

Kulturelt demokrati, demokratisk kultur – desse slag-orda vart på 70-talet til program for aktiv samfunnsdeltaking. Og det var ikkje berre ei moteretning – vi bygde på ein av dei eldste tradisjonane i Europa for eigenorganisering. Frå opplysningstida av kom det til assosiasjonar, selskap og lag som bar oppe norsk politisk liv utetter 1800-talet, ja, som vel var eit viktig grunnlag for at parlamentarismen kom til. Som prinsipp i syttiåra var eigenorganiseringa og deltakinga av dei mange godt førebudd.

Eigenorganiseringa var grunnlaget for støtte til friviljug ungdomsarbeid. Pressestøtte og partistøtte vart sameleis grunngjeve ut frå at folk skulle ha tilgang på informasjon og deltaking. Det nasjonale var såleis nedtona, det lokale stod i relieff mot det globale – noko som nedfelte seg i Mønsterplanen, til dømes. Ei minning om denne tankegangen dukka opp i Kulturmeldinga frå i haust, der just det globale og det lokale er motstilt, og der lokal organisering av til dømes musikklivet blir sett som moglege tverrkulturelle møtestader. Og musikken grip då over alle barrierar. Men i budsjetta nedfeller ikkje ynskjet seg, sjølv om ein gjerne vil ha musikkorpsa ikkje berre til å underhalde, men til å gjere ein grunnleggjande samfunnsinnsats. Liksom ein vil ha lagidretten til å drive hardare både på topp og i breidde, men krev at dei kuttar ned administrasjon og anna med 31 millionar.

Stor aktivitet i seg sjølv skal altså ikkje utløyse midlar. Kva og kven skal då få – helst spektakulære hende, festivalar, omframme evenement? Som kan fremje tanken om at vi går ein stad og tek imot – eventuelt mot betaling. Eller, som i forskinga: Vi har fått fleire sentra for framståande forsking, med gode vilkår for deltakarane, medan vilkåra for «vanlege» forskarar blir jamt dårlegare. Er det for å lage eit proletariat av «kvardags-forskarar» og -undervisarar, som yter til dagleg drift medan andre mottek overskotet? I kulturlivet elles, liksom i forskinga, blir no prosjektorganisering gradvis til eit argument for at dei aktive kan skaffe seg midlar annan stad enn gjennom offentlege løyvingar. Energien går med på å omstille seg til å bli verdig mottakar.

Endringane vitnar om eit heilt anna skilje enn «deltakar og tilskodar». Vi er ikkje tafatte eller kyniske tilskodarar, men blir trekte inn som aktive produsentar av vår eiga passive rolle. Staten omdannar seg gradvis frå å vere tilretteleggjar for aktivitet, distributør av kulturprodukt og sikringsinstans for demokratiopplæring, til å bli kontrollør av aktiviteten, av tilgangen for å få vere med, og omfordeler midlar frå dei mange til dei få. Staten krev i større og større grad stor aktivitet frå dei mange med lite framhjelp eller minst mogleg betaling, og gjev derimot rom for stort utbytte for dei få. Slik Staten som medeigar i Norsk Hydro no er med på å krevje nedskjering av arbeidsstokken på Karmøy for å få auka utbytte.

Gjennom 1990-talet har ein tona ned verdien av deltaking i avgjerdsprosessane og premiert privat initiativ. Samstundes som ein jamt har auka kontrollen med dei som yter arbeidet, og krev no meir effektivitet, men gjev mindre høve til medverking i avgjerder. Dermed blir samfunnsressursane ikkje lenger noko som er med på å sikre kvardagslivet vårt, dei løyser seg frå innsatsen vi gjer og blir meir og meir blitt oppfatta som noko ein skal «få tak i»; ein må vere om seg for å skaffe pengar. Prosjekt er openbert ofte meir til for at deltakarane skal få tak i pengar, enn for å løyse reelle problem eller utvikle forståing. Altså ser vi på staten fyrst og fremst som ein instans som tildeler midlar, kanskje også personlege mulegheiter, heller enn at staten sikrar rettane vi har for virket vårt. Resultatet er ei forsterking av førestellinga om at der finst naturlege mottakarar i samfunnet, og naturlege ytarar. Skal få ta imot meir, må fleire få mindre. Ein variant av logikken ser vi 68-generasjonen av politikarar gjennomføre for pensjonsordninga: For at dei sjølve skal kunne ta imot særs gode pensjonar, lyt andre arbeide meir og lenger.

