Dag og Tid nr. 5, laurdag 31. januar 2004


Fiskeri:
Fiskarar til rettssak mot staten
Fiskarane har neppe fått pengegåver frå LO før, men no får dei det. Troms-fiskarar går til rettssak mot staten, og Fagforbundet løyver 400.000 kroner til sakskostnader.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Dermed må Fiskeridepartementet truleg møta i retten for å forsvara dagens fiskeripolitikk. Enno er stemninga ikkje levert, men fiskar Svein Johansen frå Tennskjer i Troms reknar med at det skjer i løpet av vinteren.

Ikkje lovheimel

Striden står om kjøp og sal av fiskekvotar og at staten nektar nye fiskarar å byrja med eigen båt.

Det var i fjor at fiskeriminister Svein Ludvigsen opna for kjøp og sal av kvotar. Troms-fiskarane meiner at det ikkje finst lovheimel for slik kvotehandel.

– I dag er det praktisk talt umogeleg for ungdommar å starta opp med eigen båt. Berre den som har ein rik far, eller som vinn i lotto, kan kjøpa seg ein kvote. Me vil ha slutt på at styresmaktene hindrar lokalbefolkninga å koma inn i fiskerinæringa med eigen båt, seier Johansen.

Han har fleire gonger vitja Stortinget for å gjera leiande politikarar merksame på kva som skjer i norsk fiskeripolitikk, men han har møtt lita forståing.

– Det verkar som om politikarane ikkje bryr seg om fiskeripolitikken. Eg fekk ei kjensle av at så snart eg var ute av døra, hadde dei gløymt heile saka. Då Stortinget vedtok strukturmeldinga til fiskeriminister Svein Ludvigsen i fjor, var det berre Sp og SV som hadde avvikande syn, men dei kom ikkje lenger enn til å fremja tulleforslag om regionalt baserte kvotar. Ingen i Stortinget følgde opp tidlegare stortingsvedtak som seier at fiskeressursane tilhøyrer folket.

– Du har heilt mista trua på politikarane?

– Ja, men no vonar eg at rettssaka kan føra kvotesaka opp på den politiske dagsorden.

– Det er eit siste desperat forsøk på å nå fram?

– Ja, kanskje kan ein sjå det på den måten. Sidan Norges Fiskarlag har støtta styresmaktene i raseringa av kysten, har styresmaktene framstilt det som om fiskarane er samde om utviklinga. Ved styrebordet i Fiskarlaget sit karane med dei store pengesekkene, og dei vil ha fiskefatet for seg sjølv. Dei representerer ikkje den alminnelege fiskaren.

– Greier ikkje fiskarane å få dei rette folka inn i leiinga i Fiskarlaget?

– Det ser ikkje slik ut. Ein gong var eg medlem av Troms fiskarfylking, og då vart alle viktige verv tildelte skipperane på dei litt større fiskebåtane. Innimellom fanst det nokre få sjarkfiskarar – som gissel.

LO-støtte

Saman med tre andre Troms-fiskarar har Svein Johansen sett i gang ei pengeinnsamling med tanke på rettssaka.

– Så langt har me fått 400.000 frå Fagforbundet – det største LO-forbundet. Dessutan har me fått tilsegn om 50.000 kroner frå Kommuneforbundet, pluss fleire pengegåver frå private. Dette er både imponerande og gledeleg, og gåvene fører til større prestisje for det me heldt på med. Pengane frå fagforbunda førte til at me brått vart oppgraderte frå å vera fire bygdetullingar til å verta interessante for langt fleire.

– Kan de vinna ei sak mot staten?

– Det trur me så avgjort. Me kjem til å visa til det som finst av lover, forskrifter og sedvanerett. Ikkje noko kompetent organ har vedteke å lukka allmenningen. Stortinget har gjeve Fiskeridepartementet fullmaktslover, og departementet har tolka lovene på sitt vis. Dei har styrt i retning av omsetjelege kvotar, men det inneber ikkje at dei har lovheimel for å gjera det. Kystbefolkninga har levd av fiskeressursane opp gjennom åra, men no opplever folk at fiskeressursane er i ferd med å gleppa ut or hendene på dei. Skrekkscenariet vårt er Latin-Amerika, der ein liten promille eig jorda, og det store fleirtalet er fattige.

– Alle kan ikkje etablera seg som fiskarar. Ei viss regulering av fisket må til?

– Det heile er eit spørsmål om fisken framleis skal tilhøyra folket som ein kollektiv eigedom, eller om han skal gå over i hendene på spekulantar og fiskeentreprenørar.

– Kjenner du mange som er interesserte i å byrja med sjarkfiske?

– Eg kjenner fleire, men har ikkje kartlagt kor mange. Stadig fleire fiskar på ei maksimalkvote som har vorte mindre og mindre, og mange av desse har store problem med å overleva. Sjølv har eg dei rettane som trengst. Det er ikkje mi sjuke mor eg kjempar for i rettssaka, seier Johansen.

Han har ein sjark på 30 fot og fiskar etter torsk, sei, hyse og fiskeslag som det ikkje er kvotar på. Johansen har ikkje kvote på sild og makrell, men han fekk kvote på kongekrabbe i fjor.

Ulovleg praksis

I dag er det så store pengar i fiskerinæringa at ein ikkje kan sjå bort frå monalege innslag av korrupsjon i norsk fiskerinæring, meiner Svein Johansen.

– Den som ikkje har pengar, kjem ingen veg, seier han.

Troms-fiskaren viser til at Stortinget to eller tre gonger har gjort vedtak om at fiskeressursane er heile folket sin eigedom.

– Heilt til Ludvigsen-reforma vart vedteken i fjor, var kvotesal ulovleg, bortsett frå når det galdt ringnot- og trålarflåten. Men på 90-talet skjedde det ei utgliding. Premissane for den nye praksisen vart lagde i 1990 då styresmaktene innførte avgrensa tilgang til fiskeria. Før den tid kunne alle skaffa seg ein båt, og dei hadde krav på å få fiska. Avgrensinga skapte ein etterspurnad etter kvotar. Pengane kom sterkare inn i biletet, og det vart etablert ein marknad for kjøp og sal av kvotar – som var ulovleg heilt fram til i fjor.

Men sjølv om det var ulovleg, har ein heilt sidan 1990 kunna lesa annonsar i fiskeripressa der det gjekk fram at folk ønskte å kjøpa eller selja kvotar. Styresmaktene brydde seg aldri om å slå ned på denne ulovlege praksisen.

Baltikum og Kina

– Ser de på trålarane som ein hovudfiende?

– Ikkje i denne samanhengen. I prinsippet er konsesjonar ein uting, men me er samde i at det må vera ei konsesjonsordning for båtar som fiskar med svært effektive reiskapar. Viss ikkje – er det fare for at allmenningsressursen vert øydelagd.

– Ser du noka framtid for kystfisket?

– Eg meiner at det er framtida. Det andre fisket er ressursøydande, uøkologisk og sentraliserande.

Ei vidare utvikling av trålflåten kan føra til total avfolking av kysten. Me må tilbake til ein flåte med fleire og mindre farty som er nærast tvinga til å levera fisken til det næraste fiskebruket. Slik kan fiskebruk og bygder få tilbake den nærleiksfordelen dei hadde. No vert fisken frakta lange vegar for å verta foredla i Baltikum eller Kina – av di det finst folk som trur at dei kan tena meir pengar på det. Utan at folk deltek aktivt i fiskeria, ser eg inga framtid for kysten. Aust-Finnmark ligg i desse dagar nede for teljing. Held me fram med å tru på dei som ranar verdiar frå lokalbefolkninga, er det ikkje noka framtid verken for Finnmark eller store delar av Nord-Noreg, seier Svein Johansen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |