Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004
Roald Helgheim:
Heim til Vietnam
Namnet er Nguyen Cao Ky, men vi kalla han berre Ky. Det sørvietnamesiske flagget var «Ky-flagget», og «Ky-gutane» var den konservative norske silkerampen som stod på fortauet og vifta med det gule flagget med raude striper på, mens skikkelege folk gjekk i demonstrasjon mot USAs krig i Vietnam. Ky personifiserte Saigon-regimet som han sat i leiinga for i perioden 1965-75, før han rømde hals over hovud til USA. Denne veka vende han attende til heimlandet. Han landa i byen han framleis kallar Saigon, men som av det nye regimet vart døypt om til Ho Chi Minh-byen. Han skal vidare til Hanoi og til fødebyen Son Tay nokre mil utanfor. Her skal han møte slekta under den religiøse Tet-høgtida i neste veke. Det
blir 36 år etter det som i Vietnam-soga heiter Tet-offensiven, då den vietnamesiske frigjeringsrørsla FNL i 1968 sette i verk ein stor offensiv i Saigon, Hue og andre byar. FNL fekk store tap, men gjorde eit sterkt inntrykk på USA og Washington, og medverka til at Lyndon B. Johnson ikkje søkte attval i 1969.
Ky skulle ikkje vere hovudpersonen i denne artikkelen, men han landa som bestilt til ein kommentar om nye dokument som avslører amerikansk-vietnamesiske renkespel bak regimeskifta i Saigon på 60-talet, med kuppet mot Ngo Dinh Diem 1. november 1963 som det mest kjende. Både i The Pentagon Papers og i nye, bandsterke verk om krigen er bakgrunnen for kuppet grundig skildra, men førti år etter Diems fall kom John Prados før jul med boka The White Hose Tapes: Eavesdropping on the President, ei bok som også inkluderer 8 cd-ar med lydopptak frå møta bak dei amerikanske kulissane. For ikkje å snakke om telegramstraumen som gjekk mellom Det kvite huset og den amerikanske Vietnam-ambassadøren Henry Cabot Lodge i Saigon.
Klimaks i dokumentasjonen blir nådd på sjølve kuppdagen, då Diem personleg ringjer opp ambassadøren og seier: «Ein del militære avdelingar har starta eit opprør, og eg vil gjerne vite kva den amerikanske haldninga er». Ambassadøren orsakar seg med at klokka er 4:30 om morgonen heime i USA og «det er umogleg for den amerikanske regjeringa å ha noko offisielt syn på denne tida av døgnet»! Men ambassadøren må då ha ein idé, «eg er trass i alt statssjefen og har alltid prøvd å gjere mi plikt», seier Diem.
Ambassadøren forsikrar at han har den største respekt for det Diem har gjort for landet sitt, men no er han bekymra for korleis det skal gå med han. Cabot Lodge har fått vite at «dei som står bak aktiviteten mot deg» tilbyr fritt leide ut av landet om Diem går av. Er Diem informert om det? «Nei», seier Diem, «men du har telefonnummeret mitt». «Ja, og du har mitt», seier Cabot Lodge. «Om eg kan gjere noko for å sikre din personlege tryggleik, ver snill og ring meg.»
Den korte sanninga er at Diem og den endå meir upopulære bror hans, Ngo Dinh Nhu, vart funne myrda dagen etter. Fakta fortel også at USA ikkje berre hadde eit klart standpunkt til kuppet, men hadde ivra for det sidan sommaren. Og på eit møte i tryggingsutvalet i Det kvite huset 26. august sa forsvarsminister McNamara at eit mislukka kupp ville føre til at USA enten måtte dra seg heilt ut eller setje inn sitt eige styre. President Kennedy hadde regelmessige briefingar med CIA, som støtta kuppmakarane økonomisk. Om ikkje USA var direkte medskuldige i drapet på Diem, gjorde dei heller ikkje noko for å forhindre det. Presidentens nære rådgivar Arthur Schlesinger jr. rapporterte at Kennedy var sjokkert over drapet, mens CIA-sjefen på si side uttrykte undring over at presidenten kunne vere sjokkert...
Dette er berre glimt frå den store dokumenthaugen som den uavhengige institusjonen The National Security Archive i november offentleggjorde ein del av i samarbeid med Prados, som er seniormedarbeidar der og forfattar av ei rad bøker om amerikansk politikk. Denne våren kjem National Security Archive med ein større dokumentasjon om USAs politikk i Vietnam.
Det var skytinga mot store buddhistiske demonstrasjonar i mai 1963 som skjerpa den politiske situasjonen under Diems regime. Bak åtaka stod bror til Diem, som huserte i presidentpalasset som rådgivar og politisk konspirator. Seinare nytta han ein politisk unntakstilstand til nye åtak mot buddhistiske pagodar, i ei tid då buddhistiske munkar symboliserte den sterkaste sivile motstanden mot det upopulære og vaklande regimet. Bildet av munken Thich Quang Duc som sette fyr på seg sjølv i sentrum av Saigon i juni 1963, gjekk verda rundt. Men kvar kjem den no 73 år gamle Ky inn i bildet?
Han var ein del av offisersjuntaen bak kuppet mot Diem, og som takk for innsatsen vart han sjef for flyvåpenet. I spissen for dei nye makthavarane var Nguyen Van Thieu, som vart ny president. Ky vart statsminister i 1965, visepresident i 1971, og styrde med jarnhand til han flykta med dei siste amerikanske helikoptera i 1975.
Lyndon B. Johnson stod for den store opptrappinga i Vietnam, då han starta den massive bombinga mot nord etter den såkalla Tonkin-episoden i 1964 (meldingar som seinare viste seg å vere falske, om åtak på ein amerikansk destroyer i Tonkin-bukta). Men det var John F. Kennedy og Washington si rolle under kuppet mot Diem den 1. november 1963 som for alvor knytte Vietnams lagnad til USA. Då Kennedy sjølv vart myrda tre veker seinare, sat USA fast i den vietnamesiske hengemyra.
|