Dag og Tid nr. 2, laurdag 10. januar 2004

Historie:
Albert Speer og sanninga
– Hamlet eller Albert Speer – begge delar handlar om kampen mellom det gode og det vonde, seier den svenske skodespelaren Philip Zandén. Han har hovudrolla i Albert Speer, suksesstykket frå Göteborgs Stadsteater som måndag har svensk TV-premiere.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no

Zandén (49) er for tida regissør for ei Hamlet-oppsetjing på Stockholms Stadsteater. I Göteborg stod han 59 gonger på scena, i fire timar kvar kveld. 26.000 såg ein av dei største teatersuksessane i byen, eit maratondrama om storarkitekten for Det tredje rike som vart rustningsminister, og ein av dei næraste personlege medarbeidarane til Hitler. Stykket er bygd på Speer-biografien til den austerriksk-fødde, britiske historikaren, journalisten og forfattaren Gitta Sereny. Fjernsynsversjonen er halvparten så lang som teaterframsyninga.

– Det er eit anna slags produkt der vi også brukar filma innslag frå Hitler-Tyskland. Det blir godt gammaldags fjernsynsteater, bygd rundt Speers samtalar i fengselet med ein prest og motstandsmann. Stykket har hatt svært mykje å seie for meg, seier Zandèn.
– Fordi du sjølv har jødisk bakgrunn?
– Det også, men det er eit stykke som er viktig på alle plan. Og om teaterversjonen er ein saga blott, vil han leve vidare i undermedvitet til alle som såg han. Når det gjeld min eigen bakgrunn, har eg også ein jødisk svigerfar. Han sa: «det er greitt at du spelar Speer, men det hadde vore verre med Hitler».

Det store spørsmålet
– Skulle du kunne spele Hitler?
– Ja, som kunstnar må du ta dei utfordringar som byr seg, seier Philip Zandén, som også har møtt Gitta Sereny, den no 83 gamle historikaren og forfattaren som gjennom samtalane med Speer kort tid før han døydde dreiv han frå skanse til skanse i spørsmålet om kva han visste om jødeutryddingane. Det var det avgjerande spørsmålet då han under Nürnberg-prosessane slapp unna galgen og fekk 20 års fengsel.

– Han visste det, det låg i undermedvitet, og han sa at han ana det. Men det var ein svart avgrunn han ikkje orka å sjå ned i, seier Zandén, som også er kjend frå to norske filmar, Amatørene og Suffløsen.
– Kva var gjennombrotsstykket ditt?
– Eg spela Mozart i Amadeus. Den rolla ville eg ikkje gjort om att. Då vil eg heller spela Salieri, seier Zandén.

Frå scene til fjernsyn
Ein time før fjernsynsversjonen går på lufta måndag kveld arrangerer Göteborg Filmfestival i samarbeid med SVT ei spesialframsyning på ein kino i byen. Det var på Göteborg Stadsteater framsyninga hadde premiere 21. september 2001. På grunn av sterk pågang vart det ny premiere 11. oktober året etter, og 8. desember 2002 vart det vist siste gong, etter 59 framsyningar og 26.000 selde billettar.

– Det er eit av dei meste spela stykka på teateret vårt. Det fire timar lange stykket gjekk for fulle hus heile tida, og det kom folk langvegs frå for å sjå det, seier dramaturg Per Arne Tjäder. Mellom dei tilreisande var Dag og Tids medarbeidar, som såg det hausten 2002. Det var ei intens og sterk framsyning i regi av den unge Jasenko Selimovic, som også har regissert tv-versjonen. Før han hadde fylt tretti år vart han kunstnarleg leiar for Göteborgs Stadsteater, og vende ein negativ publikumstrend til fullsette framsyningar. Manus til teaterstykket er skrive av David Edgar.

Kampen om sanninga
Den svenske tittelen på den drygt 800 sider tjukke klassikaren er Albert Speer och sannningen (Albert Speer: «His Battle with Truth»). Sereny skreiv boka etter at Speer døydde i 1982. Han fekk 20 års fengsel som ansvarleg for at millionar av deporterte fangar vart brukte som slavearbeidarar for den tyske industrien. Han var den einaste i den nære krinsen til Hitler som vedgjekk personleg skuld. Domstolen trudde han på at han ikkje kjende til utryddinga av jødane. Denne kampen om og med sanninga er sentralt i historia om han.

Gitta Sereny møtte Speer og familien hans fleire gonger. Ho hadde lange samtalar med mannen ho ved eit tilfelle fekk oppleve under Nürnberg-prosessane i 1947. Tretti år seinare møtte ho han andlet til andlet. Ho fekk ein slags godhug for den staselege fyren som i retten stakk seg ut frå alle andre. Mens Göring & Co verka likesæle, følgde Albert Speer intenst med. Og fangenskapet i Spandau skulle bli starten på ein ny karriere, karrieren til den angrande syndaren.

Frå Irving til Speer
Speer vart sleppt fri i 1966. Bøkene hans som kom etterpå med dei norske titlane Erindringer, Fengselsdagbok og Slavestaten: Mine oppgjør med SS, vart bestseljarar. På sine daglege, systematiske vandringar i fengselsgarden rakk han nesten å gå jorda rundt. I teaterstykket er det illustrert med at han passerer grensepost etter grensepost, som om han erobrar verda på ny. Men Gitta Sereny godtar ikkje Speers «sanning». Når ho møter han på slektsgodset i Heidelberg, er han overivrig etter å snakke om jødeutryddinga. Det var det som førde han i kontakt med forfattaren. Speer hadde i 1977 lese ein artikkel i The Times, der Gitta Sereny tok eit oppgjer med den historiske revisjonisten David Irving. I den nye boka Hitler’s War hevda han at Hitler ikkje kjende til jødeutryddingane.

 Speer skreiv til henne for å takke for at ho sette Irving på plass. Det var naivt å tru at nokon annan enn Hitler kunne ha kome på ideen om å utrydde jødane, skreiv Speer. «Det tyder på djup ukunne om Hitler-Tyskland, der ingenting viktig kunne skje utan at Hitler visste om eller gav ordre om det», skreiv han. Men kva då med Speer sjølv, ein av dei som stod Hitlers nærast, som til og med følgde ei tysk Einsatzgruppe på austfronten? I 1942 kollapsa jernbanesystemet, og han vart utnemnd til eineherskar over transportvesenet, som hadde som ei av sine store oppgåver å frakte folk til dødsleirane. Korleis kunne han unngå å vite det?

Sereny følgjer ikkje invitten til Speer om å ta jødespørsmålet opp med det same. I boka fortel ho at først på slutten av mange dagars samtalar tek ho det opp. Ho påviser at han var med på eit hemmelege møte i 1943 då SS-sjef Himmler informerte ei rad høgareståande folk om utryddinga. Ho fortel om det siste møtet ho hadde med han. «Eg trur eg veit kva du visste om jødane», seier ho. Kan du ikkje fortelje det sjølv? «Eg kan seie at eg hadde ei kjensle av det hende noko frykteleg med jødane», seier han. Det endar med ei slags vedgåing som i 1947 hadde ført han til galgen i Nürnberg.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |