Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004
Leiar:
Sviktar i styreromma
Vi må ha dyktige leiarar og kan ikkje ta til takke med dei nest beste. Vi må ta omsyn til marknaden. 1,8 millionar i løn og pensjonar i millionklassa til konsernleiarane våre er forsvarleg og nødvendig.
Orda er ikkje frå NHO, men frå tillitsvalde i norske statlege konsern. Dag og Tid tok ein ringjerunde til dei konserntillitsvalde i Statkraft, Mesta og NSB og spurde kva dei hadde røysta på styremøta då lønsvilkåra vart vedtekne. Alle røysta for gullkanta avtalar.
Det er eigentleg eit ideologisk jordskjelv som har skjedd når tillitsvalde kan røysta for dei lukrative pensjons- og lønsavtalane som vi har vore vitne til i det siste. LO som kamporgan for solidaritet og utjamning har i all fall eit stort forklaringsproblem, og har svekt truverdet sitt. LO seier ein ting sentralt, medan dei tillitsvalde gjer noko anna i styreromma. Anten er organisasjonen dårleg koordinert, eller så talar LO med to tunger. Dei tillitsvalde representerer ikkje lenger eit verkeleg korrektiv til liberaliseringa. I praksis er ikkje LO ei bremse på den enorme leiarlønsveksten. Det i seg sjølv er eigentleg ikkje så overraskande, når ein ser kva gjennomslagskraft liberalistisk tenking har hatt i landet vårt i det siste.
Arbeidarane sine tillitsvalde har fått same oppleving av røyndomen som direktørane. Vi såg det også under bankekspansjonen på 1980-talet. Dei banktilsette representerte knapt eit korrektiv til liberaliseringa. Det same galdt dei konserntillitsvalde under den ville ferda til Kværner eit tiår seinare.
Samarbeidet mellom leiinga og dei tilsette er langt meir utbygd no enn tidlegare. Dei tilsette er trekte meir med i den direkte styringa av selskapa. Dei er med i strategiske diskusjonar, og grensa mellom leiinga og dei tilsette er meir flytande. Det er bra. Det triste er at det er dei tillitsvalde som vert påverka av leiarkulturen, og ikkje omvendt.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|