Dag og Tid nr. 51/52, laurdag 20. desember 2003
Klok på bok 644:
I grevens tid
Eg skreiv til deg eg har deg kjær, men hjartet ditt av viskelær strauk orda ut
og rosene eg hadde plukt, vart krasa til parfymelukt, så populært
REFR.: Så no får du ha det eg dreg bort ei stund. Du veit det kan hende eg har min grunn
Når du sa sukker sa eg salt
du sa gjær når eg sa malt
ein sterk likør
Men eg blei full når du blei klar
eg satsa hjerter du ga spar
som nord og sør
Eg gjekk frå vettet, gjekk frå alt
og hjarta mitt tok du i pant
til evig tid
Men hjarta mitt blei koneskaut
som luktar stramt av risgrynsgraut
og tidsfordriv
Du kjæler med din Lux-komfyr
og det som gjør deg kåt og yr
er ei symaskin
Når eg er sugen seint på kveld
då ligg du dorsk med make-upstell
og grøne kinn
Eg skreiv til deg eg har deg kjær
men hjarta ditt av viskelær
strauk orda ut
No flyg eg ut av reiret ditt
med lause fuglar syng eg fritt
i moll og dur.
REFR.: (siste gong)
Men eg kjem tilbake til deg om ei stund. Du veit det kan hende eg har min grunn.
Ja, slik er enden på visa, men han Geirr Lystrup er ikkje opphavsmann åleine: «Hei Paula! Ein gong i tida var eg forelska i Aud på posta. Kanskje var ho storesøster di? Ei kjekke kjelle, det! Meir om det ein annan gong. No skriv eg for å fortelje at svaret på oppgåva di kanskje er eit anna enn du trur. Altså dommaren sejer at fel svar er rett. For det er eg som er opphavsmannen til Eg skreiv til deg eg har deg kjær, men hjarta ditt av viskelær... Det verset du siterer er mitt, bortsett frå siste line. (Sistelina mi var litt villare.) Geirr Lystrup forandra på songen og laga ny tittel, utan mitt samtykke. Banna bein! Men det er lenge lenge lenge sia no! Eg ville berre nemne det... Helsing Hans Sande.»
Eg må innrømme at eg kjende meg på gyngande grunn då eg tok teksten frå hugsen. Eg rakk ikkje å hente viseromanen på biblioteket. Det har eg gjort i dag, og der står det rett nok: «Tekst: Hans Sande og Geirr Lystrup». Men no vart eg gyseleg nysgjerrig på kva den ville sistelina di er!
Han Olav Molven i Bergen er ei klok sjel, sjølv om han tek eit lite atterhald: «Teksten til visa er av Hans Sande; eg trur frå 1972 (Lita grøn grasbok), men det kan vere feil. Trubaduren eg siktar til = Geirr Lystrup, og ein finn visa i Egon Gruphs reise i virkeligheten, viseroman frå 1973», skriv han Olav. Tampen brann heilt bort i faksen din, så du vinn, Olav. Gratulerer!
Han Tor Einar Loftesnes i Stavanger avslører namnet på visa, «Lite morgonbrev»: «Jeg har visa i Egon Gruphs reise i virkeligheten som kom ut i 1973, og i den tida da jeg tenkte lære meg å spille gitar, var den viseboka mye framme. Men det er noen år siden nå, og jeg ble dessverre ingen gitarist.»
Ho Elen Maria Todal i Hellandsjøen tok hintet med «Stjerne i aust»: «For meg som er heilt utan songstemme og gitar og aldri har hatt lilla skjerf, er verset i Kpb 642 heilt ukjent, dessverre. Men noko i ordval og rytme verka kjent, og så var det stjerne i aust, da. Kan det vere Geirr Lystrup? Stjerna fra øst, vakker og mykje spela julegåve frå i fjor, har tekst av han. Nydelig», skriv ho Elen Maria.
Ho Eli Sylta på «nyforelsket. com» skriv følgjande: «Moll og moll, fru Blom! Trubaduren du vil fram til, syng litt av kvart, han, i både dur og moll. Eg kan ikkje huske tittelen på visa du siterte litt frå, men er nokså sikker på at den kom på 70-talet. Den store vise-bølgja. Trubaduren er ikkje like mye av ein kjendis som mange av sine kolleger, men han har no helde koken som artist i over tredve år. Og jamt og trutt kjem det noe frå han. Eitt av hinta dine var stjerna det var Stjerna fra øst, med undertittel Jomfru Maja på taigaen, plata er vel noen år gammal. No seinhaustes kom Fly som ein stein, der Hege Rimestad har skrive musikken, og altså Geirr Lystrup tekstane. Geologiske, mytologiske og fine songar om stein. Fine tekstar og god musikk. I tilfelle eg ikkje klarer neste bok, så får du ha ei god jul og ha all lukke til i det du no
skal til med!» Takk for det, Eli!
Han Kaare Stegavik i Trondheim skriv at han aldri kom heilt med i visebølgja, men han kom fram til Geirr Lystrup. Det gjorde han Gunnar Bæra på Løten òg. I Bergen reagerte dei slik: «Ååhh! No vart me melankolske her hine skeisebibliotekarane fekk jamvel det drøymande blikket! Godt det er fredag. Geirr Lystrup, så klart... Du Paula... nei, det var ikkje noko.»
Klok på bok 644
«Nå, hvad sier De så, fyrste? Genua og Lucca er altså tilfalt familien Buonaparte, er så å si blitt dens privatdoméne. Ja, kom så bare her og nekt at vi får krig! Eller understå Dem til å si et ord til forsvar for denne Antikrist og alle hans skjenselsgjerninger ja, for jeg tror at han er Antikrist!
Vi er i ein klassikar, ein juniaften i året 1805, i eit mindre selskap i St. Petersburg. Det kan godt hende vi har vore der før, men det får gå. Forfattaren levde på 1900-talet i eit stort land. Stikkord: greve og offiser.
Kva heiter forfattaren og boka? Send svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før måndag 29. desember.
God jul frå Paula på posta |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|