Dag og Tid nr. 4, laurdag 24. januar 2004
Roald Helgheim:
Utarta kunst
Den israelske ambassadøren sitt åtak på eit kunstverk i Stockholm fekk Kjartan Slettemark til å tenkje på Hitlers syn på utarta kunst. Det seier kunstnaren til Dagsavisen. På tysk heiter det Entartete Kunst, som gjerne også blir omsett med degenerert kunst. Uttrykket oppstod i Tyskland i 1937. Ei utstilling vart opna i München det året til skrekk og åtvaring. Hitler heldt opningstalen og brukte uttrykket «Entartete Kunst», som han blir rekna som opphavsmann til. Etterpå vart bileta, som for det meste kom frå offentlege kunstsamlingar, gjort utilgjengelege. Mange vart øydelagde. Mellom dei utarta kunstnarane representert på utstillinga, var både Edvard Munch og
ei rad av dei andre fremste namna i europeisk kunst på 1900-talet.
Kjartan Slettemark vart sjølv utsett for politisk hærverk, då han i 1965 i den offentlege godkjende utstillingsmonteren ved Stortinget stilte ut eit bilde som framstilte USAs bruk av det kjemiske våpenet napalm i Vietnamkrigen. Ein mann med øks gjekk laus på glasmonteren og bildet, og hendinga er det mest kjende døme på fysisk skjending av eit stykke «utarta» norsk kunst i moderne tid. Seinare reaksjonar på provoserande kunstverk har ikkje nådd opp mot dette hærverket. Kva det fortel om samtidskunstens evne til å provosere, skal vere usagt.
Eg kjenner det omstridde verket på Moderna Museet i Stockholm berre av omtale og fotografi. «Snöhvit och sanningens vansinne» viser bildet av ein smilande kvinneleg palestinsk sjølvmordsmartyr, kjend under namnet Aradat, som flyt i ein båt på eit raudt, blodliknande hav. Bak verket står svenske Gunilla Skiöld og den israelskfødde Dror Feiler, og det skal etter det Dagens Nyheter skriv, symbolisere den fortvila tilstanden sjølvmordsaksjonane symboliserer, utan å ta standpunkt for slike aksjonar. Utstillinga er samtidig med, men uavhengig av ein konferanse i Stockholm om folkemord. Den trugar Israel med å halde seg borte frå, endå konferansen ikkje skal ta opp Israel-Palestina-spørsmålet. Ein brautande Ariel Sharon har utnytta saka for alt ho er verd, gir ambassadøren sin full støtte, og krev full politisk knebøying frå svenske styres-makter. Göran Persson seier det kjem
ikkje på tale å gripe inn mot verket, som både ambassadøren og Sharon har stempla som antisemittisme. Den same ambassadøren er kjend for å kalle all Israel-kritikk antisemittisk. Då saka vart annonsert som debattemne i NRKs Standpunkt denne veka, fekk vi høyre at norske jødar no fryktar eit nytt Holocaust.
Slik blir denne saka gitt proporsjonar som både er groteske og øydeleggjande for eit fornuftig ordskifte. At ambassadørens framferd er eit åtak på ytringsfridommen, er det lett å bli samd om. Men det er antisemittisme-stempelet på alt som kan oppfattast som kritikk mot Israel, som er kvelande for all debatt. Det skal gjere terrorstaten Israel immun mot kritikk, mens det er fritt fram for å stemple dei som staten undertrykkjer og okkuperer, for terroristar. Når okkupantstaten Israel oppfører seg på ein måte som elles i verda hadde blitt kalla med sitt rette namn, er det «antisemittisme» å bruke det om Israel. Om det er ei historisk vulgarisering å seie at Israel i dag har overtatt Hitler-Tysklands gamle rolle, er det likevel grunnar gode nok til å kalle ein ny apartheidstat i Midt-Austen for akkurat det, slik han fer fram mot det okkuperte folket og landet, og handsamar ikkje-jødar innanfor
sine eigne grenser. Om sjølvmordsbombarane også råkar uskuldige sivile, er martyrglorien dei får ikkje vanskeleg å forstå.
Ei bok til å få innsikt om dette av, er Martyr-brigadene av Frida Nome, som med diplomatstatus har arbeidd mykje i området. Bak all religiøs tru om himmelsk status er den viktigaste drivkrafta for sjølvmordarane at dei kjempar for ei rettferdig sak, skriv ho. Det meiner også den britisk-kanadiske filosofen Ted Honderich, som i fjor skapte slik røre med boka Nach dem Terror at det renommerte tyske forlaget Suhrkamp trekte boka attende, etter press frå ein israelsk lobby. Som konsulent for forlaget hadde Jürgen Habermas gått god for verket, og i eit ope brev skreiv Honderich at han var opprørt over skuldingane om antisemittisme. Den tidlegare ektefellen hans er jødisk, og sjølv har filosofen nekta å førelese ved tyske universitet på grunn av Holocaust.
Tittelen på boka viser til terroråtaket mot USA, og Honderich hevdar det humanistiske prinsipp at 3000 menneskeliv er 3000 menneskeliv enten dei er offer for terror-åtak, for bombefly eller for ei urettferdig fordeling av goda i verda. I denne samanhengen hevdar han også at når Israel forsvarer retten til å drepe for å forsvare landet sitt, er han ikkje i tvil om at palestinarane, det våpenlause folket som har tatt i bruk terror som eit uunngåeleg middel, har rett til det. Han reagerer på språkbruken som seier at det er Israel som alltid «svarar på terror», og meiner at palestinarane med aksjonane sine utøver ein moralsk rett.
Same kva ein måtte meine om Honderichs humanistiske prinsipp antisemittisme er det ikkje. Det kan det berre bli kalla fordi den okkuperande parten heiter Israel. Sjølv blir eg like oppgitt over den historielause og lettvinte bruken av Holocaust i den politiske argumentasjonen. Men i diskusjonen om Stockholm-utstillinga er det Sunnfjord-svensken Kjartan Slettemark som har det historiske poenget. Han har kjempa for den «utarta» kunsten sin heile livet. |