Dag og Tid nr. 4, laurdag 24. januar 2004


Klok på bok 648:
Klok på kviskring
Denne veka har me fått gysla mange svar, men Barabass har forelska seg i eit postkort sendt frå Olaug Kråkevik i Jondal. På kortet er det eit bilete av sauer i Nordfjord. Sauer på fjellet om sommaren i godt ver, seier Barabass med drøymande, blanke saueauge. Barabass siterer frå postkortet: «Ut frå dykkar tips – tippar eg: ‘Appelsinpiken’ av Jostein Gaarder. Godt nytt år til dykk båe – hels Paula òg dersom ho er ‘tilsnakkandes’. Eg gler meg til sommar og fjell – gjer du Barabass det?» spør Olaug Kråkevik. Ho Olaug Kråkevik forstår meg, seier Barabass og proklamerer: Olaug Kråkevik er vekas vinnar! Me gratulerer og feirar med nokre saftige appelsiner. Dei er så gode på denne tida av året – og sunne.

Tore Aschim i Askim er òg klok på Gaarder. Han skriv: «Det går godt an å lese ungdomsromanar jamvel om ein er ein gammal kall på 65. Eg trur faktisk at vaksne folk vil ha like mykje glede av å lese Jostein Gaarder som unge menneske. Denne gongen er der ‘Appelsinpiken’, vel verd å lese både for gammal og ung. Med romantisk helsing Tore Aschim».

Ellen Pauline i Gaupne er òg blant dei som meiner vekas bok kan lesast av andre enn ungdom. «Ei god bok for både ungdom og vaksne», skriv ho. Henrik Wroldsen i Oslo har gode erfaringar med ungdom og akkurat denne boka. «Før jul presenterte eg boka for mine elevar i åttande klasse, og fleire av dei har allereie lese boka og gitt ho positiv omtale» skriv Wroldsen. Torunn S. Andresen er klok. Det same gjeld Kari Folvik i Oslo, Finn Tysland Johnsen, 4812 Kongshavn og Bergljot Selvåg i Stavanger. Selvåg har kome fram til korrekt svar og skriv: «Jostein Gaarder hugsar eg godt som ein entusiastisk folkehøgskulelærar med ei makelaus evne til å fanga og halda på interessa til elevene.» Annbjørg Grevskott i Levanger har òg kome fram til at «dagens ‘sitrusfrukt’ er henta frå starten av ‘Appelsinpiken’.»

Du store allverda kor mange kloke der ute, seier Barabass. Han er godt i gang med sin andre appelsin. Det er svært viktig med c-vitamin no om vinteren, seier han. Barabass er ikkje som andre sauer. Det er sikkert.

Ingrid i Gaupne har svart korrekt og skriv slik: «Å lese høgt for kvarandre er å oppleve det fantastiske saman. Lydboka kan vere det nestbeste når ein er åleine. Og det er eg. Men akkurat no er eg saman med ‘Appelsinpiken’ av Jostein Gaarder. Boka er innlesen av Aksel Hennie og Lasse Lindtner som Georg og Jan Olav. Ei stor forteljing som tek oss ut i universet, inn i kjærleiken og bortom liv og død», skriv Ingrid i Gaupne.

Lilly Erna og Karle Gjernes på Smøla svarar rett og kjem med oppfordringa: «Les denne boka!» Det verkar som om mange av dei kloke er begeistra for vekas roman. Det gjeld mellom andre Karl Johan Grønning. Han skriv: «Takk for svært gode tips! Det var ikkje vanskeleg å skjøna at forfattaren er Jostein Gaarder, når ein får vita at boka alt kjem ut i 21 land. Kva for andre norske forfattarar blir straks omsette til så mange språk? Fleire av bøkene hans har komi ut på meir enn 40 språk! Og frukt? Javisst må det vera appelsin, og ungdomen er den 15-årige Georg. Men ‘Appelsinpiken’ kan godt lesast av lesarar som for lengst har ungdomsåra bak seg», skriv Karl Johan Grønning, 1349 Rykkinn.

«Ja, så er vi gang med eit heilt blankt nytt år. Og med oss har vi kanhende angen av appelsinane, clementinane og nektarinane vi hadde i jula. Jostein Gaarder har skrive ‘Appelsinpiken’. Grunnen til at boka var seld til, var det 21?, land før ho kom ut, var vel eine og aleine den at han tidleg på nittitalet kom ut med gigantsuksessen ‘Sofies verden’. Det var det om den saken! Lukke til i stolen etter ho Paula, håpar de vil trivast og gi oss mange fine oppgåver å bryne oss på. Eg ser alltid først på Klok på bok-spaltene når bladet kjem»,
skriv Eli Sylta på Lillehammer.

Svara er mange denne veka. Me må nemna nokre i alle fall: adresselause Christine Bakke, Gunnar Bæra på Løten, Toyni Tobekk, 4235 Hebnes, Gunnar Hagen, 8618 Andfiskå, Elen Maria Todal i Aure, Torill på Myre, Kaare Stegavik i Trondheim, Brita Lundeland i Aurland, Birgitte Berge, 5236 Rådal og Ranveig Lundquist i Orkanger. Kloke folk alle saman. «Jeg vedder en nellikfylt appelsin på at du får inn svar i fleng på denne», skriv Hilde Matre Larsen i Oslo. Ho ville vunne det veddemålet, ja! Maj Voss i Oslo syntest me gav usedvanleg mange tips denne gongen. Me vil jo gjera det litt lett på nyåret, seier Barabass. Men like lett kvar veke blir det ikkje. Det er sikkert. Denne gongen: Byrjinga på eit dikt.


Klok 648
Kven kviskrar bak ordet?
Kvi støkk det attende
ved grensa til avgrunn
og ukjende lende?

Det einaste tipset denne gongen: Gudbrandsdalen.

Kva heiter forfattaren som har skrive dette diktet? Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Svar innan fredag 30. januar. Lykke til! Barabass og eg håpar på mange svar.
Barabass og Dale-Oskar

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |