Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004

Klok på bok 647:
Klok på straumbrev

Kolossale mengder svar har dumpa ned i postkassen denne veka. For ein start, seier Barabass og gliser. Alle breva har gjort han oppstemt trass i januarmørkret. Ho Paula var raus med stikkorda i den siste oppgåva si, seier han med optimistisk stemme. Han les høgt frå eit brev: «Eg les alltid denne spalta, men svarar sjeldan. Men no er juleferiefolket fare. Eg sit meg beint ned og skriv, for svaret er Kristofer Uppdal.»Det er Marta Bjerkeng på Nesttun som har skrive slik. Barabass og eg gratulerer med rett svar. Marta Bjerkeng er vekas vinnar. Ho synest Uppdal-diktet var vakkert. Ein meir skeptisk innsendar er Sigmund Aldra i Sandnessjøen. Han skriv:

«På grunnlag av sporene og ikke av kjennskap til forfatteren, kom jeg fram til Kristofer Uppdal. Eneste jeg kjenner til av ham tror jeg må være ‘Dansen gjennom skuggeheimen», bare tittelen synes skremmende nok til å la være å utdype vennskapet.»
Andreas Solem i Orkanger verkar noko meir begeistra. Han skriv: «‘Æ e trønder æ’ og veit at denne gongen har vi med Kristofer Uppdal å gjere. Kom mye saftig og kraftig kost frå den karen.» Det har han sanneleg rett i, seier Barabass.

Inger Marie Saltnes på Valen er òg blant dei kloke. «Du avsluttar lett, Paula... Me har berre ein rallardiktar i Noreg, og det er Kristofer Uppdal. Eg sjekka leksikonet, og fødselsåret stemmer. Takk for ei interessant spalte.»

Det verkar som om mange var glade for Paula si siste oppgåve. Tore Aschim på Askim skriv slik: «Det var ei sterk avslutning av ho Paula på posta. Diktet ‘Flødande vår’ er av Kristofer Uppdal, som nok kunne fortent å bli betre kjend som lyrikar.»  Elen Maria Todal sender eit postkort med eit idyllisk vinterlandskap på framsida og korrekt svar på baksida. Ho skriv: «Denne gongen var det ingen tvil – det er berre ein som skreiv slik, som bruka ord som eg trur var eigne oppfinningar, bronse-blinka, augne-gullet, saltsjødoggar, som har ein rytme i språket som var berre hans.»

Målfrid Nordvik, 6983 Kvammen, svarar rett og helsar og takkar Paula på posta for den siste oppgåva med dei gode stikkorda. Ho kunne gå rett i bokhylla og finna rett mann!

Lista over dei kloke er lang. Me lyt rett og slett ramsa opp nokre namn, seier Barabass og han les med alvorleg, høgstemt stemme: Leiv Nedreli, Breistein, Ranveig Lundquist på Orkanger, Berit Irene Oltesvik, Randaberg, Brita Lundeland i Aurland, Skeisebibliotekarane i LASK, Cathrine Senje i Oslo, Gunnar Hagen, 8618 Andfiskå og Magnus Robberstad, 1453 Bjørnemyr. Sistnemnde er sikker i si sak og skriv: «Det bør vel helst vera han Kristofer Uppdal, dette.» «Svaret er lett og takk til Paula som bringer oss den fabelaktige erotiske lyrikeren Kristofer Uppdal», skriv Maj Voss i Oslo. Olav Molven i Bergen ønskjer oss arvtakarane etter Paula velkomne, svarar aldeles korrekt og lovar å svara ofte. «Sjølv eg kjenner igjen det diktet som er skrive av Kristofer Uppdal», skriv Henrik Wroldsen i Oslo. Inge Staldvik, 7893 Skorovatn var òg på heimebane denne gongen. «Diktaren denne gongen er ein av dei mest moderne og erotiske – men samstundes òg ein av dei vanskeleg tilgjengelege; Kristofer Uppdal. Diktet stod både i ‘Solbløding’ 1918 og ‘Elskhug’ 1919.»

Torger Kvåle, 4590 Snartemo var klok. Det same gjeld Karl Otto Welle, 1359 Eiksmarka. Ivar Kristensen i Stavanger har si særeigne Uppdal-erfaring. «Den første Kpb-oppgaven i år har løsning Kristofer Uppdal. For noen år siden kjøpte jeg t-skjorte med Steffen Kvernelands portrett av ham på, og brukte den i Syden. En stor suksess, for folk stoppet meg og spurte hvem han var.»Eit godt tips til Sydenfararar kanskje.

Odd Gunnar Jære Hoel, busett i Oppdal, skriv slik: «Endeleg ein gong skulle det henda meg òg å vita kven du Paula er på jakt etter! Det er jamen langt imellom. Faktisk er dette første gongen eg prøver meg på eit svar attpåtil. Du skal fram til Kristofer Uppdal. Diktet ‘Flødande vår’ finn ein i samlinga ‘Elskhug’, ei større samling som kom ut i 1919 som i sin tur er opptrykk av tidlegare (mindre) samlingar. Kristofer Uppdal kviler på kyrkjegarden her i Oppdal, ved Vangskyrkja. På ein naturstein på grava hans lyser ei innskrift henta frå slutten av diktet ‘Ved altarelden’ – ‘HEILAG ER KVIDA’, står det. Det hadde seg nemleg slik at Uppdal i 1947 flytta til Oppdal og budde resten av livet sitt hos familien Aalbu på Klettvollen. Der levde han i 14 år til han døydde av hjerneslag 2. juledag 1961. Frå barndom og ungdom hugsar eg Kristofer Uppdal som ein overlag stram kar når han steig på lokalbussen på veg til sentrum ein hende gong iført dress og hatt!». Steikje, seier Barabass. Steikje, seier eg. Både Barabass og eg ser føre oss Uppdal på bussen med dress og hatt.

«Med aner fra Trøndelag er det vanskelig å komme utenom en viss Kristofer Oliver Uppdal, som nærmest framelsket lyriske visjoner av stein alene. Dessuten har jeg skrevet sangmelodi til diktet ‘Blomar drys or heggen’. Der synder den ‘kjeungkåte’ yngste datteren til presten. Virile blikk på kvinner ser ut til å fascinere Paula, hva nå det kan komme av. Steinkjærheten?»
Slik spør Thor Henriksen, Kampen, Oslo. Me har dessverre ikkje plass til å sitera alle. Men hald fram med å vera kloke, seier Barabass.



Klok 647

For to dagar sidan fekk eg ein e-post som fekk tankane mine til å kile seg fast. Uvitande om innhaldet lÄt eg pila leite seg fram til brevsymbolet på skjermen.

Dette er opninga på ein roman frå i fjor. Stikkord er debutant! Kva heiter boka og forfattaren? Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Svar innan 23. januar. Lykke til!
Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |