Dag og Tid nr. 1, laurdag 3. januar 2004


Klok på bok 645:
Steinkjær

Ja, då er eg i ferd med å skrive mitt siste bidrag i ei Klok på bok-historie som vonleg blir lang. Trøysta er at den siste oppgåva mi blir den første i eit langt, nytt Klok på bok-år. Håper det blir mange og interessante bokgåter å løyse og lese for alle de som har vore så trottuge med å finne svar på oppgåvene.

Dessverre var eg visst for gjerrig med stikkorda att, for så vidt eg kan sjå, har eg berre fått to svar. Til gjengjeld er svara frå to klok på bok-arar med lang fartstid: Ho Ranveig Lundquist i Orkanger og han Olav Molven i Bergen.
Ho Ranveig skriv alltid så korte og greie svar, så det er ikkje anna enn rett svar å sitere frå henne: Ingmar Bergman: Enskilda samtal. Men det er det einaste eg treng for å kåre ein vinnar. Det er hyggjeleg å sende den siste premien min til deg, Ranveig! Gratulerer! Hald fram med å sende inn svara dine!

Han Olav skriv som vanleg, utfyllande: Gode Paula! Du vil fram til boka og filmen ‘Enskilda samtal’. Boka kom i 1996; filmen i 1999 med Liv Ullmann som regissør. Filminga gjekk føre seg i 1995, ser eg ein stad. Detaljar, rette eller galne, får så vere. Dessutan, eg er viss på at mange vil skrive både eitt og hitt om Liv U. og Ingmar B., og om boka han skreiv. Og Luther, som var både reformator og ‘luring’, kan nyttast til fargelegging av vårt menneskelege tilvære sine slitande tider, dersom ein det ønskjer. Men eg har no aldri fått retteleg kontakt med ho Liv Ullmann på lerretet. Ein kamerat av meg hadde det også slik. Trur det var noko med røysta og ordbunaden. Ho er no elles både klok og gild, og har ei dotter som står trygt på eigne bein», skriv han Olav og ynskjer Godt nytt år.

Eg tek med det du skreiv på førre faksen din òg, Olav, sidan eg sette stor pris på orda dine: Så les vi alle at ho Paula på posta si spaltetid snart er ute. Det kom uventa, vi er no liksom grodd ihop til eit litterært fellesskap under kunnig og sakleg leiing av ei åndeleg mor, eit menneske vi talar med jamleg gjennom våre skrivne innsmett. Du skal ha hjarteleg takk for alt du har gjort for oss Kpb-arar, Paula. Må livet utan oss fare godt med deg på alle vis. Tenk på oss innimellom», oppmodar han Olav Molven i Bergen.

Ja, du skal vite det, Olav, at avgjerda om å slutte ikkje vart teken med lett hjarte. Det er som om eg misser kontakten med mange, gode vener – som eg aldri har møtt! Det er ganske spesielt å ha så fin kontakt med så mange ukjende. Men eg kjem til å følgje med, og de skal ikkje sjå bort ifrå at eg sender inn eit svar i ny og ne – om eg klarer å løyse oppgåvene, då! Det er vandelaust å svare når ein er den som gir oppgåvene. Noko heilt anna er det å leggje to og to saman og kome fram til rett svar.

Som ei siste helsing frå meg, kjem eit vakkert kjærleiksdikt:

Flødande vår
To mosebrune augo!
Ei verd i morgon-brann!
Og augne-gullet flødde.
To soler mot meg rann.
Ein lyfta arm som tala.
Små hårstrå
bronse-blinka.
All armen
smilte, vinka
og vart i natta svala.

Ja armar knept’ om nakken!
Ein munn, han kviskra:
Straks!
Og fingertuppar ruskar
igjennom gylne aks,
i bråe feber-skunding;
ein gull-lokk
får den sæle
å kjæle
bronse-armen,
han kysser nakkens runding.

Ho ris på eine foten,
gjev søkk med all si tyngd,
Og kjoletyet bårar,
og kroppen ter si yngd.
Yv’ hoftene – dei skjelver –
er midja grann
og smekker.
Og barmens
smile-dekker
har flod, og ut seg kvelver.

Ho leikar seg og voggar
og berre kjæte er.
Og kjolen kviskrar kring ho,
og eple-knea ler.
Ho er ein sjø, han bårar,
– to lippur
saltsjø-doggar
– – –
Når floda
ho blir stogga,
det er kje fleire vårar.

Forfattaren vi skal fram til, vart fødd i 1878 og voks opp i Trøndelag. Stikkord: rallar. Dag og Tid har gjeve ut ei fyldig avis om diktinga hans. Kven vil eg fram til? Send svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faks 22 41 42 10 eller til paula@dagogtid. no før fredag 9. januar 2004. (Berre bruk epostadressa mi – arvtakaren har fått passordet mitt, så breva blir lesne!)

Då står det berre att for meg å takke for alle entusiastiske svar som har kome til meg. Det har vore ei lærerik tid. Nei, no tek eg mest til tårene...
Godt nytt år!
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |