Dag og Tid nr. 4, laurdag 24. januar 2004
Kommentar:
Sanninga skal gjere dykk fri
Det finst knapt ein familie i Tyskland som ikkje på eit eller anna vis bidrog til valdsherredømet til Det 3. riket. Det er eit faktum deI færraste har eit avslappa forhold til. Det er nok mange som i dag kan stadfeste det filosofen Karl Jaspers skreiv for snart 60 år sidan: Ein kjenner seg medskuldig i det eins slektningar har gjort, sjølv om ein moralsk og juridisk ikkje heftar for det. Skal ein forstå dagens tyskarar, må ein kjenne til dette arret som så mange ber på.
Uwe Timm:
Am Beispiel meines Bruders,
Kiepenheuer & Witsch Verlag 2003
Den velrenommerte forfattaren Uwe Timm har skrive ei bok som han nok er letta over å vere ferdig med. Dette er hans personlege «Vergangenheitsbewältigung», som er det tyske begrepet for å gjere seg til herre over ei skremmande fortid. Men det høgst personlege fokuset i boka forfattarens eigen familie står ikkje i vegen for at ho reiser allmenne spørsmål: Korleis prega Det 3. riket dei som voks opp etter at det fall ? Korleis kan ein på same tid handtere både tilhøyrsla si til det tyske og ei avvising av dei brotsverka som så mange av dei vaksne passivt eller aktivt hadde teke del i? Korleis bringe overeins kjenslemessig og intellektuelt ein lojalitet overfor både offer og bøddel på same tid, i same hovud, utan å lyge, forenkle eller fortrengje? Når vi får vite noko grufullt om nokon vi er glade i, korleis fargar det biletet av fortida og det gode vi har hatt saman? Hubert
Spiegel skreiv i sin bokomtale at ein legg boka ifrå seg med ei sjeldan fornemming av å ha lese ein klassikar innanfor sin sjanger. For ikkje å la meg forføre til forhasta konklusjonar har eg lese boka to gonger, men eg trur mannen har rett: Dette er ein klassikar. Eit norsk forlag burde vere danna nok til å gje ut boka, av kulturell forplikting, rett og slett. Også viktige bøker har krav på merksemd i Noreg.
Boka er eit sorgarbeid og ei fordriving av eit gammalt spøkjelse. Uwe Timm måtte vente til foreldre og søsken var borte med å skrive Am Beispiel meines Bruders. Den engasjerte antinazisten og radikale 68-aren held ein slags gravtale over sin eldre bror, Karl Heinz Timm, SS-mannen som fall på austfronten. Boka er ei skånsellaus kritisk, reflektert, moralsk forplikta undersøking av ein familie og ei tidsånd, men ho er samstundes eit portrett av menneske sett gjennom kjærleikens forståande, kloke blikk. Nazismens menneskeforakt er ein ideologi det gjeld å avsløre og kjempe mot, og boka er ein lekk i denne kampen. Men denne inkarnerte fienden er altså samstundes din bror. Ein SS-mann med slektningar og pårørande du også er glad i, ein som skriv dagbok og sender helsingar til deg, veslebroren Uwe, som han aldri skal få lære å kjenne. Det gjer teksten langt meir nærgåande og
urovekkjande. Dei skjønnlitterære kvalitetane i boka gjer at forfattarens knappe brokkar av minne vert til sterke bilete inne i hovudet på lesaren. Eit makelaust sanseleg språk, samstundes knapt, nøkternt og reflekterande slik tyske forfattarar etter 1945 gjerne skriv. Det private og det tidstypiske smeltar saman i dei kursiverte partia som attgjev nøyaktig korleis orda fell. Det er personlege minne som samstundes syner korleis ein den gong såg og skildra verda.
Timm gjev ikkje skin av å ha løyst gåta om kvifor den stille og grublande bror hans valde å melde seg frivillig for SS, men han gjev ansatsar til forståing. Mest av alt handlar boka om korleis dei overlevande går vidare, korleis Timms foreldregenerasjon for ein stor del ikkje klarte å ta inn over seg at det dei umistelege kjære hadde falle for, var ei forbrytersk sak, og at dei sjølve hadde eit ansvar for at det vart slik. Under den kalde krigen var somme endåtil stolte over dei som hadde ofra livet i kampen mot bolsjevismen. På 50-talet kom det ut bøker der dei herrar generalane forklarte ei brei offentlegheit at om berre deira faglege innsikter ikkje hadde vorte overkøyrde av denne korporalen Hitler, så hadde Tyskland vunne krigen. Den slags fagprat var gjengs. Berre dei færraste innsåg at det dei hadde trudd på, skulle vere noko langt verre enn ein tapt krig: Eit
brotsverk som har ført namnlause lidingar inn over tallause menneske. «Human kind cannot bear very much reality», heiter det hos T.S. Eliot. På 50-talet var jødeutryddinga nok allment kjend, men det er forskjell på å vite om og å rekne med. Fedrane reagerer med fornærma tilbaketrekking og faldar ut sin avmektige motstand mot den nye tida gjennom autoritære forbod mot jazz og dongeri. Men når du som unge har sett dei ein gong så stramme tyske offiserane stå og plukke sneipar og gjere honnør for slentrande amerikanske soldatar, då vert det ikkje mykje att av respekt for den gamle verdsordninga. Eit breitt gjennomslag for erkjenninga av tysk skuld kom først etter Eichmann-prosessen.
Uwe Timm er reflektert nok til å la det kritiske ljoset falle over sin eigen generasjon også. Han var medlem i kommunistpartiet, i solidaritet med dei gamle antinazistane. Men han er, ulikt mange av sine skrivande kollegaer i Noreg, ikkje stolt over dette. Han peikar på at den marxistiske historieformidlinga reduserte nazismen til eit spørsmål om klasse og aldri tok noko oppgjer med dei gamle, autoritære ideala som det vart gjort revolusjonær dygd av. Lojaliteten til gruppa var det viktigaste, kva ein sjølv måtte tenkje, vart underordna. Det var den gamle æreskodeksen, overmåla av marxistiske frasar. Ein pliktmoral banka inn gjennom førestellingar om lojalitet og ære og på den andre sida: Skamma. Slik deformerte ein det personlege ansvaret. Å leggje vekt på kva ein reint privat fant rett eller måtte ha lyst til å gjere, var både skammeleg og utenkjeleg.
Timm er fødd i 1940, og utanriksministeren Joschka Fischer omtala boka som ein generasjonsroman, eit møte med barndomens søndagsmiddagar der drøset gjekk om falne familiemedlemmer med sørgjeband over biletrama. Det er ho nok også. Men Timms nøkterne språk og dei innskotne essayistiske refleksjonane hindrar ikkje dette å vere noko mykje meir enn ei bok som tangerer ei aktuelt tema for dei det måtte gjelde. Timm har også skrive ein roman som må røre ved og utfordre eit større publikum. Han nyttar suverent romansjangerens mange føremoner til å framstille ei tid og nokre menneske i deira mangfald. Timm har her som i andre bøker eit særleg blikk for det å eldast. Og boka inneheld eit av dei vakraste morsportretta eg har lese. Ein vert knytt til dei menneska Uwe Timm let oss møte, også dei som fekk liva sine forkrøpla og dømekrafta si formørka. Dei er ei bok om
vår fiende og våre nære pårørande.
Ivar Bakke
|