Dag og Tid nr. 1, laurdag 3. januar 2004

Roald Helgheim:
Ingen nordmenn med
Jordskjelvet i Iran var inga hovudsak, verken for Dagbladet eller VG. Grunn: Det var ingen nordmenn med. Annleis kan vi ikkje tolke det faktum at på den første vanlege avisdagen etter skjelvet var katastrofen i Iran mindre viktig i VG enn at ein norsk julenisse vann over ein million i Lotto. I Dagbladet var nyhendet om at Gro Harlem Brundtland enno ikkje har kome over sonens tragiske død for ti år sidan, viktigare. Det aktuelle høvet var at ho skulle fortelje dette i ein NRK-dokumentar same kveld. Å ri på Gro-bølgja til siste krone var ei betre sak i ei avis der den nye redaktøren i ein slags redaksjonell programartikkel på sjølvaste julaftan slo fast at «uansett kanal er journalistisk kvalitet avgjørende».

I praksis er det inga forpliktande fråsegn, og er vi ikkje lei den vedvarande krinsinga rundt vår eigen profesjons navle? Ei krinsing som i jula også har vore aktualisert av den komiske radiokanalstriden? Var eg minister med mynde, hadde eg stengt eteren for begge dei stridande partane. Spørsmålet er likevel: Når jordskjelvet ikkje var godt nok til bli tabloid hovudsak den første dagen, kvifor vart ho det på dag to, søndag? Kan hende var det oppvask i Dagbladet, men eg tvilar. I VG lyste forklaringa søndag i neonskrift: Ein iransk familie i Kristiansand mista 90 familiemedlemmer i jordskjelvet. Endeleg fann avisa ein nordbu god nok til å vinkle skjelvet på.
Tittelen «Ingen nordmenn med» har eg lånt frå refrenget i ei gammal vise Tramteatret laga om norsk katastrofedekning, der jobb nummer ein same kvar på kloden ulukkene hender, er å finne ut om nordmenn er råka. Det har vore eit permanent første kriterium for kor viktig ei internasjonal sak er, og er det ingen nordmenn med, er vi i alle fall best til å hjelpe. Det må den tru som følgjer norske fjernsynsteam til Gardermoen for å vinke dei første hjelpeflya av garde. Nokre dagar ut i skjelvet fekk vi vita at britane hadde vore der først, og fekk ikkje dei norske hjelpeteama beskjed om å gjere vendereis? Vonbrotet stod å lese ut av NRKs utsende, ironisk nok same mann som hadde laga julas helteportrett av verdas avgådde norske helseminister.

Misforstå meg rett. Det står stor respekt av norske hjelpearbeidarar heime og ute. Den norske Raudekrossens nye sjef Jonas Gahr Støre har dessutan gong etter gong framheva profesjonaliteten til kollegaene i det iranske Raude Halvmåne, som Norge samarbeider med, og FNs koordinator Jan Egeland har også fått balanse i biletet. Men ein norsk fjernsynssjåar må tru at Norge er den avgjerande humanitære faktoren dei fleste stader i verda. Inntrykket vart ikkje mindre styrkt av NRKs eige helteportrett av den avtroppa WHO-sjefen. Då hadde Dagsrevyen først introdusert det med eit dramatisk oppslag om at Gro Harlem Brundtland gjekk av fordi jobben gjekk på helsa laus. Ein meir nøktern hovudperson sa i dokumentaren at ei kvinne midt i sekstiåra må vere flinkare til å slå på bremsene enn menn vanlegvis er, og at ho ikkje lenger makta det same tempoet som før.

Det aktualiserer på eit vis noko eg las i ein roman eg mura meg inne med når romjulsveret var på det mest vestlandske. Omsett frå svensk lyder det slik: «Når vi ein dag ikkje lenger forstår liva våre, må vi likevel halde fram som om vi skulle vere ei bok eller ein film. Det finst ingen andre utvegar.» Den svenske forfattaren heiter Håkan Nesser, kjend frå ein delvis filmatisert krimserie han nyleg har avslutta. Til forfattarskapen høyrer ei rad «vanlege» romanar som også har noko makabert over seg. Barins triangel er ei tredelt bok med undertittel «Berättelser ur det indre landskapet». Første hovudperson er omsetjar, og under arbeidet med ein tung, eksistensiell roman av den nyleg avdøde forfattaren G. Rein (frå eit fiktivt, europeisk land) kjem han gjennom koda meldingar under vêr med at forfattaren vart myrda, som offer for eit komplott mellom den svikefulle ektefellen og forleggjaren. Samstundes er omsetjaren sjølv på jakt etter sin eigen, svikefulle ektefelle, som gjekk frå han for tre år sidan, men som han kjem på sporet av gjennom ein radio-overført konsert der han høyrer henne hoste blant publikum.

Den same dobbeltleiken følgjer i neste bolk, der hovudpersonen er ein psykiater med ein vikarierande dobbeltgjengar. Han tar over ein time og ein klient av sitt alter ego, med lagnadstungt resultat. Hovudperson i tredje bolk er ein gymnaslærar som bokstaveleg tala møter seg sjølv i døra: Ein dag kjem han for seint til første time, og ser seg sjølv på plass bak katetret. Korleis det endar, er ei sak, men på flukt frå seg sjølv dumpar vår mann innom eit hotell der den første internasjonale konferansen om telepati held hus. Under middagen legg han merke til ein mann som sit for seg sjølv. Dei to kjem i snakk, og mannen forklarar seg med at han er kongressens svarte får. Kvifor? «Eg er tankelesar», svarar mannen. Han har full forståing for at profesjonen kjenner seg truga. Dei har sine titlar, inntekter og familie å tenkje på. – Dessutan, legg han til, så er dei fleste menneske sine tankar heilt gresk for meg.
Kva dette har med saka å gjere? Det er inga «sak». Det var berre noko forfattaren skreiv om å vere dømd til å halde fram som før når vi ikkje lenger forstår våre liv, som slo meg. Slik er det med media også. Til skrekk og gru. Men godt nytt år likevel, folkens.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |