Dag og Tid nr. 1, laurdag 3. januar 2004
Leiar:
Støtt opp om jordbruket
Fire tusen gardsbruk eller var det fem tusen? vart lagde ned i fjor. Det skapar ikkje dei store overskriftene lenger. Det ser ut til at det er berre jordbruksnæringa sjølv som bryr seg. Dei såkalla forbrukarane er som vanleg opptekne berre av ein ting: pris. Det finst bokstaveleg tala ingen grenser for kor låg matprisen skal verta før dei er nøgde. Samstundes trur forbrukarane at det ikkje har konsekvensar for anna enn deira eiga lommebok at prisen vert pressa ned og at jordbruket stadig må effektivisere.
Nedbygginga av jordbruket gjer noko med landet vårt. Mangfaldet vert mindre. Bygdene vert fattigare. Mjølkebilen forsvinn, likeins dyrlækjaren, det kommunale landbrukskontoret, og med tid og stunder meieriet og slakteriet. Kulturlandskapet gror til. Nabogarden slår kanskje den finaste enga, men beitet og slåtteteigane veks til med kratt.
Diverre har bøndene få støttespelarar. Media fokuserer på handlekorga. Når las du sist eit ordskifte om norsk jordbruk i dei største avisene eller tidsskrifta våre som ikkje handla om Svinesund og matprisar eller norske kjendiskokkar sine referansar til utanlandske restaurantar? Og du skal ikkje så langt inn i byggjefelta på bygdene før skepsisen til bøndene dominerer. Dei vil bort frå jordi alle, som ein kjend diktar sa det.
Kan utviklinga snuast? Sjølvsagt. Det er snakk om vilje og ei felles forståing om at dette er noko som gjeld oss alle. Først må vi kanskje få tilbake respekten for norsk matkultur etter tiår med bulkproduksjon frå samvirkeorganisasjonane si side. No sit vi berre att med ein folkloristisk kultus rundt smalahovet og lutefisken servert i skrålande lag med halvfulle kvinner og menn gjerne iførde nye bunader til 30.000 kroner.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|