Dag og Tid nr. 51/52, laurdag 20. desember 2003
Makt:
Dinosauren lever
Når tilhøvet mellom folk og stat blir sendt direkte som reality-teve, står folkestyret svakare enn før. I dag er det ikkje folket, men prinsessa som fortel folkeeventyr, skriv Kjartan Fløgstad.
I Per Selles fortelling om makt og demokrati kjem det til syne eit samfunn der dei politiske skilnadene blir mindre i takt med at dei sosiale blir større. Der dei folkevalde alt mindre får blanda seg inn i sitt eige arbeid. Der folkerørsler og motkulturar forduftar. Der dei frivillige organisasjonane ikkje lenger klarer å formidla mellom folk og makt. I ein marknadsfundamentalistisk stat knirkar bå0de det nasjonale klasseforliket og kulturforliket i samanføyingane. For å sleppa å bruka norsk, satsar Universitetet i Oslo på å bli lokalt læresete i Oslofjord-humanisme, på basic English. Sentrum prøver å bli provins, og klarer det med glans.
Reføydaliseringa av det offentlege livet får forvitnelege former. Medieyndlingar blir adla til krimdronningar og rockekongar og kokkekongar. Avantgarden i vaktstova på Kunstnernes Hus erstattar H. M. Kongens Garde som monarkisk livvakt. Det litterær-industrielle komplekset blir viktigare enn det militær-industrielle.
I det språkstyrte samfunnet lever vi ikkje lenger på geografiske stader i naturen, men på skriftstader, nettstader og spalteplassar. Sosialt blir det viktigare å komma langt fram på scenekanten enn langt ut på Vestkanten. Lykkehjulet avløyser tannhjulet som viktigaste drivkraft i økonomien. Avindustrialiseringa gjer Oslo til ein einsidig ideologi-stad djupt inne i ein fjordbotn på Austlandet. Frå våre skriftstader og spalteplassar ser tropiske samleband og kinesiske sweatshops ut som om dei ligg ein stad i gamle dagar og ikkje i den fattige verda som rikdommen vår i dag kviler på.
Mykje av dette og meir til kjem godt fram i Per Selles foredrag. Når tilhøvet mellom folk og stat blir sendt direkte som reality-teve, står folkestyret svakare enn før. I dag er det ikkje folket, men prinsessa som fortel folkeeventyr.
Då Edvard Grieg, Ole Bull og Jørgen Moe drog ut i det skjulte Norge, møtte dei Myllarguten, Maren Ramskeid, Ivar Aasen og Anne Lillegaard. Når kultureliten vågar seg ut på det botnlause folkedjupet i dag, ser dei ufikse boblejakkar, ukorrekt hårvekst i andletet, Mørkets øy, og 1734 Høtten. Om ikkje som pøbel, blir folket oppfatta som ein dinosaur som døydde ut ein gong like før årtusenskiftet, med berre fossile restar igjen etter seg. Særleg utdøydd er som kjent arbeidarklassen, som har gått i samla flokk til dei evige jaktmarknader (heiter det vel i dag), men som samma så stemmer hardnakka pån Carl (I. Hagen) frå ein sosial posisjon seks fot under jorda. Når vi døde vaagner kvart valår, får ordet stemme-urne ein illevarslande dobbel klang, som burde interessera andre enn berre valforskarar.
Men sjølv om folkerørslene forvitrar, dukkar nye opp. I skjeringspunktet mellom massemedium, pengar og lystene til folk flest utgjer til dømes supporterklubbane i fotball sterke og livskraftige samanslutningar rundt draumen om å vera med, om å høyra til, om å vera frå. Dette er folkerørsler med munn og mæle, like lite studerte av samfunns- som av språkvitskapane. Dei spelar seg ut på eit tungt symbollada felt. Spørsmålet er sjølvsagt: Kor stor symbolsk bør kan idretten og fotballen og VIF-klanen bera, når ingen andre er igjen?
Svaret er alt, men ikkje nok. Mitt perspektiv er likevel lysare enn Per Selles. Om få år vil spørsmålet vera: Kven var finansminister under Saabye Christensen? Statsminister under Kjærstad? Og kven var kommunalminister under Georg Johannesen? Der verken politikken eller samfunnsvitskapane har eit språk som strekk til, har den nye skjønnlitteraturen vist overraskande og imponerande evne til å spegla samfunnsendringar. Mitt råd til slutt er derfor: Les Levi Henriksen, les Lars Ramslie, les Kyrre Andreassen og Olaug Nilssen, og høyr gjerne på plater med Jokke og Elias Akselsen. Dinosauren folket rører på seg, og har kropp og stemme den dag i dag, som kan sjåast og høyrast utanfor språket til maktutredarane som nå er ferdige med arbeidet, og maktinnredararane som nå skal gå i gang med sitt.
Kjartan Fløgstad
Teksten vart framførd på avslutninga til Makt- og demokratiutreiinga tidlegare i haust.
Per Selle var med i forskargruppa til utgreiinga.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|