Dag og Tid nr. 4, laurdag 24. januar 2004
Lov og rett:
Når kriminaliteten ikkje finst
Kriminalitet finst ikkje. Det er berre ein av fleire måtar å omtale visse handlingar på, seier Nils Christie. Difor har han skrive bok om kor mykje «kriminalitet» eit samfunn bør ha.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Eg vil vise kor feil det er å starte med det ordet, seier Christie. Han sukkar over at til og med fagfolk trur krimnalitetsstatistikkane seier noko om kor mykje kriminalitet det faktisk er i samfunnet. Statistikkane avspeglar politiske avgjerder om kva samfunnet definerer som kriminelt. Difor har statar som tykkjer statistikken deira viser for høge tal, til dømes over kor mange som sit i fengsel, endra på det. Eitt døme er Finland, eit anna og ferskare er Russland, som til no har kappast med politistaten USA om dei høgaste fangetala, men som ikkje lenger vil kjennast ved det. Etter siste statistikk sit 730 av 100.000 USA-borgarar i fengsel, mens det russiske talet er 607.
Det som skjer i Russland, er spennande. Putin sa nyleg om det berykta fengselet i St. Petersburg at det ikkje er ein rettsstat verdig, men Tsjetsjenia-spørsmålet kan få mykje å seie for den vidare utviklinga, seier Christie.
Den no 75 år gamle kriminologiprofessoren talar til oss med den same milde autoriteten som alltid, etter at han med sine internasjonalt kjende publikasjonar og utspel har påført dei herskande tankar eit konstant ubehag. Ein klassikar er den stadig oppdaterte Kriminalitetskontroll som industri, ein annan er Den gode fiende, der han i 1985 saman med finske Kettil Bruun tok det første grundige oppgjeret med narkotikapolitikken i Norden. Sidan han i 1952 skreiv ein studie av fangevaktarar i ein norsk konsentrasjonsleir, har han gitt ut bøker om emne som Pinens begrensning, Om skolen ikke fantes, og om globale landsbyar. Då En passende mengde kriminalitet vart lansert denne veka, var riksadvokat Tor Aksel Busch den første til å hylle ein forfattar som på sin stillferdige måte har gitt norsk kriminaldebatt stadig nye impulsar. Sjølv kallar Christie boka ei oppsummering av mange trådar. Den
misvisande bruken av kriminalitetsbegrepet er det sentrale.
Handlingar
Grunnlaget for det vi kallar kriminalitet, er handlingar. Handlingar kan vere ønskte, nøytrale eller uønskte. Bruken av ordet kriminalitet er avhengig av kva meining vi gir handlingane. Og uønskte handlingar kan vere resultat av både galskap, fattigdom og «kriminalitet».
Er boka også ein kritikk av ditt eige fag?
I høg grad. Også det er prega av trua på at statistikkar avspeglar kriminalitet. Men med statistikk kan ein som kjent bevise alt. Då Noreg i 1950 fekk sin første statistikk over brotsverk etterforska av politiet, var det sjokkerande talet 30.000. Utviklinga av velferdsstaten burde jo bøte på dette, men snart femti år etter er talet på etterforska brotsverk tidobla, og talet på straffedømde har auka frå 5000 til 20.000. Mengda av fangar i høve til folketalet er dobla. Vil det seie at kriminaliteten har auka? Det veit eg ikkje, og det får eg aldri vite.
Christie viser til at konvensjonell kriminologi snakkar om harde data og mjuke data. Harde data er tal, mjuke data er det som skildrar handlingane.
Eg vil heller snakke om fjernt og nært. «Mjuke» data er nærdata, for dei er nærare hendingane. Harde data er fjerne data, tal og statistikkar folk dreg opp av hatten utan å ha vore i nærleiken av dei det gjeld. Eg er meir av ein sosialantropolog enn ein kriminolog.
Er ikkje trua på tal og statistikkar mange fags svepe?
Jo visst, det er den gyldige måten ting kan teljast på. Ein vanleg feil er å sjå på reaksjonar som kjelde til å fastslå graden av kriminalitet. Har vi mange fangar, har vi høg kriminalitet. Men nesten halvparten av kriminalsakene i Noreg er narkotikabrotsverk. I tillegg kjem at fengsla i seg sjølve er reine rekrutteringsanstaltar for nye kriminelle, seier Christie.
Logikken er enkel: Å avkriminalisere ein viss type brotsverk vil etter den gjeldande reknemåten få «kriminaliten» ned, utan at mengda av handlingar bak har endra seg.
Å fengsle folk er i familie med det å ta liv, for du tar ein del av menneskelivet. I Hermansen-saka meinte dei pårørande at 15 år var for lite, påtalemakta tykte 18 år var ei høveleg straff og anka. Hadde vi vore i USA kunne ein dom vore tre gonger livstid, mens påtalemakta likevel ikkje ville vore nøgd, men fann at fire gonger livstid er betre, seier Christie.
Kva som er ei høveleg straff, er altså kulturbestemt, og handsaminga av brotsverk er eit mål på ein nasjons kultur.
Når det er gjort handlingar vi ikkje ønskjer, må spørsmålet vere korleis vi ikkje skal gjere fleire. Difor argumenterer Christie for mest mogleg mekling der det no blir brukt straff. Det er den horisontale, mellommenneskelege måten mot den vertikale, som er ovanfrå og ned.
Hengd kommandant
Det er offisiell politikk at straff ikkje er det same som hemn, men så seier folk: Har vi ikkje likevel hemnens motiv? Då spør eg attende: Er det sant? Eg var i ein radiodebatt der ein deltakar spurde om eg ikkje ville straffe den som stal bilen min. Eg vil heller ha attende bilen, sa eg. Eg innser at meklingsmetoden i vår tid er særleg vanskeleg der menn gjer vald mot kvinner, men eg vil ikkje gje opp av den grunn.
I kapitlet «Svaret på det forferdeligste» kjem Christie inn på oppgjeret med dei ansvarlege bak Holocaust. Der jernbanesporet enda i dødsleiren Birkenau, reiste dei etter krigen ein galge og hengde kommandanten. Christie skriv:
«Jeg har aldri kunnet forstå det. Et liv mot en og en halv million drepte. En knekket nakke for dem som ble kvalt, sultet til døde eller drept på annet vis. For meg ble henrettelsen av kommandanten en slags fornedrelse av de halvannen million ofre. Verdien av hver av dem ble på en måte 1,5 milliontedel av kommandantens.»
Polske kollegaer spurde Christie kva dei elles skulle ha gjort. Han sa at det kanskje burde vore ei rettssak der alle stod fram og vitna, inkludert kommandanten.
Og etterpå skulle dommaren seie til kommandanten at «no har vi høyrt om alle dine brotsverk mot menneskeætta. Og du er skuldig. Meir kan vi ikkje gjere. Gå bort i skam». Er ikkje det håplaus idealisme?
Det var det dei gjorde i Sør-Afrika, og med alle sine manglar var det ein eineståande forsoningsprosess. Føresetnadene for ein slik prosess er sjølvsagt at alle partar innser kva dei har gjort.
¨ Men er argumentet om at ein fangevaktar ikkje kan gjere opp for 1,5 millionar liv gyldig? Det skal jo ikkje vere auge for auge og tann for tann?
Spørsmålet er likevel: Kva oppnår vi med å hengje kommandanten, kva pine skal vi påføre han, seier Christie, som sjølv har skrive boka Pinens begrensing. Han viser også til ein artikkel der kriminologen Hedda Gjertsen skriv at straff ikkje er noko reinsemiddel.
«Når straff er et symbolsk uttrykk, kan den ikke måle seg med lovbrudd i forholdet 1:1, og skal heller ikke gjøre det. Straff er ikke et anliggende mellom offer og gjerningsperson, men et samfunnsmessig anliggende.»
Men om det er «common sense» at straff er samfunnets ansvar, blir ropet om hemn stadig høgare. Det såg vi både etter Baneheia-saka og etter drapet i Son. Kommentar?
Ja, det er stadig sterkare offerrørsler som får makt over sinna våre. Reaksjonane er forståelege, men dei må aldri få styre politikken.
Finland har i dag ein fangetettleik som liknar vår. Kva gjorde dei for å få ned tala?
Tidlegare likna dei meir på Aust-Europa, og det ville dei ikkje. Det gjaldt å lage avstand til naboen Russland, og dei fekk fangetala ned til ein tredjedel, mellom anna ved å fengsle færre fulle folk, seier Christie. Han er uviss på utviklinga i Russland, men skriv i boka at bildet av den russiske mafiaen bør takast med ei klype salt. Både «mafia» og «den organiserte kriminalitet» er nemningar som høver godt for opptrappinga av kampen mot det. Ein kriminolog har samanlikna «organisert kriminalitet» med Gud. Felles for dei er at eksistensen ikkje går an å prove.
Begge delar kan også brukast til alle slags formål, seier Christie.
Tilfellet Polen
Den polske fangestatistikken er eit eige studium verd. Tala har gått opp og ned som ein jojo etter krigen. Kurva er ei berg- og dalbane, der botnen blir nådd kvar gong det vart gitt amnesti, ofte etter fangeopprør i overfylte fengsel.
Diagrammet er eit slåande døme på at meir enn å seie noko om kriminaliteten, speglar dei av politiske avgjerder. Etter Solidaritet stabiliserte talet seg, men no skyt det i veret att. Og med Polen i EU kjem talet til å gå rett til himmels. Det vil knekkje småbøndene og tvinge dei inn til byane. Da eg sa dette på eit møte i Polen i fjor, vart somme sure. Men eg har banna i kyrkja i mange land. Som i England og Wales, der fangetala går i «austleg» retning. Tidlegare var England varsame i kriminalpolitikken, men eg er ikkje i tvil om at den nye utviklinga heng saman med auka sosiale skilnader. Ein annan faktor er truleg at domstolens makt er svekt. Som i USA blir dommarane forsynte med lister over kva som er vanleg straffeutmåling, seier Christie, som snart skal presentere boka si på London School of Economics.
Råd til Cuba
Rett før boka var ferdig, heldt han førelesingar på Cuba, men vart ikkje invitert til fengsla. Han fekk heller ikkje vite kor mange som sit i fengsel, men etter eigne anslag er det ein stad rundt 500 pr. 100.000 innbyggjarar.
Eg var ikkje der for å snakke menneskerettar, men sa at med så dårleg råd kan ikkje Cuba bruke så mykje pengar på fengsel. Ønskjer ein å skape velferd, kan ein ikkje ha ein så stor og kostesam sektor. Det er eit farleg tema, men mange nikka samtykkjande.
Når du skriv om globale landsbyar, er det som om verda er full av Kardemomme-byar.
Eg har alltid meint at Torbjørn Egner er ein framifrå kriminolog. Det finst knapt ein storby som ikkje har små lokalsamfunn som er å likne med landsbyar. Eg snakkar ikkje om bydelar, men om mindre format. Eg meiner dei kunne hatt ulike fargar på gatene. Zygmunt Bauman skriv om slike ting i boka Wasted Lives. Han er pessimist, men eg er optimist.
«Hadde jeg hatt makt som diktator og ønsket å skape en situasjon med mest mulig kriminalitet, da ville jeg skapt samfunn omtrent som dem vi har nå». Kan du presisere det?
Eg tenkjer særleg på korleis den økonomiske institusjonen stadig veks, mens andre faktorar får mindre og mindre å seie. Det blir som om det skulle vere berre ei øving i OL, det gjer verda til ein kjedeleg plass å vere.
Christie fortel at han spurde ei gruppe studentar kva dei tenkte på når han nemnde ordet kapital.
Nesten alle sa pengar eller noko som hadde med pengar å gjere. I Oxford Dictionary er pengar den åttande tydinga, langt bak ord som har med både hovudstad og hovud å gjere. Pengane held på å ta hovudets plass hos menneska, seier Christie. Snart tjue år etter at han skreiv boka Den gode fiende om norsk narkotikapolitikk, er det mogleg å snakke meir ope om det, men Christie er redd for utviklinga.
Det er fremja forslag om Drug Courts som skal ta seg av narkotikasaker. Eg er redd det kan vere ein måte å gjenopplive lausgjengarlova på. Det er jo inga sak å oppklare narkotikabrotsverk. Ser du på dei som går på Plata i Oslo, liknar dei både i stil og bakgrunn på dei gamle lausgjengarane, seier Christie. Endå er han optimist. Snart kjem boka hans også på tysk, spansk og russisk. Det gjeld å halde motstanden oppe.
|