Vi har hatt lang tid på oss til å venje oss til å vere meir mottakarar enn deltakarar, og altså akseptere ei førestelling om at det vi strevar etter, er å bli mottakarar av gode heller enn produsentar av premissar. Og såleis paradoksalt nok omdanne oss til nokon som gode blir fordelte for, heller enn nokon som er med på å lage gode fordelingsprosessar. Somme har lenge skrive om kor overvelda vi blir av informasjon, noko som kan hindre mange i å bli effektive deltakarar. Men få har vore opptekne av kva for slag tilgang til rett og nyttig informasjon og kunnskap som skal til for at folk skal kunne orientere seg betre og betre meistre dei prosessane som styrer kvardagslivet deira.

Korkje i skule eller høgre utdanning er det gjort særleg mykje for at vi skulle kunne bli effektive deltakarar i til dømes internett-produksjonen. Sjølv om vi brukar teknikkane er vi ikkje dermed særleg aktive i å skape premissane eller å utvikle så mykje av det materialet som ligg på nettet. At lærarane i alle skuleslag derimot strevar med å leggje til rette for at elevane skal kunne oppleve seg som aktive deltakarar i læringsprosessen, ja det blir låtteleggjort eller framheva som ein feil ved skulen av visse både yngre og eldre kritikarar. Dei nyaste skulekritikarane vil just at der skal vere meir rein fagformidling – altså mottakarhaldning – i skulen, og ser ikkje ut til å meine at demokratiske verdiar kan vere effektive for læring. Med mindre det som ligg under den jamlege kritikken av einskapsskulen, er at ein ikkje meiner det er effektivt for samfunnet at det er så likelege mulegheiter til aktiv handsaming av kunnskap som råd er.

At vi definerer oss som mottakarar, av informasjon så vel som av midlar, gjer oss til aktive medskaparar av eit samfunn der nye klasseskilje blir baserte på kven som kan posisjonere seg best. For å få best informasjon, løyvingar, lønningar, pensjonar, underhaldning og kulturgode. Dermed står vi i ei jamleg omdefinering ikkje berre av demokratiet, men av grunnlaget for sosialt liv: Når visse relativt unge mannlege intellektuelle finn det for godt å klage lenge og høglydt om kor knipske norske jenter er med å gje dei same relativt unge menn gleder her i livet, då ser ein kor langt logikken strekkjer seg: Kjønnsleik, erotikk og omtanke er noko dei rette menn skal få seg tildelt, ikkje ein del av det intime og/eller sosiale livet også unge framstormande menn skaper vilkåra for.

Absurditetar finst det mange av i mottakarsamfunnet, som då AUF og sidan Norsk Målungdom trudde dei gjorde organisasjonane sine ei velgjerning med å dikte opp medlemer som ikkje fanst. Fiktive deltakarar er sjølvsagt i fyrste omgang mindre brysame, det er så. Men slike organisasjonar kan ikkje skape demokratiske rørsler, og er såleis blitt motsatsen av kva dei ein gong var, og hindrar meir enn fremjar deltaking.

Fleire og fleire har teke til å vegre seg mot informasjonsflaumen. Somtid blir han då også brukt aktivt for å forvirre medlemmer av organisasjonar, institusjonar og verksemder, og setje dei i mottakarposisjon der dei ikkje får høve til å drøfte føresetnadene for det som skjer før det er for seint og vedtak eigenleg er fatta. Informasjonsvegring kan i slike samanhengar vere eit sunt teikn: Heller enn å få oss tildelt og opplese roller og meiningar, vil vi jo reknast med.

Dersom der finst noko slikt som ein vaginalstat, slik somme hevdar, så kan det berre vere fordi staten no lærer oss opp til å vere mottakarar, meir enn deltakarar. Og om dét var eit upassande eller dårleg ordspel, ja, så «take it or leave it».
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |