Dag og Tid nr. 2, laurdag 10. januar 2004
Klok på bok 646:
Klok på sitrus
Ja, då er ho Paula faren og her sit Barabass og eg att aldeles aleine. No har me berre Klok på bok-vennene att. Det er januar. Det er mørkt. Boksen med sirupsnippar er tom. Juletreet har mest mist kvar ei nål, og den knallraude julestjerna er i ferd med å ta kvelden. Men me ser ikkje mørkt på det. For me skal hyggja oss med litteraturgåter og kloke svar framover. Så då er det berre å seia: Godt nytt år, alle de bokinteresserte der ute! No skal me ha det løye!
Me har sett oss ved kjøkenbordet, funne fram ein liten marsipanrest frå jula, sett over kaffien, og skal kikka på svara på Klok på bok nummer 644. Men aller først må me hugsa å senda ein varm tanke til ho Paula. Ho trong å koma seg litt bort. Ho har ikkje snakka om anna enn luft under vengjene i det siste, og no er ho faren. Men tek me ikkje feil, dukkar ho vel opp att ein gong. Så over til kloke svar!
«Då eg las tekstoppgåva denne gongen, tenkte eg straks Tolstoj, Russland, Napoleon, krig (Rolf Kirkvaags filmavis-røyst: Men Hitler gjorde samme feil som Napoleon han glemte den russiske vinter), og at boka måte vera Krig og fred.
Eg har Fonna forlag sitt praktverk frå 1967 og siterer opninga av Krig og fred bind I omsett frå russisk av professor dr. Arne Gallis: No vel, kjære fyrste. Genua og Lucca er ikkje lenger for anna å rekna enn som eit slag appanasje eller privatgods for familien Bonaparte. Og eg varslar Dykk om, at dersom De ikkje vedgår at no får vi krigen, dersom De framleis vågar Dykk til å orsaka all nidingskapen og alle ugjerningane til denne Antikrist (for det trur eg han er) ja, då vil eg ikkje kjenna Dykk meir», skriv John Solberg, 5108 Hordvik. Og etter kva Barabass og eg kan forstå, er det eit aldeles korrekt svar.
Så over til Rut Nervik i Trondheim. Ho har svara korrekt og fortel: «I lesegruppa vår som består av tre tidlegare kollegaer, ho Elsa, Ellen og meg sjøl, les vi så mangt, mange moderne forfattarar har det vorte. Ei av dei siste bøkene vi las, var Åpne sår av Margaret Atwood. Ingen Nobelpriskandidat det der nei, var vi samde om. Så las vi Ivan Iljitsj død av Tolstoj. Begeistringa var stor, vi måtte sanne at dei store er størst, og ho Elsa tok omatt og omatt: Meire Tolstoj! meire Tolstoj!, og no står han på lista vår ein gong til! Eg må berre seia: Det er ikkje nokon fjern, dau diktar ho Paula har trekt fram denne gongen!»
Rørande, seier Barabass. Og eg er aldeles samd. Vekas vinnar er Rut Nervik! Gratulerer!
«Den vesle teksten i oppgåve 644 tyktest eg dra kjensel på. Mannskoret eg er med i, var på tur til Russland i sommar, og då gjekk me framom triumfbogen i Moskva, reist til minne om franskmennene si flukt i 1812 med halen mellom beina som den russiske dirigenten vår, Boris, sa. Vel heime att, måtte eg difor repetere litt av det eg før hadde vore borti om dette emnet. Og Krig og Fred av Lev Tolstoy, var då nærliggjande. Sitatet i 644 er då og innleiinga, rett på sak, som Tolstoy oftast er, endå han også er ein meister i antydningens kunst.
Det undra meg berre at sitatet var på bokmål. Eg har Fonna Forlag si utgåve frå 1967, omsett av Arne Gallis, Bjarne Fidjestøl og Olav Rytter, og eg tykkjer at språket og stilen i den utgåva minner sterkare om ein overklasse enn den fyrste bokmålsutgåva eg las i ungdomen», skriv Bjarne Dåe. Barabass føretrekkjer òg utgåva til Gallis, Fidjestøl og Rytter.
Magnus Robberstad, 1453 Bjørnemyr var òg blant dei kloke denne veka. Det same gjeld Norvald Hestholm, 5314 Kjerrgarden.
Ranveig Lundquist i Orkanger har svara så rett, så rett. Ho spør òg: «Kvifor ikkje bruke Arne Gallis si omsetjing?»
«Det herre va greiar, sittate va hu ANNA PAVLOVNA, hoffdame hos hu keiserijnne Maria Fjodorovna, som helsan fyrst Vasilij velkommen. Det herre e vel ein tå di mest kjente replikkan i åpningen i ein russisk roman, det e LEV TOLSTOJ sin store VOJNA I MIR eller KRIG OG FRED. (...) Ska du sluijtt, Paula? Itj fer bestaijnndi håpe æ, æ ha likt kommunikasjonen veijlldig bra,du ha vorre tålmodig med myijtti toill som æ ha skrevve. Kaijnnske kjem du igjen, i aill faill ønske æ dæ lykke te, såmmå ker du ha tænkt å fijnn på framover. Kolles bli det medn Peder å Jawan? Æ vedlegg ett utsnitt tå lokalavisa utpå Fosen som æ abbonere på, FOSNAFOLKET, som ha en artikkel om ei ferm å hiva taus som va glad i å dørk jorda, Æ lurt litt på om det va du? Kaijnnske itj!», skriv Kaare Stegavik. Utklippet frå lokalavisa
syner ei eldre dame i potetåkeren med tittelen «Paula koser seg i potetåkeren». Sanneleg om eg veit! Kanskje det er poteter ho Paula satsar på no.
Olav Molven er òg blant dei kloke. Han skriv «T. hadde tittelen greve. Han gjekk i 1851 inn i militæret, var i Kaukasus og tok del i Krimkrigen. T. sitt liv er det svært interessant å lese om, særleg det stormfulle ekteskapet med Sofia Andrejevna Bers.»
Så, vekas nøtt! Og Barabass og eg håpar på mange kloke svar i år frå både kjende og ukjende innsendarar.
Klok 646
Faren min døde for elleve år siden. Da var jeg bare fire år gammel. Jeg trodde ikke at jeg skulle høre noe mer fra ham, men nå skriver vi bok sammen.
Dette er byrjinga på ein roman som kom ut i 2003. Tips: ungdomsroman, frukt og allereie ved lanseringa var boka seld til 21 land.
Veit du svaret sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Svar innan 16. januar. Lykke til!
Dale-Oskar og Barabass |