Dag og Tid nr. 1, laurdag 3. januar 2004

Hiphop:
Den religiøse rappen
Rap handlar ikkje berre om pengar, damer og dop. Prest og musikar Carl Petter Opsahl har granska dei religiøse strøymingane i hiphopkulturen.
Johanne Landsverk
johannla@online.no

– Hiphopkulturen er gjennomsyra av ulike religiøse strøymingar, og dette gjorde meg nysgjerrig, seier teologen Carl Petter Opsahl. I haust heldt han kurs i hiphopteologi ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Opsahl har forska på dei religiøse sidene ved hiphop, og no skriv han doktorgradsavhandling om emnet.
Hiphopkulturen starta i det afro-amerikanske gatemiljøet i New York midt på 1970-talet. Det var ein reaksjon mot kriminaliteten i ein by som då var i sterkt forfall. Bydelen South Bronx vart sentrum for den nye kulturen.

Identitet og tradisjon

– Hiphop-rørsla skapte eit eige kulturelt rom i bybiletet. Kulturen som oppstod, var nært knytt til det å vere ein minoritet i samfunnet. Hiphopkulturen legg vekt på identitet, tradisjonsbygging og på afro-amerikansk musikkhistorie, fortel Opsahl.
– Innanfor hiphop kan ein snakke om ulike nivå. Hiphop og rap er eit undergrunnsfenomen. Men samtidig er rappen kommersiell, og då handlar det mest om pengar, damer og dop. Det er media og musikkindustrien som set fokus på dette, men mange rapparar er opptekne av heilt andre ting som ikkje er synlege i media. I det siste har det vore ein debatt om sex og diskriminerande kvinnesyn i norsk hiphop, og eg skulle ønskje at gutane vart litt meir opptekne av dette.

Det femte elementet
Dei fire hovudelementa i hiphop er DJ-ing, rap, breaking og graffiti.
– Eg er fascinert av den eldste hiphopen, av pionerane. Dei er veldig opptekne av at dei fire elementa i hiphopkulturen skal hengje saman. Innanfor hiphop er det også eit femte element, nemleg kunnskaps- og visdomselementet. Mange kristenrapparar ser på Jesus som det femte elementet.

– Men kva har teologi med hiphop å gjere?
– Det er snakk om å sjå seg sjølv i samanheng med verda og kosmos. «Message-rap» har ein sosial, politisk og delvis religiøs bodskap. For mange rapparar er det viktig å vise at kristendomen er blitt forkludra. Kvite prestar har brukt kristendomen til å framheve den kvite mannen.

Islam og hiphop
Opsahl fortel at religion er viktigast i afro-amerikanske miljø, der mange rapparar er kritiske til den kvite mannen.
– Blant kvite rapparar finn vi ikkje så mykje religiøs kritikk. Det er også nokre som vender kristendomen ryggen, medan andre rapparar er opptekne av islam. Her er det ein eigen amerikansk versjon av islam som gjer seg gjeldande. Den største og mest kjende er Nation of Islam. Men det finst også ei utbrytargruppe med namnet Nation of God and Earths som har skapt ein alternativ mytologi med vekt på den svarte mannen. Dette synet finn vi mange døme på i rap-låtar.

Eit år i Bronx
I fjor budde Opsahl i eitt år i Bronx, sjølve senteret for hiphopkulturen.
– Eigentleg skreiv eg doktorgrad om rock, men så fekk eg stipend for å reise til USA. Eg fann ut, då eg fekk høve til å dra til New York, at eg måtte bruke tid på å forske på den amerikanske hiphopen.

– Kva nytt fann du ut?
– Eg visste ingenting om den islamske delen av hiphop før eg reiste til New York. Den muslimske rappen er del av ein felles kultur. I Bronx fekk eg også oppleve ting på kroppen som eg aldri hadde tenkt på før. Som norsk meiner ein at ein er antirasistisk, og at ein har alle dei rette meiningane. Men i møte med hiphopkulturen blir ein møtt  med svært kritiske blikk som kvit.

Jazz og rap

Opsahl spelar både jazz og folkemusikk sjølv, og han har tidlegare skrive bok om jazzens historie.
– I utgangspunktet var ikkje hiphop det store interesseområdet mitt, men eg har alltid vore oppteken av å setje meg inn i andre musikkformer enn dei eg sjølv driv med.
– Kva har du lært?
– Av hiphop har eg til dømes lært at ord kan ha mange ulike meiningar. I rappen er teksten viktig, og ikkje minst den lydlege klangen i teksten.

I Noreg var det først midt på 1990-talet at rappen verkeleg byrja å gjere seg sterkt gjeldande.
– Det som er fint, er at så mange i dag rappar på norsk og på dialekt. Somme meiner at norsk er eit hardt språk, men eg synest at mange klarer det godt. Ein kan nemne grupper som Tungtvann, Spetakkel, Dirty Oppland og Fremmed Rase. Ikkje all rap har like god kvalitet, men mange av dei norske gruppene har teke på alvor at dei ikkje kjem frå eit amerikansk gangstermiljø. Dei set musikken inn i ein lokal samanheng.

Graffiti som kunst

Opsahl har forska mest på amerikansk rap og på hiphopkulturen generelt. Men han har også studert graffiti.
– Norske politikarar gjer det enkelt for seg når dei går så sterkt ut imot graffiti og tagging. Kampen mot graffiti er ein avleiingsmanøver for alt det andre som politikarane ikkje får gjort noko med. Langs Kirkeveien i Oslo, der eg bur, er det ein livsfarleg trafikk og sterk forureining. Sjølv om grafitti kan vere forstyrrande, er han ikkje trugande på same vis.

– Er graffiti kunst eller hærverk?
– Ein del tagging og graffiti har sjølvsagt eit element av hærverk i seg. Men graffiti er også ei levande kunstform. Som teolog er eg oppteken av å skape eit rom for samtale om dette temaet, seier Opsahl.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |