Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004
Bøker:
Dobbel Ni(e)lsen på Orkana
Vesle Orkana forlag skal ha all ære av dei to siste diktutgjevingane sine, meiner Oddmund Hagen.
Bjørn Nilsen:
Speilet lyg
Orkana
Jóanes Nielsen:
Sting
Orkana
Tett før jul kom det to diktsamlingar på vesle, men seriøse og profesjonelle Orkana forlag i Stamsund: Bjørn Nilsens Speilet lyg og Jóanes Nielsens Sting.
Bjørn Nilsen, den gamle raddisen som blir 70 på tampen av 2004, skriv også denne gongen på trønderdialekt, ei blanding av trondheims- og fosenmål, det han starta med i diktsamlinga Glasbrått og fjærastein (Orkana 1999). Han går dermed på tvers av hovudstraumane i norsk lyrikk og etablerer ei linje tilbake til 1970-åra, ikkje så mykje i politisk forstand, meir til dialektrørsla den gongen med Vømmøl Spelmannslag i spissen.
Periferispråket
Det er ein indre logikk i dette: Han har flytta frå sentrum til periferien (i mange år har han budd i Snillfjord i Sør-Trøndelag), og han har derfor tatt til seg periferien sitt språk, dialekten på trøndelagskysten. Det fungerer som lyrikk, og denne gongen betre enn i Glasbrått..., kanskje fordi samlinga er meir gjennomarbeidd, konsentrert og tematisert rundt aldring og fysisk svekking, det å hamne på sjukeheimen, det å stå framfor det endelege oppbrotet slik han skriv om i ei gripande avdeling der han tar farvel med far sin og det han betydde gjennom eit langt liv. Det fungerer som lyrikk også fordi ein har vant seg til Bjørn Nilsens nye poetiske språk (det er ikkje så mange som fornyar seg språkleg når ein nærmar seg 70), for det er noko opphavleg og ekte i det språklege uttrykket, noko han har lytta seg fram til gjennom mange år og som no slår ut i presise dikt
og treffande formuleringar, jordnært i språk, avklart i livshaldning. Det er tilsynelatande opne og enkle dikt, men les ein nærare, er det samtidig dikt med eit vidt spenn som uttrykkjer livsglede og livserfaring, nærleik til natur og menneske, lengsel og smerte. Men det er også dikt med eit skarpt blikk på byråkratiske krokvegar, det vere seg i eldreomsorga eller i politikken.
Mange har avskrive Bjørn Nilsen som lyrikar. I staden blir han rekna blant dei fremste, modigaste, mest kritiske og engasjerte journalistane i etterkrigstida. Det er kanskje rett, men det kan også vere at den empatien som ligg til grunn for lyrikken hans, er grunnleggjande viktig for det journalistiske engasjementet han har vist og framleis viser. I tilfellet Bjørn Nilsen kan det vere interessant å undersøkje forholdet mellom lyrikk og journalistikk. Det er ikkje så mange som splittar skrivargjerninga si slik han har gjort, og derfor kan dette vere verdt eit nærare studium.
Færøysk nasjonalist
Frå Bjørn Nilsen til Jóanes Nielsen frå Færøyane. Dei er ulike og like på same tid; ulike i personleg bakgrunn, i språkleg presisjon, i biletbruk, men samtidig er dei like i temperament, i politisk og menneskeleg engasjement. Begge er eller har vore erklærte kommunistar, Jóanes Nielsen er i tillegg, etter det han sjølv seier, færøysk nasjonalist.
Diktsamlinga Sting kom på færøysk i 1998 med tittelen Pentur. Med denne samlinga blei Jóanes Nielsen i 1999 innstilt til Nordisk Råds litteraturpris for tredje gong. Den danske utgåva blei omtalt i Dag og Tid nr. 12/2000, og denne omtalen inspirerte Lars Moa til å gjendikte Jóanes Nielsen til nynorsk, noko han har gjort med innleving og presisjon. Jóanes Nielsen har aldri før vore presentert på norsk anna enn i einskilddikt, og så lenge han er det mest interessante namnet i samtidig færøysk litteratur, er det på høg tid å få lese han på norsk.
No er han igjen innstilt til Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Brúgvar av svongum ordum (Bruer av svoltne ord). Også denne samlinga er gjendikta til norsk av Lars Moa og blir truleg gitt ut på i år. Det er derfor all grunn til å gratulere både Lars Moa, Orkana og Samlaget for flott kulturelt nybrottsarbeid i forhold til eit lite språksamfunn vest i havet som i tillegg til Jóanes Nielsen har fostra store forfattarar som William Heinesen, Jørgen-Franz Jacobsen, J.H.O. Djurhuus, Christian Matras og Hedin Brú.
Når bokhausten er over og det er tid for oppsummeringar, trur eg at desse to bøkene frå Orkana vil greie seg like godt som dei som fekk store overskrifter og tilfeldig ros i året som gjekk.
Oddmund Hagen
|