Dag og Tid nr. 1, laurdag 3. januar 2004

Historie:
Den einsame tyskaren
Bombemakaren Johann Georg Elser (1903-45) kom nærast tyrannmordet blant dei som ville Hitler til livs. No får denne metodiske attentatmannen stor merksemd i Tyskland, etter å ha vore underleg lite påakta, skriv Bernt Hagtvet.

Den tyske motstanden mot Hitler er full av vankelmot og tvil, feilslag og nære på-attentat. Vi som slepp alle desse dilemma, har lett for å gløyma omfanget av Gestapo sin terror. Motstand var særs risikabelt under det nazistiske despotiet. Anti-Hitler-konspirasjonane i det tyske militæret vart tidleg lamma av framgangen til Hitler. Arbeidarrørsla vart snøgt sjalta ut gjennom massiv undertrykking, og måtte føra kampen frå utlandet. Kyrkjene leid av moralsk paralyse, ikkje minst på grunn av Hitlers nasjonalistiske appell.

Men det var også døme på ufatteleg mot og moralsk strålande aksjonar («Den kvite Rosa», studentprotestane i München, er eit døme). Nærast til å eliminere Hitler kom einslege personar. Men også der svikta det siste leddet. Ingen har kunna forklåra kvifor oberst Claus v. Stauffenberg ikkje la den andre, uarmerte bomba i lærveska under trebordet i Hitlers kommandovilla i førarhovudkvarteret i Rastenburg 20. juli 1944. I staden kasta han ho ut under flukta – ubrukt. Hadde den andre bomba kome med, ville ho vorten utløyst av den fyrste og helt sikkert drepe Hitler. Det omkom fleire tyskarar frå 20. juli 1944 til 8. mai 1945 enn under heile krigen til då. Her er eit klassisk døme på eit av soga sine ævelege augneblink.

Oversett helt
2003 har vore Georg Elser-år i Tyskland – det var då 100 år sidan denne metallarbeidaren og snikkaren som kom nærast av alle til å ta livet av Hitler, vart fødd. Forbundspresident Johannes Rau har hylla han. Han har fått sin veg i Bremen, sitt frimerke (han vart utelaten for 39 år sidan då den tyske motstanden sist vart frimerkeminna), fjernsynsprogram og historiske analysar. Som Rau sa det: «Elser har trass i fleirtalet sin tagnad vist at det var eit betre Tyskland». Elser har vist kva for slagkraft einskildmennesket har sjølv under det mest tyranniske styre.

Johann Georg Elser? Slik spør de fleste, og det er ikkje tilfeldig. Elser er ein av dei stumme heltane frå dette hundreåret. Hans rolege motto var: Eg vil hindra eit større blodbad med mine handlingar.
Elser vart fødd i landsbyen Herrnaringen og tok som 22-åring sveineprøva som møbel-snikkar. I 1929 slutta han seg til det kommunistiske Rotfrontkämpferbund utan å vera særleg aktiv ut over det å spela i janitsjar-orkesteret. Han arbeidde fyrst i ein urfabrikk i Konstanz og frå 1936 i ein armaturverkstad i Heidenheim. Etter 1933 vart han sett på som eks-kommunist.

Avisnotisar fortalde han at Hitler jamleg vitja München. Frå 1938 var han overtydd om at berre Hitlers død kunna stogga ein ny storkrig. Ved sjølvsyn såg han at tryggingsoppbodet i Bürgerbräukeller var slapt – han var til stades ved ein Hitlertale i 1938. 8. november 1939 skulle Hitler på ny tala i den gamle nazivalfartsstaden. Normalt ville han ha halde på til kl. 22, men denne dagen forlet han salen 21.07 for å nå spesialtoget sitt til Berlin. Der skulle han gjennom dei siste konferansane om det føreståande åtaket mot Frankrike. (Det galdt å overtyda dei skeptiske generalane).

Elser hadde då i vekevis arbeidd om nettene inne i ølhallen og planta sprengstoff i ei trekasse bak søylene like ved talarstolen. Han sette sprengingstidspunktet til 21.20. Då smellet kom, rasa søyla ned, sju vart drepne og 64 såra. Hitler ville ikkje ha overlevd, hadde han vore der. Vi kan alle tenkja på korleis historia ville sett ut utan han frå 1939: høgst sannsynleg ikkje noko åtak på korkje Frankrike eller Sovjetunionen, ikkje noko Holocaust. Sannsynlegvis eit militærstyre som ville ha forhandla fram fred og som ville prøvd seg på ei gradvis tilbakeføring til grensene før fyrste verdskrigen. Ingen veit, men personen Hitler si rolle for det som kom, er openberr. Som britiske historikarar så ofte seier: «Very nearly everything in history very nearly did not happen».

Elser som offer
I dagbøkene til Goebbels – vi veit dei ikkje alltid er gode kjelder – kan vi lesa om reaksjonen til nazihierarkiet på attentatet. Hitler uttala at «ei indre røyst» hadde formana han om å forlata salen tidlegare enn planlagd. Goebbels og folket hans kunne ikkje få seg til å skjøna at Elser hadde gjort attentatet heilt åleine. Men saka er no klar: Elser handla på eiga hand. Kommunistiske, sosialistiske, kristelege og reint medmenneskelege motiv spela inn. Slik kan ikkje Elser samanliknast med nokon. Metodisk hadde han samla sprengstoff ved mellom anna å ta arbeid i bergverk, til slutt 300 dynamittgubbar. Det mekaniske talentet hans sette han i stand til å laga to tennsatsar for å vera sikker. Dette tillet han å vera langt borte då eksplosjonen kom. Natt etter natt gjennom sommaren 1939 arbeidde han kneståande (og fekk sår som Gestapo seinare identifiserte).

Rein slump gjorde at han same kveld vart teken på veg til den sveitsiske grensa. Gestapo hadde på basis av nokre metallrestar etter attentatet kunna føra spora attende til urfabrikken der Elser var tilsett. Men nettopp fordi han ikkje hadde opna seg for nokon og var nærast vene- og familielaus, var Elser ekstra vanskeleg å ta.

Nazistane brukte attentatet til å dreia undertrykkingsskruen enda nokre hakk om. Nett fordi han var einsam oppstod det rykte i opposisjonsmiljøa om at Elser var planta av nazistane for å få eit påskot til ytterlegare represjon («ein ny Riksdagsbrann», som ein av dei seinare motstandsmennene, Ulrich von Hassel sa det). Den lutherske presten Martin Niemöller var òg mellom dei som spreidde desse rykta. Elser vart på eit underleg vis eit offer for sladder. I dag kan vi tvillaust seia at alt dette er usant.
Rykta såra mor til Elser. Tvert om syner forhøyra som Gestapo har etterlate seg, ein særs viljesterk mann, moralsk utan tvil på at det han gjorde var rett. Ein liten detalj: Han gjorde alt han kunne for å visa at han var åleine, og på det viset hindra han at tilsette i ølkjellaren vart arresterte som medspelarar. Han hadde ei indre kjerne som for alltid vil vekkje beundring.

Lysande døme
Etter å ha vorte frakta til Gestapo i Berlin arrestasjonsdagen, vart Elser sendt til Sachsenhausen som «Hitlers spesialfange». Til Dachau kom han i 1944. Berre 29 dagar før kapitulasjon vart han myrda av Gestapo på hemmeleg ordre frå Himmler, årsaka var sagt å vera eit alliert bombeåtak. Han vart etter alt å døma halden i live så lenge for å bli brukt i ein skodebrødprosess etter krigen.
Det underlege er at Elser lenge var så skjult for den tyske ålmenta – trass i mangelen på motstandssymbol. Namnet hans var inntil nyleg knapt nemnt i dei store forskingsmonografiane over Hitler. Som Hitlerbiografen Ian Kershaw sa det i 2000: «Samanlikna med nazioffiserane som nølte gong på gong, er Elser ein lysande personlegdom.»
Bernt Hagtvet

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |