Dag og Tid nr. 2, laurdag 10. januar 2004
Fjernsyn:
Ventar på Harald Eia
Team Antonsen er den nye humorsatsinga til NRK i vinter. Får Harald Eia brukt geniet sitt? Premieren lovar godt.
NRK 1:
Team Antonsen
Onsdag og torsdag 22.30
Eg påstår at Harald Eia er eit geni. Bård Tufte Johansen er dyktig og vittig, men eg meiner han er viktigast som ein tilretteleggjar for Eia. Dei to har vore humorpartnarar på NRK i årevis. Eg har levd midt i målgruppa deira sidan midt på 90-talet. Eg har opplevd at dei med tida har vorte mindre viktige for meg og folk rundt meg. Er vi lei av desse gutane?
To vert fire
I Lille Lørdag kombinerte dei langvarige trådar med enkeltståande sketsjar og påfunn. Dei var nye, ustyrlege og «tenk at det går an!» Med Åpen post gjekk dei over til talkshow-formatet. Dette programmet, som gjekk i fleire sesongar, baud på band og gjester i studio. Nokre innslag var laga på førehand. Uti vår hage var eit nytt program i fjor haust. Atle Antonsen hadde slutta seg til duoen, og no var det ut av studio att med ferdiglaga, enkeltståande program. Denne sjåaren tykte resultatet var blanda, og at det stod meir på idékvaliteten enn på gjennomføringa. Eg tykkjer heller ikkje Antonsen er så veldig morosam.
I Team Antonsen har ein fjerde humorist kome til. Kristopher Schau har kanskje hatt mest lukke med radioprogrammet Karate. Elles har han samarbeidd med Antonsen i fleire tv-program. Eg har ikkje ledd så mykje av spesialiteten hans, å ete udelikate ting, men eg likte det då han levde seg inn i å vere ulike dyr og fortalde om opplevingane etterpå. Det er noko grovare og grunnare over Antonsen og Schau samanlikna med Eia og Tufte Johansen. Det var grunn til å vere nervøs over at det nye programmet heiter Team Antonsen, og eg har tenkt: Kor går grensa for utvatning? Kan vi risikere at Thomas Giertsen òg skal dukke opp?
Åndssvak form
Onsdag kveld såg eg sesongpremieren for Team Antonsen. Dei har valt studioformatet att, med eit publikum som ler av ein tilsikta klønete og kaotisk liten presentasjonsrunde. Tufte Johansen ser ut til å vere ein slags sjef, og han set over til eit svært lovande førehandsinnslag. Eia er i god form som språkforskar med latterleg skjegg på Blindern. Engelsk er feltet, og forskaren har ein del dristige teoriar. I am, you are, he, she, it is ok, men kvifor kan det ikkje heite she am? Han lèt det skine gjennom at han ikkje kan så mykje engelsk som han burde, men har ulike strategiar for å dekkje over. Han er brå mot intervjuaren, for «når ein skremmer, treng ein ikkje bøye verb». Forskaren
snakkar om språkfinesseen «avbrytande form» og «åndssvak form». «Mange nordmenn veit ikkje om det, og dummar seg ut i utlandet», seier han, og eg ler.
Neste innslag er sendt frå studio. Tufte Johansen administrerer at dei tre andre etter tur skal prøve å få vokalisten Lise Karlsnes til å le mest mogeleg. Eia tyr til klassikaren med ein forpint og forvridd nordtrønderdialekt samtidig som han kitlar henne under føtene. Han er best og vinn.
Kjedeleg Schau
Schau har eit langt og kjedeleg førehandsinnslag. Han agerer ein nederlandsk trekkspelar og komikar frå 70-talet. Vi skal le av at han ser dum ut og at det ikkje er noko å le av, men det er ikkje noko å le av.
Lesarane av dette kan tenkje seg til at eg derfor vart glad for eit nytt Eia-nummer frå studio etterpå. Programposten «Kjempesjansen Nord» tek tilsynelatande sikte på å presentere nordnorske komikarar, og i eigenskap av ein slik får Eia i oppgåve å seie Kari Bremnes på ti ulike måtar. Han står liksom utanfor eit samvirkelag i ei lita bygd og snakkar då han får sjå at Bremnes kjem gåande. Korleis uttalar han namnet dersom han ser henne i bygda for fyrste gong (himmelropande forstøkt) eller dersom han har sett henne i bygda ofte før (blasert, blablabla Kari Bremnes blablabla). Kva om han er den penaste jenta i bygda, men berre den nest penaste når Bremnes gjer entré? Eia
gjer det til ein kunst å rulle dei sterke andletsuttrykka saman att etterpå overtydeleg tilbake til normal.
Antonsen og Schau står for den klissete avslutninga. Dei parodierer fjernsynskjøkkenet, og Schau får endeleg høve til å søle. Problemet er at alle ingrediensane rasar rett ut i høgre biletkant i staden for å hamne i bollen. Dei eg såg programmet med, lo kanskje aller mest av dette innslaget. Eg måtte ikkje le, men sat og lurte på korleis dei hadde fått det til. Vi forstod at heile kjøkkenet må ha vore montert loddrett, og at dei hadde snudd biletet 90 grader. Det er tyngdekrafta som verkar.
Inntrykket etter det fyrste programmet er eit godt idétilfang og passeleg veksling mellom hermetiske og spontane innslag. Eg håpar at dei fire kan drive kvarandre oppover, men for meg er tre av dei mest pausar pausar før meir Harald Eia.
Kjetil A. Brottveit |