Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004

Media:
Min radiokanal? Slett ikkje!
Kanal 24 er ingenting for kravstore damer. Men etter timevis med svisker, pop, reklame og innhaldslaust småsnakk, fattar eg interesse. Det vert snakk om svangerskapsforgifting, fødslar, kilo, revning, klipping...

Radioen min kjenner berre frekvensen der P2 held til. Eg snur aldri på hjulet på høgre sida av radioen. Om hjulet var grodd fast, hadde eg ikkje vorte overraska. I helgane treng ein ikkje gjera anna enn å lytta til P2, har eg hevda. Eg er av dei som synest program der musikken surrar med litt snakking mellom er ein uting. Eg har aldri vore nokon P4-lyttar. Eg har aldri høyrt P4 anna enn i ein taxi i ny og ne, så eg kan ikkje samanlikna Kanal 24 med konkurrenten. Eg er ingen «radioshoppar», eg har like inngrodde lyttarvanar som ein olding, eg likar program der folk snakkar saman og til meg, eg likar klassisk musikk, eg likar program om litteratur, film, radiodokumentarar...

Men eg dristar meg til å skru på det runde hjulet. Det skurrar. Det skrapar. Det durar. 103,9 er målet. Eg har sett det på plakatar over heile byen. Eg forlet det trygge og heimlege. Eg har bestemt meg for å gje radioen dei har laga til nettopp slike som meg ein sjanse. For eg har nemleg lese at målgruppa til Kanal 24 er kvinner på 32 år. (Eg blir 32 i morgon.) I Morgenbladet las eg eit intervju med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Ho vart spurd kva lyttarar dei er ute etter. «Førstelytteren er en kvinne på 32 år. Hun er smart og har høy utdanning. Kanskje cand. mag. Hun har vært innom Blindern ett år i alle fall. Hun er glad i å reise, leser moderne litteratur, hun liker god musikk. Hun vil ha innhold, ikke bla, bla, bla. Hun vil lære noe nytt, alltid være oppdatert. Hun har perspektiv. Hun er rett og slett en kravstor dame», seier Rotevatn og held fram: «Dessuten tror vi at en mann på 42 også kan være litt dame på 32. Og en gutt på 20. Målgruppen er 20 til 40 år, men kvinnen på 32 er hun vi skal henge opp på veggen i redaksjonslokalet. Kanskje vi kan bruke Märtha Louise? Hun har jo høy utdannelse, mann og barn. Og så har vel Märtha inntekt litt over middels, vil jeg tro», svarte Gregorisdotter Rotevatn.

Eg er ikkje Märtha Louise, men eg har rett alder, er cand. mag (med eit år på Blindern), eg har gått på Journalisthøgskulen, eg likar å reise, lese, god musikk, eg vil ha innhald, ikkje bla bla bla... Om eg er smart? Eg er ikkje sikker.
Det er i grunnen rørande kor mykje av media som er retta mot akkurat jenter i 30-åra. Det ubehagelege er at annonsørane visst skal vera glade i slike som meg.

Friskt mot

Kanal 24 må prøvast. Dessutan minnest eg godt at Valgerd Svarstad Haugland sa at søknaden frå Kanal 4, som no heiter Kanal 24, var mykje betre enn søknaden frå P4, så eg kan ha høge forventningar. Kanal 24 hadde eit betre konsept, sa Valgerd. Kanal 24 har lova å levera nyhende og aktualitet, kulturprogram, sendingar for barn og unge, sendingar for den samiskspråklege befolkninga, livssynsprogram, program for det fleirkulturelle Noreg, program om vitskap, natur og vitskap, forbrukarstoff, sport... Og det høyrest bra ut.

Eg går i gang med Kanal 24 i halv tolvtida måndag denne veka. Eg byrjar med reiseprogrammet «Sarahs safari». Der Anders er programleiaren denne veka. Det er Anders Hornslien, høyrer eg raskt på stemma, men i reklamen for kanalen står det berre Anders. Allereie første dagen er eg på fornamn med mange av programleiarane.

Det er snakk om reisetrendar. Eg får vita at det ikkje er nok å reisa dit peparen gror for å vera trendy. Brita Møystad Engseth snakkar om ein filmfestival som skal arrangerast i Burkina Faso. Kanalen er for dei som planlegg reiser langt fram, for festivalen vert arrangert i februar-mars neste år. Festivalen skal vera den største på det afrikanske kontinentet. Anders foreslår ei gruppereise dit av lyttarar. Han tullar. Det kan eg høyra.

Eg vert ikkje overbegeistra. Programmet inneheld meir Eros Ramazotti, Lene Nystrøm, pop, svisker, jinglar og reklame enn grundig snakk om reisemål, reisemåtar, kultur, historie og skikkar.

Kultur?

Til kulturprogrammet «Huset» har eg store forventningar. «Gode opplevelser står i sentrum når Ingebjørg Aadland og Kanal 24 sitt kulturprogram overtar eteren. Kultur kan være fantastisk skummelt og farlig, og det kan være skrekkelig morsomt og spennende. Vårt kulturprogram er en underholdende guide om små og store opplevelser», heiter det på nettsidene til kanalen.

At kultur kan vera skummelt og farleg, skrekkeleg morosamt og spennande er vel ikkje det glupaste som har vorte sagt om kultur, men eg er framleis open.

Etter to timar er eg skuffa. På 120 minuttar har eg fått høyra at TV Norge skal laga ein realityserie der folk skal gjennomgå plastiske operasjonar. I ein svært kortfatta notis får eg vita at det er funne ein ukjend komedie i Vatikanbiblioteket av den antikke diktaren Menander. Det er det eg får vita, så går me rett over til Madonna. Det vert aldri meir snakk om Menander. Men Madonna får sagt sitt.

Eg får vita at TV Norge har stor oppslutning. Unge ser TV Norge, ikkje TV 2. Eg får vita at færre cd-ar vart selde i fjor enn året før, og programleiaren fortel at det er sett rekord i kyssing i Chile. Eg får høyra om Kriminalteatret, men vil gjerne høyra meir enn eg får, og eit intervju med Maria Mena er rett og slett meiningslaust. To timar i «Huset» til Ingebjørg er ein prøvelse. Og musikken er ikkje til å halda ut. Dido, Espen Lind, Alex Rosen, Christian Ingebrigtsen, Santana, Lava og Randy Crawford, Bjørn Eidsvåg...

«Huset» skal vera eit to timars langt kulturprogram, men eg er ikkje nøgd. Eg er ikkje klokare. Berre matt av all musikken. Eg får allereie lyst til å skru tilbake til P2, men eg tek meg saman og let vera.

Runde rundt huset

«I rute» er eit program eg ikkje har store forventningar til, men eg gjev det ein sjanse. Eg får musikk og informasjon om trafikken. Dessutan vert eg servert litt smått frå utlandet. Mellom anna vert eg informert om at den franske statsministeren inviterer franske journalistar til statsministerbustaden. Han held ein pressekonferanse og serverer mykje mat. Dette skal vera ein tradisjon i fransk politikk.

Eit lite intervju med ein bodøværing som er tryggleikssjef for Renault i Sør-Afrika, men som før var i framandlegionen, er eit underleg innslag. Eg får høyra om kulde i Nord-Amerika og at Unesco meiner Machu Pichu har nådd grensa for kor mange turistar som kan tolast. Og sakene kvar for seg er vel ikkje det aller verste, men det er så mykje uinteressant musikk mellom dei at eg vert nærast galen.

Klokka nærmar seg fire, og eg er utmatta etter å ha høyrt på jukeboksen. Kanal 24 lover å vera ein «Radio som gleder, engasjerer, interesserer og gir deg energi», men eg er lei allereie. Ikkje lærer eg noko. Ikkje vert eg glad. Ikkje vert eg engasjert.

Mellom fire og fem skal «I rute» forklare kvifor det som skjer, skjer – innanriks. Dei skal «kikke bak årsakene», seier programleiaren. Redaktøren i Altaposten snakkar om problemet at flyktningar ikkje lærer seg norsk. Rune Rudberg får deretter kommentera kva han meiner om det. Han er ein representant for folkesjela, trur eg. Eit pussig innslag.

Dersom det er noko eg lurar på, i politikken, kan eg senda ei tekstmelding. Det gjer eg ikkje. Eg ergrar meg i staden over musikken. Gaute Ormåsen, Robbie Williams, Lene Nystrøm...

Eg vert fortald at nyhendeprogrammet «Fokus» denne dagen skal ta opp den nye realityserien på TV Norge, kvifor svenskane har slike store alkoholkvotar samanlikna med oss nordmenn og kva det er mest sannsynleg at den komande tronarvingen skal heita. Eg skrur av og tenkjer på tipset som stadig kjem på Kanal 24. Dei tipsar folk med røyksug. Ta ein runde rundt huset og få litt frisk luft, seier dei. Eg røykjer ikkje, men det same rådet kan ein gje til ein ny Kanal 24-lyttar.

Heimlengt

Eg prøver på nytt. Klokka er seks om morgonen. Eg er a-menneske, så eg er i godt humør. Lars Erik er òg oppe. Han heiter visst Mørk til etternamn. Kanal 24 lovar med det same å ta meg med på det som skjer. Dei serverer kolossale mengder av same musikktypen. Innimellom får eg trafikkinformasjon og opplysningar om at til dømes Frasier Crane sluttar å laga tv-serie, at deodorantar kan innehalda kreftframkallande stoff og at piercing kan vera livsfarleg. Eg får vita kva som står på primstaven 13. januar og eg vert oppdatert i ein sportskalender. Audhild, som eg føler at eg bør kalla ho, har òg stått opp. «Nyhetspuls» klokka sju er ikkje det verste. Mellom anna får eg vita at «du eg og» må betala for terrorsikring av hamner. Konsentrasjonen min er litt dårleg, for heile tida redd for kva tid jukeboksen durar i gang igjen.

Seinare på dag høyrer eg litt til og frå på «Walthers verden». Der får eg mellom anna oppussings-tips. At lyse fargar får rom til å verka større har vel dei fleste av oss høyrt før. Men mest av alt får eg ein straum av musikk, lite snakking og lite informasjon. Eg byrjar å verta irritert.

Men så! Ei jordmor skal svara på spørsmål. Eg er gravid, lurar på mangt og følgjer nøye med. Eg får vita kor varmt det skal vera på barnerom. Kva som er normalt og unormalt blodtrykk i svangerskapet. Eg lærer litt om svangerskapsforgifting og lyttar interessert til spørsmål om fødslar, revning, sying, klipping. Kjenner meg litt svimmel, kikkar i kalenderen og føler terminen nærmar seg med stormskritt, men merkar at eg rett og slett høyrer etter. Eg er interessert. Ikkje irritert. For første gong på denne kanalen.

Klokka 17 er Nina Kraugerud klar med «Fokus». Medan eg høyrer, tek ho opp pensjonsreforma og at landslaget prøver å lokka Jon Carew tilbake. Det er ikkje det verste eg har høyrt, men eg har heimlengt. Eg får stadig lyst til å skru litt på høgre sida av radioen. Og eg bestemmer meg for å gjera det. Det sprakar og skurrar, så er eg heime. Borte bra, heime best, tenkjer eg.

Stor ståhei

Eg prøver å gløyma den irriterande glatte musikken blanda med reklame for Kvasir, Farris, Netcom, Wing reiser, Rema 1000, Bademiljø, slankekurar hjå Apotek 1, Jernia, Brilleland...

Striden mellom P4 og Kanal 24 har fylt politiske debattar i månadsvis, og konkurrentane har hatt lyst til å klora augo ut på kvarandre. Er det verkeleg dette det har handla om? Ein radiokanal med svisker og småsnakk? Stor ståhei for ingenting, tenkjer eg. Og eg lurar på følgjande: Kven er eigentleg denne jenta på 32? Kanal 24 byr på lite for skallen, lite å verta glad av, lite å lura på, lite å læra. Innhaldet er syltynt, informasjonen eg får, verkar tilfeldig, og han er pakka inn i ein uendeleg glatt straum av musikk. Eg burde ha høyrt meir, fleire program, eg burde ha høyrt på helgeprogrammet, men eg orkar ikkje. Ein skal ha stort tolmod dersom ein vil læra noko av Kanal 24. Takke meg til P2.

«Are you sure you had enough?», er noko av det siste eg høyrer på Kanal 24. Det er REM som syng ut spørsmålet. Ja, eg har fått nok. Sikrare har eg aldri vore.
Cecilie N. Seiness

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |