Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004
Film:
Ønskereprise utan salmar
Knut Erik Jensen er som finnmarkingar flest best på heimebane. På hau i havet er ei ny glødande kjærleikserklæring til både folk og landsdel.
Knut Erik Jensen (regi/manus):
På hau i havet
Med revyskodespelarar i Honningsvåg
Knut Erik Jensens nye dokumentarfilm med basis i revymiljøet i Honningsvåg er ein både fargerik og humoristisk oppfølgjar til Heftig og begeistret. Det er nøyaktig tre år sidan filmen om mannskoret frå Berlevåg hadde premiere på filmfestivalen i Tromsø. Den gongen slo filmen ned som ei gledesbombe, og folk både lo og grein og tørka tårer.
Suksessen kom uventa på dei fleste, men det tok heilt av, og meir enn 600.000 såg filmen. Sidan kom oppfølgjaren. I På sangens vinger tok Knut Erik Jensen med seg mannskoret til USA, men filmen vart aldri den store suksessen. Oppfølgjaren mangla den nordnorske naturen; det frådande havet, snødrivene, men også den varme gløden og ikkje minst nostalgien og kjensla av den gode fellesskapen på ein stad langt der ute i havkanten.
Same oppskrift
Knut Erik Jensen har tydelegvis studert suksessoppskrifta på nytt, og det har han gjort godt. Sure kritikarar kan sjølvsagt hevda at dette festmåltidet har vorte for likt det første, men det gjer ikkje så mykje, så lenge det er velsmakande. Og det er det, men diverre er filmen litt lang. I Heftig og begeistret toppar alt seg mot slutten når koret reiser på Murmansk-tur og avrundar med tårevått avslutningsnummer i snødrivene i Berlevåg. Denne gongen sig filmen litt saman, før han flammar opp og endar framfor ein brennande bygning kanskje eit nedlagt fiskebruk.
Oppskrifta er den same gamle: Heftige revynummer både frå scener, kaiar og knausar. Innimellom fortel revy-entusiastane om både seg sjølve og om staden dei kjem frå. Og mange gjer det i god «jensensk» ånd med ein gapskratt eller i det minste eit smil i munnvika. Mange av revynummera er drivande gode, og dei er biletlagde på beste vis. Rytmen er kvikk, og innleiingsvis er det som om Jensen prøver seg på musikkvideoformatet.
På tradisjonelt vis knyter han trådane tilbake til historia med dokumentaropptak, og krigen og brenninga av Finnmark har ein plass også denne gongen. I Honningsvåg stod berre eitt hus att i 1945, og det var kyrkja.
Fellesskapen
Når Knut Erik Jensen vender blikket mot revymiljøet i Honningsvåg, er det ikkje tilfeldig. Der har dei spela revy sidan 1929, og dei har halde det gåande heilt opp til i dag. Jensen har sjølv skrive songar, stått på scena og hjelpt til med manus og regi. Han kan til og med skryta av å ha fått med seg alle revyane frå 1951 til 1997.
Og nok ein gong teiknar han eit bilete av den fellesskapen som ein revy eller eit mannskor kan føra med seg. I mannskoret frå Berlevåg var det overflod av tilårskomne sjarmørar som gjorde seg godt på film. I På hau i havet har jentene fått større plass, og det forsterkar inntrykket av Honningsvåg som eit levedyktig samfunn. Staden har berre 3000 innbyggjarar, men filmen gjev inntrykk av ein både stor og vital plass.
I dei fleste av Knut Erik Jensens dokumentarfilmar spelar hurtigruta ei rolle. Denne gongen har ho fått ei hovudrolle; ho kjem og går ustanseleg og intervjuet med gjennomgangspersonen er gjort der om bord. Han var aktiv både i politikken og revylivet i Honningsvåg, men møtte veggen og måtte flykta. Men i motsetnad til mange andre, vende han tilbake, og folk tok imot han.
Politisk
Heilt upolitisk er ikkje denne filmen heller. Gamle fiskarar skular mot det såkalla oljeeventyret som veks fram med stor fart utanfor Hammerfest. Dei brummar mot dei som styrer norsk fiskeripolitikk og nedprioriterer kystfiskarane. Gje subsidiane til møringane, berre me får lov til å fiska, seier ein.
Kan me berre få lov til å «feske» litt, heiter det i den fengjande gjennomgangsmelodien. Nok ein gong har Knut Erik Jensen gjeve folk i utkanten god grunn til å tru på seg sjølve og det dei driv med.
Ottar Fyllingsnes
|