Dag og Tid nr. 3, laurdag 17. januar 2004
Arbeidsliv:
Tillitsvalde støttar lønsfesten til toppsjefane
- Vi kan ikkje seia nei til ein god mann fordi han kostar for mykje, seier konserntillitsvald i Mesta, Jens Petter Hermansen. Han er med på å gje den nye direktøren 1,8 millionar i løn og ein pensjon godt over millionen.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no
Løns- og pensjonsvilkåra til leiarane i statlege konsern sjokkerer mange. Statkraft-direktøren får ein pensjon på 1,7 millionar. Helse Sør-direktøren er ikkje mindre kravstor. LO kritiserer pengebruken og krev oppvask.
Men kva har dei tillits-valde i konsernstyra røysta når dei feite løns- og pensjonsavtalane til direktørane vart handsama? Har dei teke til motmæle? Har dei stått på arbeidarrørsla sine gamle krav om moderasjon frå leiarane?
Dag og Tid tok ein ringjerunde og spurde dei konserntillitsvalde i Statkraft, Mesta og NSB. Alle har røysta for dei særs lukrative løns- og pensjonsavtalane til toppsjefane.
«Vi må leva i den verda vi lever i»
Pensjonsavtalen til konsernsjefen i Statkraft er «naturleg for leiarar på dette nivået», meiner konserntillits-vald Odd Vanvik.
Odd Vanvik, konserntillitsvald i Statkraft, støtta du vedtaket om å gje konsernsjef Bård Mikkelsen 1,7 millionar kroner i årleg pensjonsavtale?
Ja, vi synest det er viktig at statlege verksemder har dyktige leiarar, og då må vi fram med desse summane. Statkraft er det tredje største selskapet i Noreg.
Så du meiner det er fornuftig å gje han denne pensjonsavtalen?
Det var marknadsomsyn som gjorde det. Vi må leva i den verda vi lever i.
Du er medlem i EL- og IT-forbundet. Stør forbundet deg i dette?
Dei får svara for seg sjølve.
LO sentralt går ut mot desse ordningane?
Ja, og det er eit dilemma for oss tillitsvalde, men vi må ivareta verksemda si framtid.
Tykkjer du LO har eit urealistisk syn på desse spørsmåla?
Det seier eg ikkje, men LO burde ha køyrt eit sterkare løp mot NHO og næringslivet for å få dempa lønene i det private slik at statlege verksemder kan konkurrera om dei beste leiarane.
Men når ikkje ein gong representantane til dei tilsette røystar mot slike avtalar, kven er det då som skal gjera det? Det må då finnast mange som vil ta på seg ein slik jobb på noko meir moderate vilkår enn 1,7 millionar i pensjon?
Du må hugsa på at det ikkje er lett å få dyktige leiarar til verksemder der staten er eineeigar.
Eg forstår likevel ikkje at dei skal ha ein pensjon på 1,7 million etter at dei har gjeve frå seg ansvaret?
Pensjonsavtalen vart gjord i den røyndomen som vi tillitsvalde må leva i. Det hjelper svært lite å røysta imot, for avtalen vert skriven likevel.
Jau, men vi treng folk som seier klårt ifrå. Du kunne jo ha bede om protokolltilførsel, trekt deg og slik sett saka på dagsordenen?
Avtalen hadde kome likevel, men eg ser ikkje på avtalen som urimeleg.
Men vi snakkar her om pensjonen. Eg har førestelt meg at desse leiarane betalte inn i private pensjonsfond og sikra seg på den måten. Dei har jo så høg løn. Ser du ikkje vanvitet i det?
Nei, eg har ikkje vore med på eit vanvittig vedtak. Eg har vore med på eit vedtak som er i tråd med det som er naturleg for leiarar på dette nivået.
Eg må seia eg er overraska over at du ikkje røysta imot.
Du høyrer ikkje etter kva eg har sagt.
Jau, eg har høyrt alt. Etter mitt syn burde du ha sagt at du ikkje går med på dette tullet, og trekt deg frå styret.
Kva hjelper det saka?
Du hadde sett saka på dagsordenen, og kanskje hjelpt til med å få slutt på dette.
Det hadde eg ikkje klart.
«Dette er prisen for ein så flink mann»
Når ingen andre tek ansvar for leiarlønsveksten, kan ikkje vi gjera det heller, meiner Jens Petter Hermansen. Han representerer dei tilsette i Mesta-styret. Kyrre Olaf Johansen, administrerande direktør i Mesta, får ei årsløn på 1,8 millionar og ein pensjon på over ein million dersom han vil gå av etter han har fylt 62.
Ingvild Storås i Mesta, du er dei tilsette sin representant i styret og medlem av foreininga til sivilingeniørane, NIF. Var du med på styremøtet som vedtok løns- og pensjonsvilkåra til den nye direktøren?
Eg vil gjerne få sjå på saka, så kan eg koma tilbake til deg.
Ja, eg vil gjerne vite om representantane til dei tilsette stilte seg bak styrevedtaket om å gje direktøren den høge pensjonen han har fått?
Då tek eg med meg det, så kjem eg tilbake til deg.
Dagen etter:
God dag. Har du tenkt igjennom spørsmålet?
Pensjonsordninga vart handsama som ein del av heile lønsavtalen til administrerande direktør, og representantane til dei tilsette stilte seg bak avtalen. Lønspakka er bygd opp etter det regelverket som gjeld.
Ser de det ikkje som uheldig at de lagar slike ordningar?
Eg vil ikkje kommentera det. Vi har halde oss til gjeldande regelverk. Pensjonen vert ein del av heilskapen, ein del av løna.
Men er ikkje dette ei urimeleg ordning?
Eg vil ikkje kommentera det.
Vil du ikkje kommentera om det er noko kritikkverdig i denne avtalen heller?
Nei.
Er det nokon av dei tilsette som har kommentert dette til deg?
Nei.
Det er merkeleg at du ikkje vil kommentera det vidare.
Vel, slik er det.
Vi ringjer tillitsvald i Mesta og medlem i Arbeidsmannsforbundet, Jens Petter Hermansen, som også sit som representant for dei tilsette i styret.
Kva røysta du då dette var oppe i styret?
Eg stilte meg positiv og er svært nøgd med det. Dette er marknadsprisen for ein så flink mann som Kyrre Olaf Johansen.
Hadde du ingen motførestellingar?
Nei. Politikarane har gjort eit vedtak om å leggja oss ut for full konkurranse. Når dei ikkje har sett eit tak på pensjonar og løner i dei selskapa vi konkurrerer med, så vert det feil å setja eit tak på oss. Då måtte vi henta leiarar på tredje øvste hylle.
Men bør ikkje de som tillitsvalde ta eit ansvar sjølve og syta for at løns- og pensjonsvilkåra for leiarane ikkje går av skaftet?
Når ingen andre tek ansvar, kan heller ikkje vi gjera det, dersom det skader selskapet vårt.
Det må då finnast mange som vil ta jobben på langt rimelegare vilkår?
Ikkje folk som er så dyktige som han. Sjefane i Veidekke tener langt meir.
Skjønar du at eg er overraska over at du ikkje røysta mot?
Vel, vi må ha dyktige leiarar, og vi kan ikkje ta til takke med dei nest beste.
Når ikkje du som tillitsvald i eit LO-forbund seier nei, kven skal då stogga den uheldige lønsutviklinga?
Vi kan godt vera samde om at det er gode vilkår, men vi kan ikkje seia nei til ein god mann fordi han kostar for mykje.
|