Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004

Bøker:
Noreg rundt med ord
Det ligg eit stort arbeid til grunn for denne ordferda kring land og strand.

Tor Erik Jenstad:
Norge rundt med ord
Boksmia, 2003

Det mest utførlege einskildkapitlet i ei ny bok om norsk ordgeografi tek for seg ulike nemningar for graviditet. Kapitlet går over fem store sider i ei bok som i alt presenterer dialektord og -uttrykk for meir enn hundre ulike ting og fenomen. Den eine av dei fem sidene om graviditet er eit noregs-kart som syner korleis nokre av dei mest vanlege nemningane for dette fenomenet fordeler seg over landet. Der ser ein at folk på Sørlandet har kalla graviditet «med lyst(e)», at dei på Nord-Vestlandet seier «på gode veie» eller «so stelt», ymse stader på Austlandet «stormaga», «framtung» eller «ungediger», i Trøndelag «på barnveg», «barndiger» eller «fulljokka», i Vefsn og Rana «på hiven» og i Troms «ikkje heil med beinet» eller «ha smått».

I den innleiande kommentaren til kapitlet om graviditet nemner forfattaren både at det finst «flust av formildande omskrivingar på grunn av tabuforestillingar», og at det på den andre sida er «nok av humoristiske og uvørne slang-lagingar som kan gå nokså rett på sak». Mest landsgyldig i den nedervde nemningsbruken er samansetjingar med fyrstelekken «barn-», som «på barnveg», «barntung» eller «barndiger». I dag er det likevel det relativt nye og innlånte ordet «gravid» som er vanleg overalt. Grunnen er sjølvsagt at moderne helsestell har formidla det institusjonaliserte og profesjonaliserte ordet til alle.

Gjørmehol

Fenomenet graviditet er likevel ikkje det som har gjeve opphav til flest ulike ord og nemningar i folkeleg talemål. Vi får vita at det er endå fleire for det konkrete «gjørmehol», at det er funne mest førti for sagmask og over tretti for å gå i sine eigne tankar, det å vera borte i ånda. Vi ser av desse døma at det er tale om nokså ulike ting og fenomen, så noko må seiast om kva slags ord og nemningar som er medtekne.

Stoffet i boka er tilskipa i ni flokkar. Dei gjeld etter tur «Menneskekroppen» – som Kvervel i håret eller Mellomgolvet; «Sjukdommar, lyte, kroppsfunksjonar» – som Meslingar eller Gå i barndommen; «Familietilhøve» – som Jordmor eller Nattefriing; «Mat og matstell» – som Mjølbollar eller Råmjølkspudding; «Kvardagsting» – som Smekke, sutteklut eller Sagflis ; «Husdyr» – som Hannkatt eller Skorfeste; «Naturfenomen» – som Bakevje eller Varmedis; «Leik, spel, tidtrøyte» – som «Kaste flate steinar bortover vatnet så dei sprett» og ein flokk kalla «Ymse» – som Gå i eins ærend eller Ubeden gjest.

Stort arbeid

Forfattaren Tor Erik Jenstad (fødd 1956) er frå Nordmøre og er redaktør ved Norsk Ordbok i Trondheim. Som innleiing til boka gjev han eit stutt oversyn over norsk dialektgransking og særleg om studiet av ordgeografi i Noreg. Det er ikkje så mykje å seia om det forresten, for det er ikkje gjort brått så mykje med den sida av målgranskinga som med ymse andre. Det finst likevel eit vitskapleg storverk, av sveitsaren Oskar Bandle. Det kom ut så tidleg som i 1967 og tok for seg nemningsbruk om husdyr. Bandle hadde granska emnet sitt på Island og Færøyane òg. Svensken Ivar Modéer har skrive om nemningsbruk ved fiske, og nokre med standkvarter i Trondheim har før skrive meir eller mindre om nemningar for sledar, folkemusikk, ski, insekt og sjukdomar. Den nye boka er meir mangfelt enn desse føregangarane. Utvalet av ting og fenomen ser rimeleg og godt ut, og ein skulle tru at mange kan finne ymist både til hugnad og ettertanke i denne boka.

Det ligg eit stort arbeid til grunn for denne ordferda kring land og strand. Forfattaren har arbeidt med mange slags kjelder, han har sendt ut og fått svar på ei spørjeliste frå mange heimelsfolk for det no nedlagde Norsk målførearkiv, og som ordboksredaktør har han sjølvsagt sete i eit smørauga, der han kunne slå opp i millionar av setlar med ord på. Boka er stoffrik og har styrken sin i den breie presentasjonen av tilfanget meir enn i drøfting av slikt som etymologi og lydvokster. Det er vel også det som vil ha mest appell dei fleste lesarane. Stoffet er illustrert med ei mengd friske, velplasserte og humørfylte teikningar av Ingegjerd Tveit. Forlaget skal ha all ære av denne utgjevnaden.
Kjell Venås

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |