Dag og Tid nr. 5, laurdag 31. januar 2004
Bøker:
Kriminalitet og tilgiving
Nestoren i norsk kriminologi tvingar oss til å tenkje på nytt om brotsverk og straff
Sakprosa
Nils Christie:
En passende
mengde kriminalitet
Universitetsforlaget 2004
I forordet til den nye boka si skriv Nils Christie: «Ofte er det slik at forfattere sirkler rundt de samme temaene mesteparten av livet.» Det som har stått sentralt for hans del, er «spørsmålene om kriminalitetens mening». Men ikkje berre det han sirklar rundt, også måten han sirklar på er karakteristisk. Her som elles skriv han konsist og klart om innfløkte saker. Stilen er lesarvennleg med korte avsnitt, pirrande mellomtitlar, lærerike eksempel. Og forfattaren gøymer seg ikkje: «Leseren vil ha forstått hvor mitt hjerte er», heiter det mot slutten. Han taler for dei utstøytte, og han skriv kritisk og klokt mot det som er innlysande sant for dei fleste. En passende mengde kriminalitet oppsummerer ein av dei viktigaste forfattarskapane i norsk
samfunnsforsking. Allereie det gjer boka verd å lese.
Konstruksjon
Kriminalitet finst ikkje, hevdar Nils Christie. Det som finst, er for det første handlingar, for det andre tolkingar av desse handlingane. Måten handlingane blir tolka på, måten dei blir gitt meining på, varierer med konteksten. Til dømes kan same handling bli vurdert på ein måte i krigstid, på ein annan måte i fredstid. Avgjerande er det òg om «tolkingsfellesskapet» er folk som kjenner utøvaren eller ikkje. Jo større avstand mellom dei som handlar og dei som tolkar, jo sterkare tendens til å kriminalisere.
Og det er dette som skjer. Det heng saman med at ein av institusjonane i samfunnet tek til å dominere det heile, nemleg institusjonen for produksjon, handel, pengebyte, forbruk. Verdisettet herifrå blir gjort gjeldande overalt, og når reine økonomiske omsyn vinn fram, må mange menneskelege omsyn vike. Fleire grupper blir overflødige og fell utanfor, avstanden mellom fattige og rike veks, og frykta finn grobotn i sosialt og økonomisk utarma nabolag. Nedbygginga av velferdsgode er samtidig uttrykk for ein svakare stat, ein slags nattvektarstat, der politikarane har lite anna å stelle med enn å sørgje for lov og orden. Derfor blir justispolitikken så viktig og prestisjefylt. Standardoppskrifta for statleg kriminalitetskontroll er meir politi og strengare straffer. Utviklinga har nådd eit foreløpig toppunkt i USA.
Christie samanliknar potensielt kriminelle handlingar med ein utømmeleg naturressurs. Poenget er at det er opp til oss kor stor del av handlingane vi vil «hente ut» som kriminalitet, for kriminalitet er eit produkt av evaluering og klassifisering, altså noko samfunnsskapt, ikkje noko naturgitt. Dessutan er det på same måte som ved utvinning av naturressursar nokon som har nytte av å auke omfanget av kriminelle handlingar. Men det kjem for meg at samanlikninga er meiningslaus: Ein naturressurs (fornybar eller ikkje) er jo nettopp ikkje gjenstand for tolking på den måten handlingar er det. Ingen kan seie at olje er tømmer. Slik sett kan biletbruken forståast i motsett retning av den intenderte meininga: Drap kan ikkje tolkast som kva som helst; eit drap er eit drap; det finst grenser for tolking og meiningsskaping. «Kriminalitet er én blant mange måter å se på de dårlige
handlinger. Vi er fri til å velge.» Slik står det. Men ein skepsis har snike seg inn: Kor frie er vi eigentleg?
Den uetiske straffa
«Hvis vi tror på verdier som godhet og tilgivelse da bør vi holde strafferettsinstitusjonen liten.» Derfor gjeld det å finne alternativ til straff. Å straffe andre er å pine dei, og det står i motsetning til fundamentale menneskelege verdiar som desse: «Vær snill. Bevar liv, ikke drep. La ikke med vilje andre komme til skade. Tilgivelse rager over gjengjeldelse.» Korleis straffeapparatet blir brukt, vitnar om korleis det står til med slike verdiar i eit samfunn. Høge
fangetal tyder på at noko er gale. Christie vil sjå på fangetalet som ein uavhengig variabel: Om
fangetalet går over eit visst nivå, skal det ikkje byggjast fleire fengsel, men det skal gjerast noko med dei forholda som skaper kriminalitet, og det skal finnast alternative tolkings- og reaksjonsmønster. Det går til dømes an å nytte ordet «konflikt» i staden for «brotsverk». Konfliktar kan løysast gjennom mekling. Det som er gjort gale, kan rettast opp. For folk som vil leggje ei vond fortid bak seg, kan høyringar og sanningskommisjonar vere betre metodar enn straff og hemn.
Drøftinga av dette er grundig og tankevekkjande. Men tvilen grip meg når Christie tek for seg drapa i Baneheia og spør: Kva om dei pårørande tilgav dei skuldige? Kvifor skulle saka i så fall tilhøyre påtalemakta og fengselsvesenet? Som tankeeksperiment er dette dristig. Christie ser for seg full saksgjennomgang i fullt offentleg lys, og at dette ville skape forståing og i neste omgang avklart ro. Men det er noko overmenneskeleg i kravet som blir stilt til dei som er råka. Og sjølv om foreldra kunne tilgi, så trur eg ikkje dei tiltalte kunne røre seg fritt omkring for det. Om ikkje rettsapparatet straffa dei, ville andre gjere det. På dette punktet skulle eg gjerne ha sett ei vurdering av massemedia si rolle: Dei fleste av oss er jo ikkje førstehandsvitne til det som skjer i rettssalen, vi får det formidla gjennom andre. Og sjølv om Christie fleire gonger understrekar at han aldri har møtt
monster blant domfelte, så hender det jo at mistenkte blir demoniserte gjennom media. Det blir som eit teater for oss, der Aristoteles sine reglar for fatale plot enno gjeld: Dårleg utgang for ein vond hovudperson gjer at publikum blir tilfredsstilt, for rettferda har sigra. I dette tilfellet består publikum av folk med stemmerett. Kva kan humane visjonar stille opp mot populistisk justispolitikk?
Eg veit ikkje om framlegga til Nils Christie lèt seg realisere, men eg håpar det. Forsvaret for menneskelege verdiar og åtvaringa mot brutaliseringa av samfunnet blir i alle fall ståande som sterke og sanne ord. Frå anna hald er talen om tilgiving og forsoning sjeldan å høyre.
Ingvald Aarstein
|